Interessant dag på kongsgarden Steig

by | 23. jun 2021 | Informasjon | 0 comments

Trass surt vér var det rundt 200 som møtte opp på Steig sist sundag. For omvising, kaffi, god kringle og flotte foredrag sørga for at vi heldt varmen likevel. Det var lokalhistorikarane Nils Christian Steig, Pål Kjorstad, Rasmus Stauri, Geir Paulsrud og Kari Clausen frå Norges Vel som stod for historieformidlinga. Verten sjølv, August Johan Evensen, batt det heile i hop på ein fin måte. Du kan sjølvsagt lese meir om denne historiske og eldgamle garden fleire plassar, t.d. på denne nettsida og på steig.com. Høyr foredraga her:

Foredraget til Kari Clausen frå Norges Vel, er dessverre ikkje med. Lydkvaliteten er noko dårleg, men viss ein koplar på ein ekstra høgtalar vil det bli brukbart. Professor Gro Steinsland skulle også ha vore til stades med eit foredrag, men var forhindra frå å kome.

Nils Christian Steig har akkurat skrive bok om Steig som vart sleppt under arrangementet. I tillegg heldt han to flotte foredrag om makktsentera Hundorp-Steig. Dette var på vegner av Fron historielag.

Geir Paulsrud, seniorrådgivar i Statens vegvesen og historikar, Geir Paulsrud, heldt fram med eit interessant foredrag om «Tjodvegen» og Kongevegen gjennom Fron.

Lokalhistorikar Rasmus Stauri fortalde om Steig i den Gudbrandsdalske folketradisjonen på ein interssant og god måte.

Pål Kjorstad tok for seg maktsenteret Ryssland i eldre tid på vegner av Fron historielag. Fin kombinasjon av humor og god historieformidling.

Kari Clausen frå Norges Vel fortalde om modernisering av landbruket frå 1800-talet. Vi har dessverre ikkje lydopptak av dette.

Tekst og foto: Ole Chr. Risdal

0 Comments

Submit a Comment