Rundt 25 personar møtte fram på årsmøtet til Fron historielag sist torsdag. Det burde vore fleire med tanke på det flotte foredraget til Hans Olav Haugen. Han skildra svært levande korleis Ingebjørg Sletten Fosstvedt klarte å bringe 15 engelske soldatar i sikkerheit. Haugen har lagt ned eit kolossalt arbeid i å kartleggje denne historia, og formidlar ho på ein framifrå måte. Utruleg viktig og verdfullt arbeid! Når det gjeld reine årsmøtesaker, så vil vi underrette om valet og endring i styret. Gunnar Lien valde å gå ut no etter fleire periodar. Han er ein svært kunnskapsrik person som vi har hatt stor glede av å ha med i styret. Vi takkar han for flott innsats! Åmund Bækken Blakar frå Vinstra kjem inn som ny styremedlem. Med sine 28 år er han nok den yngste som nokon gong er vald inn i styret i Fron historielag. Kjempeviktig og artig å få med den yngre garde i styret! Åmund har mastergrad i historie og underviser ved Vinstra vidaregåande skule. Vi ynskjer han hjarteleg velkomen!
0 Comments