OLE CHR. RISDAL: Etter andre verdskrigen var trekkspelet eit dominerande instrument i dansemusikken i bygdene våre, og fela vart kanskje ikkje halden så høgt. Ein gong Torger Iverstugun gjekk gjennom Vinstra sentrum med fela under armen, var det nokre ungdomar som gjorde narr fordi han hadde fele. Da var Torger ikkje sein om å stoppe kjeften på slynglane: «Døkk e så domme døkk at ha domhæta vore «n sjukdom, som ha ti live tå folk, så ha døkk voré daue for leinjé sea». Spelemannen og komponisten Torger Iverstugun sette spor i den gudbrandsdalske folkemusikken. I 2008 vart det avduka ein bauta av han i Skåbu. På videoen ser du avdukinga. Her kan du høyre han sjølv spele. Denne artikkelen med mange gode historier fortel litt om kven han var og stod for.
Fela vart av mange rekna for Fandens instrument, og var såleis bannlyst i kyrkja. Da Torger skulle konfirmerast, frykta han for presten Heggenhougen i Nord-Fron, som gjekk for å vera særs streng. Torger var redd for at presten hadde høyrt om dansespelinga hans. Men Heggenhougen spelte fele sjølv, og dette vart redninga.
Torger Iverstugun vart fødd på småbruket Iverstugu i Skåbubaklia 1. juli 1880. Alt i barndomsåra synte han musikalske anlegg, og gutungen fekk tidleg interesse for folkemusikken. Det er sagt at han ikkje var meir enn 10 år fyrste gongen han spelte til dans. Da var han så liten at han måtte sitja på ein krakk oppi ei seng. Seinare vart det mykje dansespeling.
Som mange sambygdingar reiste også Torger Iverstugun til Amerika ved hundreårsskiftet. Han reiste i 1903, og kom att til heimbygda i 1907. I Amerika starta han ein trio og reiste rundt på turné. Han gjekk også i harmonilære mens han var i USA. Særleg wienermusikken fengde han på den tida.
Ettertrakta dansespelmann
Etter at han var heimkomen, gjekk det ikkje lenge før han vart ein ettertrakta dansespelmann i Gudbrandsdalen. Han gjekk også i lære hjå Hans Myhre (1851-1911) i Ringebu. Han lærde seg notar, og dette var eit vilkår for å få tak i den levdande tradisjonsmusikken i dølabygdene. Han kom til å tråle heile dalen etter musikk, ikkje minst i Nord-Gudbrandsdalen. Torger Iverstugun vart med åra svært fascinert av dei kjende spelmennene på Hedmarken, særleg Lars Hollo (1826-1902), Anders Sørensen (1821-1896) og Oluf Melvold (1843-1897). Denne inspirasjonen gjorde at fleire av komposisjonane i modne år har drag som liknar mykje på denne musikkstilen. Men han var altså ikkje berre spelmann, han hadde også anlegg til å lage musikk. Inspirert av natur og folk, komponerte han i alt 150 melodiar. «Vinsterfossen», «Helsing frå Skåbu» og «Skåburosa» er kjende titlar frå repertoaret til Iverstugun.
«Vinsterfossen» blir til
Når det gjeld «Vinsterfossen», fortalde Torger om ein søndagstur til Vinsterfossen midtsommars saman med broren, Amund. Han skildrar i denne komposisjonen korleis han opplevde turen – om susen frå fossen i vinddraga som vart sterkare ettersom dei nærma seg fossefallet. Møtet med sjølve fossen kjem tydeleg fram i musikken. Slutten på komposisjonen skildrar elva som roar seg, og til slutt renn ut i Olstappen. Da dei var kome eit lite stykke på heimvegen, tykte Torger at han ville ha ei stund for seg sjølv. Han slo ei skrøne i bror sin at han hadde gløymt att tollekniven sin der dei kvilte ved fossen. Nei, han måtte attende for å hente kniven. Som vanleg hadde han med seg papir og blyant, og fekk han notert ned det viktigaste i komposisjonen. Han let seg inspirere av alt slags vêr, og til alle årstider.
Musikkarven vil eg tru han fyrst og fremst hadde frå mor si, Embjørg Stigen, som var uvanleg musikalsk. I ungdomen var ho tenestejente hjå dei kjende Slåstugu-spelmennene, faren Ommund (1816-1893) (døypt Amund) og sonen Jehans (1839 – ) (døypt Johannes). Båe to drog til Amerika, og kom ikkje att derifrå.
Mora hugsa mange melodiar som Slåstugu-karane spelte. Seinare tralla ho desse for Torger, og han skreiv dei ned. Likeeins hugsa ho fleire melodiar etter den kjende spelemannen Ola O. Rusten (1812- 1886 ), kalla «Gammelsetrin», som vart bygdanamnet hans etter at han kjøpte Kampeseter. Torger skreiv ned alt han kom over, og han har mor si å takke for dette verdfulle stoffet.
Komposisjonar som krev sin utøvar
Musikken hans er krevjande teknisk, rytmisk og med utfordrande tonegangar for ein vanleg bygdespelemann, og fleire av komposisjonane er skrivne i mindre brukte toneartar. Iverstugun vart rekna som ein god felespelar. Særleg polkaene hans vart lagt merke til. Ola Rønningen (1899-1997) i Ringebu uttala at det var det friske spelet og den leikande bogeføringa som var særmerket hans Torger. Han turnerte i Gudbrandsdalen, og var å høyre i radioen, ein gong saman med NRKs faste pianist, Sigvart Fotland. Dei framførte fire melodiar; «Skåburosa», «Gufs frå fjellom», «De små søstre», og «Vinsterfossen», arrangert av ingen ringare enn leiaren for Divisjonsmusikken, Johannes Hansen. Dette var forseggjorte arrangement, men desse fire melodiane vart dessverre framførte berre denne eine gongen. Men Skåbu spelmannslag har dei siste åra arbeidd for å få desse komposisjonane fram i lyset att i samarbeid med pianisten Leif B. Bjørnstad.
Komposisjonane hans er tydeleg inspirerte av den såkalla «Storgardsmusikken» på 1800-talet , der fiolinteknikk og klassisk skolering er ein fordel for framføringa. Men samstundes har komposisjonane hans eit særpreg, som berre er hans.
Særskilt spelestil
Kollegaen og venen hans, Ola Rønningen i Fåvang, skildra han slik ein gong han besøkte Torger i Iverstugun: «Eg la fela ifrå meg fela og bad «n Torger spele springarar og hallingar, så ville eg lye på. Ja, det bar laust. «N Torger sveiv att og fram på golvet i halvskumringa, aksla seg, trødde takta, snart med ein fot, snart med hin. Men det rare var at andletsdraga forandra seg etter som «n fekk makt over fela, eller var det kanskje spelet som fekk makt over han. Eg og alt det som i huset var, var ikkje lenger til for han. Han sveiv inn i ei draumeverd, der det er så rikt og stort og fagert, der er det berre eldhug, berre kjensleliv, det kan truleg ikkje tolkast, men røynast. Eg var så teken av spelet at eg brydde meg ikkje om korleis han Torger såg ut. Men reint utan at eg visste det, gjorde eg det lell. Eg skvatt liksom opp og tenkte; Er dette verkeleg «n Torger. For maska på «om rukka seg og reiv seg slik at eg reint ut lyt segja han var skremeleg.» Like etter kom kjerringa hans Torger att, ho Marit. Ho stelte i stand kveldsbordet, og medan vi sat der begynte han Torger å fortelje om ein kunstmålar som eit par somrar hadde halde til i eine stova hans. Målaren hadde måla to bilete av han Torger. Det eine var han nøgd med. På det andre stod «n og spelte. «Men da é fekk sjå de, sa «n Torger, skvatt é å tænkte: E «n virkelé så stygg «n Gamel-Erik.» Med hjelp tå ho Marit fekk eg «n Torger i trua på at dette laut nok vere «n Torger sjøl. For både ho Marit og eg hadde lite tru på at «Svarten» kunne vere noko større fælare, vel å merke når «n i skumringstida var trollteken av spelinga. Da skratta «n Torger.»
Iverstugu-rispo
Sjølv i dag, nesten 35 år etter at han gjekk bort, blir det fortalt ei mengd historier om Torger Iverstugun, ikkje berre i Skåbu, men også vidare utover. Kom han på besøk til folk, og det gjorde han gjerne, var det ikkje uvanleg at han gav seg til. Det er sagt han var på Skjelkvåle i Skjåk i heile sju veker. Jau, det var så vist ein samansett, og ikkje minst slagferdig kar.
Ein dag tok Torger bussen frå Skåbu og gjekk av ved samvirkelaget i Svatsum. Han gjekk inn med fela under armen, og der satt det ein som han ofte reiv kjeft med. Denne kroppen var gift med ei lærarinne, og hadde såleis gode dagar. «Nå e de leinjé si é ha sétt dé Torger. É trudd é skull ha sétt du ha voré dau é nå, så é kunn arva féla di,» sa mannen. «É ha venta på é skull sétt du ha voré dau, så é kunn arva jobben din», svara Iverstuguin.
Torger var så redd for mangt, særleg torvêr, hundar, ja attpåtil kattar. Det er fortalt at han ein gong bad om å få låne ei vekt frå ein nabogard på andre sida av elva Vinstra. Han skulle vega heimeslakta dyr den gongen. Det fall seg slik at kjerringa skulle på butikken, og dei avtala at ho kunne setja frå seg vekta ved brua. Men Torger kom ned samtidig som kjerringa nærma seg brua. Da fekk han sjå at ho hadde med seg ein liten buhund. Da ropte Torger: «Lægg frå dé vekta der du står og gå vidre.»
Torger var mørkredd, og broren Amund var redd vinden. Ein gong var Torger på besøk hos Amund og det vart mørkt. Amund spurde om han skulle følgje han heim. «De bles itte», sa han Torger. Det er sagt at han vart beden av broren Amund å hjelpe til med å slå ihel ein spekalv ein dag. Torger skulle halde kalven og Amund slå. Torgen vart redd da han såg bror sin med øksa og sa: «Du slæ itte mé, vetté»? «Nei, de e så vidt e ser forskjell på døkk», sa Amund.
Ingeborg Fevolden på Sør-Fron, som var eitt av syskenbarna hans, hadde høyrt at Torger hadde ei vedtakke som ikkje var i bruk. Torger var på besøk der rett som det var, og ein gong sa ho: «É ha hørd at du har é takke som du itte bruke, og ho kæinn du jæinne gjé mé.» «Nei, é lyt hå 15 krono for ho,» svara Torger. «Du fe itte mé dé skillingein du hæill», heldt Ingeborg fram. «Du fe itte me dé takka du hæill,» sa Torger.
Kontorsjefen på Gausdal Bilselskap var kjent for å vera distré. Torger hadde bestilt poteter som GB skulle setja av der han budde. Dette hadde kontorsjefen gløymt å gje beskjed om da dei kom med sekken, slik at den vart liggjande på rampa over natta. Alt fraus. Dagen etter gjekk Torger innom Paul Brenden og klaga over dette. Paul rådde han til å skandere sjefen for dette. «De e itte brye verdt å skandere folk som itte væt tå sé», sa Torger.
Torger spelte mykje i bryllup, og ein gong var han på Vik i Kvam. Mens han stod og spelte, kom det ein katt og begynte å gni på leggane hans Torger. Da stoppa han spelinga og og ropte: «Kast ut katt’n!»
Dansespeling på Vinstra
Ein annan gong skulle Torger, broren Amund og Paul Brenden spela til dans på det gamle kommunehuset på Vinstra. Den gongen måtte ein ta beina fatt, og dei starta såleis dagen før. Han Torger visste om ein hund i Nistugun Skåbu. Torger insisterte på at dei måtte ha med seg kvar sin stav og plukke med seg stein. Heldigvis var denne hunden inne akkurat da, og dei kom velberga forbi Skåbugardane. Men da dei kom til Massengjordet, kom det diltande ein liten buhund. Akkurat da hunden skulle passere Torger, slo han etter bikkja med felekassa. Han bomma og trefte i staden celloen til Amund. Celloen tåla ikkje behandlinga, og dei måtte innom ein handverkar på Vinstra for å få han reparert. Det var ein mann på Skoe-kaféen som tok seg av dette. Omsider kom dei seg til festlokalet og begynte å spele. Men utpå natta fekk han Torger magesjau, og forlangte ein skikkeleg «hestekur». Ein mann vart sendt bortpå doktorkontoret og kom attende med 96% brennevin. Men dette var truleg ikkje sterk nok lut, for Torger måtte stadig på do. Samstundes vart det spetakkel i salen, og Torger vart så redd at han måtte ha følgje på do.
Ein gong var Torger hos naboen Berger Megrund for å få klipt håret. Da Berger var ferdig, skaffa han Torger ein spegel og lurde på kva han tykte: «Ha é voré like utskjemt inni hugué som é e utapå n å, så væt itte é»!
Original invitasjon til heimbrenning
Ein gong hadde Torger og ein annan spelmann, Paul Brenden i Skåbu, kjøpt inn sukker og gjær for å setja sats. Denne skulle godgjera seg hos Torger i Iverstugun. Paul skulle få beskjed så snart satsen var klar til brenning. Da det hadde gått om lag tre veker, kom det to småjenter og leverte ein liten sammenbretta papirlapp til Paul, og på denne stod det skrive følgjande epistel:
Det skip som gjester til Kanan henter
for lettet anker på start nu venter
for reisen hen til det skjønne land
hvor druen vokser og modnes kan.
Maskinen banker, propellen bruser
og fløytedampen i luften suser
kjemiken gjærer på havets bunn
på kommandobroen står Tore Hund.
Kom Moses, Aron som emigranter
til Josva, Kaleb og andre fanter,
thi jødemuren nu står for fall;
i denne aften den stormes skal!
Med hilsen Torbjørn Falk. (Pseudonymet til Torger)
P.S. Tag din violin med!
Torger og Paul hadde visst hatt ei triveleg natt ved apparatet, med felespel og nokre få smaksprøver vart det nok også teke. Dei var ikkje ferdige med destilleringa før tidleg om morgonen. Før dei fekk rydda bort apparatet, oppdaga dei plutseleg at naboen til Torger, Per Randen, var på veg til Iverstugu. Dei ville sjølvsagt ikkje at Per skulle skjøne kva dei hadde drive med om natta, og Torger var snartenkt som vanleg. Han greip ei vassbytte, møtte Per i døra, og sa følgjande: «Visst du går burti brunn å hente vatn nå, så ska du få kaffé.» Mens Per var i brunnen, rakk Torger og Paul å rydde bort brennevinsapparatet og gøyme alle spor.
Politikk og dikting
Torger Iverstugun var også politisk engasjert, og sat fleire år i Herradsstyret i Nord-Fron. Her gjorde han ein stor innsats når det galdt veg for folket i Skåbubaklia. Ei lang tid hadde dei ikkje anna tilkomst enn ein løypestreng over Vinstraelva. Han kjempa derfor for å få bygt bru over elva, og lykkast til slutt med dette. I samband med denne saka hadde han ei feide med Glommen og Lågen Brukseigarforening. Torger hevda at det vart vanskelegare å forsere elva om vinteren etter at ho vart regulert, fordi elva da gjekk fullstor. Advokaten til motparten hevda da at det var berre om vinteren at dei var forplikta til å halde bru. Da fekk han svar av Torger: «Visst du greie å konstruere é bru som ska brukest berre om vinter’n, så e du go!»
Torger førde fleire saker for folk, og det var også han som stod i bresjen da bruka i Skåbubaklia gjekk til rettssak og fekk bruksrett i Fron almenning. Torger var også sentral da Skåbu arbeiderlag vart skipa i 1912. Han vart den fyrste formannen i laget.
Torger Iverstugun var også diktar, og han etterlet seg fleire dikt. Likevel vil nok dei fleste meine at han nådde langt høgare som komponist enn som lyrikar og skribent. Han var mykje oppteken av lyrikk, og Jakob Sande var nok den lyrikaren han sette høgast. Torger komponerte også melodiar til fleire av dikta til Sande, saman med dikta av Aasmund O. Vinje, Per Sivle, Tor Jonsson og Olav Aukrust.
Diktaren
«Tonen» av Torger Iverstugun. Dette diktet har han også laga melodi til.
Våre toner me fekk som ei gave
i arv frå vår far og mor
eit skaparverk frå edens have
som sidan har levd på vår jord.
Vår tonesans me fekk frå det høge
til song og alt vakkert og godt
til trøyst for det sorgfulle auga
og gleder vår sjel i stort og smått.
Me i følgje med tiden lyt fara
for livet som blir oss for stutt
kvifor fekk ikkje kjærleiken vara
til evigt og aldri bli slutt.
Og takk for kvar tone eg lærte
blant andre ei gåve frå Gud
som har levd og bur i mitt hjerte
og vera mitt fylgje livet ut.
Ei samling eigne dikt gav han ut under tittelen «Ekko frå fjellet», og denne samlinga er å få tak i dag.
Per Gynt-stemnet
Torger Iverstugun var også ein sentral person for Per Gynt-stemnet på Vinstra. Ved sida av å delta på stemnet og støtte stemnet i ord og tale, komponerte han ein Per Gynt-marsj som i nokre år vart framført under stemnedagane. Etter kvart vart Torger heidersgjest under stemnedagane, og han møtte såleis fleire kjende kjende namn. Ein gong trefte han Harald Sæverud på Per Gynt-garden Hågå. På vegen ut at frå garden, gjekk han bort til Sæverud og sa følgjande; «Oss e nå messom kollegae au, é og du!» Per Gynt-nemnda tok initiativet til å gje ut to notebøker med komposisjonar av Iverstugun. Det var trekkspelaren Oddvar Nygaard som fekk i oppdrag av nemnda å ta seg av dette. Per Gynt- kontoret har framleis att ein del av desse hefta, det eg veit.
Kulturarv og Kongens fortenestemedalje
Torger Iverstugun fekk under krigen stipend for å samle inn musikk. Alt i alt sørgde han for at over 350 leikar vart tekne vare på. Noko av denne kulturskatten er i dag å finne på Universitetsbiblioteket i Oslo, resten er på Folkemusikkarkivet på Hundorp. For dette verdfulle arbeidet vart han heidra med Kongens fortenestemedalje i 1964.
Alt i alt gjorde denne skåbyggingen ein uvurderleg innsats for folkemusikken i Gudbrandsdalen med dei originale komposisjonane og det omfattande nedskrivingsarbeidet sitt i fleire år. Slik sett sørgjer han for at komande generasjonar har ei rik kjelde å ause av, og ein arv å byggje vidare på.
Bauta og minnelund
Etter at Torger Iverstugun døydde i 1974, vart det sett fram eit forslag i Skåbu om å reise ein bauta over kunstnaren. Dette har drege ut i tid, men nå er det endeleg vorte ein realitet.
I 2006 fekk eg i oppdrag frå Skåbu Bygdautvalg å setja fortgang i arbeidet. Eg tok kontakt med Patrick Huse om å arbeide fram sjølve prosjektet, og ikkje minst søknaden om økonomisk stønad. Søknaden vart sendt fleire, men det var berre Nord-Fron kommune med
kr 112.000 og Sparebank 1 Gudbrandsdal med kr 5000 som gav økonomisk stønad til prosjektet. Dette er alle særs takksame for i dag. Det var også Huse som foreslo kven som skulle utføre kunstnararbeidet: skulptøren og bilethoggaren Merete Sejersted Bødtker. Ho har laga eit bronserelieff av Torger som er felt inn i bautasteinen. Ho har blant anna laga monumentet over lyrikaren Halldis Moren Vesaas og portrett av skodespelaren Henki Kolstad.
Det var ikkje så lett å finne ein høveleg plass til bautaen. Etter kvart var vi fleire som vart samde om at ein plass ved sida av kyrkjegarden ville passe godt. Vi tok kontakt med eigarane av gardsbruket Kyrkjebø, Turid Braathen og Randi Solstad, og dei var særs imøtekomande og ville overdra eit stykke grunn, heilt vederlagsfritt! Alle gler seg over dette. Ein stor takk går også til Ola Alme på Sør-Fron som sponsa oss med bautasteinen, ein nydeleg skiferstein frå Alme-brotet. Dugnadsånda i Skåbu har sørgd for utarbeidinga av tomta og tilstellinga av minnelunden, med bl.a. ein fin steinmur og likeeins ei steintrapp opp frå vegen. Herifrå er det stutt veg til grava hans. Når Fronsbygdin 2008 kjem ut, har avdukinga for lengst gått føre seg, og alle kan sjå korleis resultatet vart.
Kjelder
Ola Rønningen: Omtale av Torger i «Dale-Gudbrand» 2. juli 1940 i samband med 60-årsdagen hans.
Samtalar med Merete Sejersted Bødtker, Ola Eggen og Arne Risdal.
Publisert her første gong april 2013
Reblogged this on Fron historielag.