Jenteidrett i Sør-Fron

by | 19. apr 2013 | Idrett | 0 comments

Fagerhøiløpet 2010

TORMOD TOFTE: Jenteidretten har som oftast kome i skuggen, men i vår tid er det full likestilling. Korleis har denne utviklinga vore i det lokale idrettsmiljøet? I Sør-Fron har det vore drive organisert idrettsaktivitet sidan 1893, da Søndre Fron Skilag vart stifta. Dette skilaget vart danna etter initiativ frå ingeniør Ernst Bjerknes, som heldt til på Solbraa i tre vintrar i samband med utbygginga av jernbanen frå Hamar til Otta. Saman med andre innflyttarar, sakførar Haakon Kinck og student Henrik Beer[1], starta Bjerknes med å arrangere skirenn i bygda. Det fyrste rennet vart arrangert vinteren 1894, og i ein artikkel med tittelen ”Skiløping i Gudbrandsdalen i 1890-årene”  –  publisert i bokverket Norske skiløpere  fortel Bjerknes:

 Vi slo opp plakater hos landhandlerne om at det skulle holdes skirenn i Kjorstadbakkene både for voksne, gutter og piker. Til det voksne renn meldte seg 10 – 12 av jernbanens ingeniører og funksjonærer, men ikke en eneste bondegutt fra Fron. Til gutte- og pikerennet meldte det seg en hel del, men også her var innflytterne i majoritet.(…) I gutterennet var bondeguttene godt representert og gikk av med premiene, men blant pikene var det nok fogdens og sorenskriverens døtre som kappedes om førstepremien.

I denne fyrste idrettskonkurransen i Sør-Fron deltok altså også jenter. Dei to som er nemnt i sitatet over, må vera Agnes Hoff og Johanne Beer. På Sygard Kjorstad budde i 1890-åra fogden Harald Nikolai Hoff med familie. I den sjølvbiografiske boka Nord i dalom og sør i landet fortel dottera Agnes, født i 1883, om åra ho og familien budde i Gudbrandsdalen. I denne boka nemner også ho dette rennet i Kjorstadbakkene, som ho meiner må ha vore det fyrste rennet i heile landet der jenter deltok. Den andre premievinnaren blant jentene, Johanne Beer, var syster til tidlegare omtalte Henrik Beer.

Smaapigerne paa ski.

I Historien om Norge, bind IV, peiker Karsten Alnæs på at jenter og kvinner på 1890-talet begynte å ta del i sportslege aktivitetar som tidlegare berre hadde vore for menn. Alnæs siterer frå bladet Husmoderen, 1891: ”Smaapigerne paa ski. Et av de smukkeste, et av de nyttigste utslag av den nutidstanke, at kvinden  skal have ret til at nyde de samme sociale rettigheder, som hidtil har været mandens, er pigernes deltagelse i skiidræten.”. Sør-frøningane var, som vi har sett, tidleg ute, men bygdefolket såg nok på skirenn som noko unyttig tull, iallfall for vaksne. Kaptein H. Angell frå Centralforeningen for Udbredelse af Idræt var observatør på eit skirenn i Sør-Fron den 17. februar 1895, og han heldt eit foredrag om skiidrett for 200 gudbrandsdølar den 22. februar. I ein rapport han skreiv da han kom attende til Kristiania seier han mellom anna:

Det blev også af et skilags formand ytret, at skiidretten blev anseet som smaagutteleg og ikke passende for voksne folk. De, der drev den, var smaagutter, smaajenter og den nys konfirmerede ungdom.

1900 – 1940

 Det skulle gå mange tiår før den organiserte jenteidretten nådde noko omfang å snakke om i Sør-Fron. Dei fyrste kvinnene i landet som begynte å gå på ski, sykle, gå på tur, ri, spele tennis, etc. hørte stort sett til dei øvre sosiale lag i byane. På landsbygda deltok kvinnene i åra etter 1900 i heilt andre organisasjonar enn idrettslag. Ragnar Øvrelid viser i Historia om Fron korleis det oppstod bondekvinnelag, arbeidarkvinnelag, fråhaldslag og sanitetsforeiningar i fronsbygdene på denne tida. Innanfor idretten hadde ein i Sør-Fron mange lag: Søndre Fron Skilag heldt fram aktiviteten sin, i 1920-åra vart også Harpefoss IL og ”Livatt” stifta  –  det siste rekrutterte medlemer stort sett frå Lia og Hundorp-området. I 1930-åra vart det også stifta arbeidaridrettslag rundt omkring i landet, og lokalt fekk vi Sør-Fron AIL, Harpefoss AIL og Frya AIL. Alle desse idrettslaga var heilt og halde mannsdominerte. Det var skirenn, friidrettsstemne og fotballkampar for gutar og menn. Jentene og kvinnene var bokstaveleg talt ikkje på bana.

 1940- og 1950-talet

29. september 1940 vart nåverande Sør-Fron IL født, gjennom ei samanslåing av Sør-Fron Skilag, ”Livatt” og Sør-Fron AIL. Etter freden i 1945 vart det organiserte idrettsarbeidet teke opp att, og nå kom også jentene gradvis meir med. I tillegg til Sør-Fron IL eksisterte også Harpefoss IL dei fyrste åra etter krigen, før dette laget vart lagt ned og avløyst av ”Harpefoss Idrettsgruppe” med base på Klokkarstranda. Harpefoss IL vart stifta på nytt i 1977, og sidan da har dei to idrettslaga i kommunen gitt også jentene i Sør-Fron eit breitt og variert tilbod.

Handball var frå den tidlegaste fasen ein jenteidrett i Sør-Fron. I juni 1947 blir det søkt om opptak til Gudbrandsdal Håndballkrets, som vart stifta same våren. I søknadsskjemaet blir medlemstalet oppgitt til 15 kvinner over 17 år og 10 kvinner under 17 år. Som oppmann er Gunhild Listad ført opp. På ”Idrettens dag” den 8. juni var ein av programpostane handballkamp mellom Sør-Fron IL og Lillehammer Dameturn. I denne aller fyrste handballkampen i bygda vann lillehamringane 2 – 0. Dei fyrste treningane vart halde på Konglundslykkja i Lia, og seinare vart det trening og kampar  i Skolmhaugen. Laget hadde ingen trenar, men Hans Forr var kretsdommar og møtte opp for å gi jentene gode råd. Laget deltok i seriespel i 1948 og 1949 saman med Vinstra, Ringebu, Tretten, Øyer, Fåberg og Rudsbygd, men vart sist på tabellen begge åra. Reisene til bortekampane skjedde ved hjelp av lastebil med trebenkar på planet. Martha Sundgården blir hugsa som ein god keeper, og ho vart også teke ut til kretslaget.

I 1955 kom lærarekteparet Ellen og Arne Larsen til bygda, og dei skulle få mye å bety for handballinteressa. Ellen hadde vore noregsmeister med Trøgstad i 1952, og frå 1957 deltok Sør-Fron IL i seriespel med Ellen på laget og mannen Arne som lagleiar. Ellen, saman med  Astrid Foyn Gulliksen, spelte også på Gudbrandsdalens kretslag.

Innafor skiidretten er det fyrst når ein kjem til 1950-åra at kvinnelangrenn kjem på programmet. Gudbrandsdal Skikrets var fyrst i landet til å arrangere langrenn for kvinner, og det skjedde i 1951. Trass i dette var ikkje deltaking av jenter/kvinner vanleg i kretsrenn i dette tiåret. Frå gamalt av var stilen og det estetiske vektlagt i idretten, og truleg hekk det framleis att førestillingar om at kvinner i langrennsporet ikkje var noko vakkert syn… . Det var noko anna med alpint, men dette tilbodet fanst ikkje i Sør-Fron. Kvinnedeltakinga i lokale langrenn gjekk enn så lenge stort sett ut på å servere havresuppe til mennene etter innkomst. Nokre av jentungane i bygda var med i dei årvisse skuleskirenna, og Randi Wassrud (nå Haug), Grethe Rudihagen (nå Olsen) og Ragnhild Teigen var til og med så tøffe at dei sette utfor i hoppbakkane.

I 1954 vart det danna ei gruppe for skøyter i Sør-Fron IL, og aktiviteten kom straks i gang i Skolmhaugen med Olav Langseth som primus motor. På resultatlistene frå eit løp søndag 18. mars 1956 finn ein att Randi og Grethe (nemnt over) som dei to einaste jentene, og dei stilte i klasse 10 – 12 år. Distansen var 300 meter, og Grethe vann paret med tida 45,0 mens Randi var uheldig å falle og fekk 58,0. Dei fortel at dei brukte reimskøyter, og at dei deltok i mange løp i Skolmhaugen. Skøytebana hadde til og med flomlys og ei oppvarma bu å skifte i, kan dei hugse. Grethe nemner også at ein gong var storløparen Finn Hodt[2] på besøk og trena dei.

1960- og 1970-talet

I løpet av desse to tiåra deltok jenter frå Sør-Fron aktivt innanfor ei heil rekkje idrettar: ski, friidrett, handball, fotball, symjing, orientering. Tidleg i 1960-åra var det likevel svært få jenter som var medlemer av idrettslaga. Ei liste over dei 56 medlemene i Sør-Fron IL i 1963 viser ei kjønnsfordeling på 51 – 5. Dette tiåret betydde gjennombrotet for den organiserte barneidretten, noko som resulterte både i fleire medlemer og ei jamnare kjønnsfordeling i idrettslaga. I Sør-Fron IL skaut medlemstalet i vêret frå 52 i 1968 til 233 i 1969, og dette har si forklaring i opninga av lysløypa ved Midtbygda skule 18. januar 1969. Lysløyperenna onsdagskveldane vart svært populære, og det deltok ikkje sjeldan over 100 barn, ungdommar og vaksne ein vanleg kveld.

Nokre få jenter konkurrerte på ski også utanfor Sør-Fron. Aud Bakke (nå Moheim) vann KM i langrenn som 15-åring i 1968. På 1970-talet stod mellom anna Randi Myren frå Harpefoss fram som eit stort idrettstalent som deltok både i langrenn og friidrett.

Den store idretten blant jentene i denne perioden var handballen. Ellen Larsen var midtpunktet for alle desse handballjentene. Seinare kom også dansken Poul Erik Jensen til Sør-Fron og vart med ein gong ein viktig støttespelar for handballen i bygda. Frå 1966 deltok Sør-Fron IL i seriespelet, fyrst med lag for minipiker, småpiker og piker. Baneforholda på Flatmoen var til å begynne med så som så. I årsmeldinga for 1968 står det at ”…vi fikk aller nådigst låne et hjørne av fotballbanen.” Ofte kom storkjefta fotballgutar stormande, og med orda ”Fløtt døkk  –  nå ska’ oss trene!” vart jentene jaga vekk. Jentene skifta i dei gamle stallane som framleis da stod plassert i sørenden av Flatmoen. Innetreninga gjekk føre seg på 12 x 8 meter (!) i den daverande gymsalen ved Midtbygda skule. Utstyret var også av det enkle slaget. Jentene på minipikelaget i 1968 sydde sine eigne drakter i handarbeidstimen på skulen. I 1972 kunne handballjentene ta i bruk to nye, flotte asfalterte baner på Flatmoen, noko som var eit stort framsteg.

Sør-Fron IL dominerte etter kvart seriespelet i Gudbrandsdalen og vart grossist i KM-titlar frå minipiker til senior. I alt har Sør-Fron ILs  jentelag vunne 18 KM i utandørsserien (Gudbrandsdal Håndballkrets) og to KM i innandørsserien (Oppland Håndballkrets). I 1970 gjekk også småpikelaget heilt til topps i den store Fåbergturneringa.

Fotball for kvinner har inga lang historie i Noreg. I 1972 kom denne tilføyinga i kampreglementet til Norges Fotballforbund: ”Piker kan delta i smågutte- og lilleputtkamper”.

Den fyrste landskampen for kvinner vart ikkje spelt før i 1978, same året vart den fyrste cupmeisteren kåra. Gudbrandsdal Fotballkrets sette i gang serie for kvinner i 1977, og Sør-Fron IL klarte å vinne KM (rett nok uoffisielt) dette fyrste året. I ein serie med Kvam, Dovre, Faukstad og Fåvang vann sør-frøningane seks kampar, spelte to uavgjort og fekk ingen tap. Målscore: 24 – 5. Eit kvarter ut i den fyrste seriekampen mot Fåvang 11. mai vart Liv Renshus historisk da ho scora det aller fyrste målet i kvinnefotball i Gudbrandsdalen. Kampen endte 1 – 1, og ei av lillehammeravisene skreiv om kampen dagen etter:

Joda, jentene forsvarte sin egen fotballserie (…) Det var en av disse herlige vårkveldene i mai. Solen stod lavt i horisonten, og kastet sine siste varme stråler ned på de 22 damene på Fåvang stadion. De var de første ”Quindene”i Gudbrandsdalen som spilte organisert fotball. Datoen for denne historiske begivenheten var den 11. mai 1977. Dermed er også det ”svake” kjønn kommet med i kampen om den runde ”kulen”. Ganske visst heter det ”forsøksserie”, men vi er overbevist om at den organiserte fotball for kvinner har holdt sitt inntog.

 Etter hvilke kriterier skal en damekamp bedømmes? Ikke vet vi, men at det er underholdning for alle pengene, er sikkert. Her skubbes og dyttes så det er en fryd for øyet. Lange slanke pikeben bommer på de enkleste baller, og det hele foregår under høye kvinnehvin og latter. Jo da, dette var morsomt å se på.

 Friidretten i Sør-Fron stod sterkt i desse to tiåra, men ikkje så mange jenter deltok. Nemnast må Margot Haave, som frå ho var 13 år i 1966 skaffa seg dusinvis med KM-titlar. Midt på 1970-talet vart Randi Myren av Gudbrandsdal Friidrettskrets teke ut i ei talentgruppe for mellomdistanse. Også innanfor denne idretten fann ein både skjult og uttrykt skepsis til kvinnedeltaking, iallfall inntil Grete Waitz begynte å markere seg midt på 1970-talet. Kvinnene slapp for eksempel ikkje til i Holmenkollstafetten før i 1975, etter ein langvarig strid mellom forkjemparar for kvinneidrett og arrangørane Tjalve/Aftenposten. Mannsklubben Tjalve argumenterte mellom anna med at etappane var for lange for kvinner, og at det ikkje fanst ledige garderobar for kvinner på Bislett. Aftenposten skreiv i 1973: ”Hvis kvinner får delta, risikerer man at et arrangement som nu glir godt og seiler i medvind, skal bli redusert eller ødelagt.”

På 1970-talet fanst det også tilbod innanfor symjing og orientering. Sør-Fron IL fekk ei eiga symjegruppe i 1973, og både Harpefoss IL og Sør-Fron IL hadde grupper for orientering. Fleire jenter og kvinner deltok i desse idrettane, men ikkje så mange aktivt i konkurransar.

 Frå 1980 til i dag

Fagerhøi-løpet 2010

I løpet av dei siste 25 åra har det etter kvart vorte om lag like mange jenter som gutar som driv aktiv idrett i  Sør-Fron. I dei klassiske vinteridrettane ski og skøyter har også fleire utøvarar klart å hevde seg blant dei beste i landet.

Spesielt innanfor fotballen har talet på jenter auka sterkt. Dette er ein nasjonal trend, for med over 100 000 aktive har fotball i dag vorte den suverent største jenteidretten i Noreg. Sør-Fron IL stilte for fyrste gong med eit aldersbestemt jentelag i 1983. Etter kvart har fleire lag kome til, og det finst i dag reine jenteseriar frå mini-lag (6-10 år) og oppover. Sesongen 2004 hadde Sør-Fron IL med seks jentelag i seriespelet, med totalt 76 aktive spelarar. Også Harpefoss IL har tilbod til dei yngste jentene, men da på blanda lag med gutar.

Fleire av jentelaga i Sør-Fron har gjort det bra i ulike samanhengar. I 1993 vann Sør-Fron ILs småjentelag KM for Indre Østland Fotballkrets i 7’ar-serien. Året etter gjekk det same laget, da i klasse ”jenter”, heilt til topps i Hessa Cup i Ålesund. I 1998 klarte to småjentelag frå Sør-Fron IL både 1. og 3. plass i Hessa Cup, og i 2003 vann igjen småjentelaget denne turneringa. Likevel er nok utan tvil det viktigaste ved jentefotballen i Sør-Fron den store aktiviteten som er skapt blant mange ungar som kanskje elles ville ha vore fysisk inaktive.

Når det gjeld handballen, så dalte aktiviteten utover på 1980-talet. Nå vart alt flytta innandørs, og Otta, Vinstra og Ringebu fekk idrettshallar. Sør-Fron IL fekk store utgifter til halleige og lange reiser til bortekampane. Etter eit opphald på nokre år vart det i 1994/95-sesongen igjen meldt på lag i seriespelet: J10, J16 og eit damelag i 6. divisjon. Heimekampane gjekk i Ringebuhallen. I 1998 stod Kulturhuset på Harpefoss ferdig, og sør-frøningane fekk på ny sin eigen heimebane. I perioden 1996 – 2004 var det ein del samarbeidsløysingar for å stille lag med klubbar frå nabokommunane Nord-Fron og Ringebu, mens det nå er den nystarta Fron Håndballklubb som tek seg av dei jentene som finn handballidretten tiltrekkande.

Mange sør-fronsjenter har i løpet av dei siste 25 åra konkurrert aktivt både i ski og friidrett.  På 1980-talet var nok Gry Korssletten den fremste representanten for desse i Sør-Fron IL, mens Harpefoss IL hadde søskena Randi, Hilde og Marit Myren, samt Ingvild Rønn og Anne Kristin Wadahl. Etter 1990 dukka det i Sør-Fron IL opp namn som Elise Haave, Elisabeth Solbakken, Wenche Heggestuen og Karen Hanne Raabe Hegge. I tillegg til ski og friidrett deltok desse sistnemnde jentene også på fotballaget, slik at ingen kunne skulde dei for ikkje å vera allsidige og godt trena. I 1994 vann Elisabeth Solbakken 14-årsklassa under Hovudlandsrennet på ski  –  så langt den einaste jenta i Sør-Fron som har gått heilt til topps i dette NM for yngre. Dei andre jentene har også mange sterke resultat å vise til med langrennsski på beina. På sommarføre presterte både Elisabeth Solbakken og Elise Haave å vinne klassene sine under Oslo Maraton. Sist vinter (2005) tok Ida Halsa Bakken bronsemedalje i 14-årsklassa under Hovedlandsrennet, og også ho har vore aktiv både i friidrett og fotball i tillegg til langrenn.

I ski- og friidrettsmiljøet finst det i tillegg til ungjentene mange aktive vaksne damer som liker å trene og halde seg i form. Blant anna deltek fleire i Birkebeinerrennet kvart år, etter at Gunn Halsa Bakken og Eldri Solbakken vart dei fyrste kvinnelege birkebeinarane frå Sør-Fron i 1988.

Liksom i langrenn har det også på skøyter vore mange jenter som har trena seriøst og hevda seg godt i  nasjonal samanheng. Fire sør-fronsjenter har gått heilt til topps i Landsmesterskapet (LM) : Mai-Lis Vangen (kl. 10 år 1986), Mona Gryttingslien (kl. 12 år 1986), Camilla Talleraas (kl. 13 år 1994, kl. 14 år 1995, kl. 15 år 1996) og Kathrine Tofte (kl. 14 år 2001). Dei tre sistnemnde har også medaljar i sølv og bronse frå LM. I tillegg har Hanne Forreløkken, Linda Moen og Linn Jeanette Lorentzen bronsemedaljar frå LM å vise til. Under junior-NM på Geithus i 1992 tok Sør-Fron IL bronse i stafett, med Monica Bjørkhaug, Therese Talleraas og Monica Wangen på laget. Mona Gryttingslien, Camilla Talleraas og Kathrine Tofte har alle representert Noreg i landskampar for jenter og gutar. Kathrine Tofte kan også sjå attende på ein 7. plass frå 1999 i det internasjonale løpet Viking Race i Nederland, i konkurranse med løparar frå ti forskjellige nasjonar.

Som i andre idrettar er fråfallet i skøytesporten stort etter konfirmasjonsalderen, og dette gjeld like mye for jentene som for gutane. I adelskalenderen til skøytegruppa i Sør-Fron IL finn ein ut at det er registrert totalt 58 jenter som har konkurrert aktivt i klasse 10 år frå slutten av 1970-åra fram til i dag, mens det i klasse 16 år er att berre 12 jenter. Dette fråfallet er ei stor utfordring for alle som driv idrettsarbeid blant ungdom.

Kjelder:

 Alnæs, Karsten: Historien om Norge / IV  En ny arbeidsdag (Gyldendal Norsk Forlag, 1999)

Birkeland, Agnes Hoff: Nord i dalom og sør i landet (1967)

Norges Fotballforbund: www.fotball.no

Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité: www.nif.idrett.no

Norske skiløpere / Østlandet Nord (Skiforlaget Erling Ranheim, 1955)

Sør-Fron IL/skøytegruppa: Statistikk etter sesongen 2003/2004

Tofte, Tormod: Historia om Sør-Fron Idrettslag 1893 – 1998 (Dølaringen Boklag, 1998)

Øvrelid, Ragnar: Historia om Fron, bind 1 (Fron Historielag, 1987)

Munnlege kjelder: Merete Almelid, Martha Bjerke, Randi Haug, Margot Haave, Ellen Larsen, Magne Myren, Grethe Olsen, Kjell Rønn, Ivar Solbakken, Lise Stakston Tofte

[1] Son til sorenskrivar Beer, som budde på Heggerud midt på 1890-talet

[2] Finn Hodt deltok i fleire EM og VM, og også under OL i Cortina i 1956.

0 Comments

Submit a Comment