NY FRONSBYGDIN kjem i november. 10. årgangen. Arbeidet med ny E6 blir sett i gang for alvor i juni. Det mest omfattande arbeid for å forbetre kommunikasjonen i dalen sidan jernbaneutbygginga i 1896. Her kan du prøvekjøre nye E6. I forkant har det i fleire år vore drive vitskaplege undersøkingar, leia av Ingar Gundersen frå UiO. Oppsiktsvekkjande funn er gjort! 16 millionar har desse undersøkingane i Fron kosta. I ein større og oppjustert artikkel legg han fram resultata så langt – eksklusivt for Fronsbygdin og formidla på ein slik måte at lesaren sit att med stort utbytte. Gled deg! Redaksjonen
0 Comments