RAGNAR ØVRELID: Ein fæl storm 7. mars 1822 bles tårnet av Sødorpkyrkja. Skaden vart reparert, og tårnet bygd opp att i mykje lågare fasong. Det tok rett nok tre år før arbeidet vart gjort. Da hadde det også meldt seg andre manglar ved Sødorpkyrkja:
Taket er nå så brøstferdig at nytt må legges.
Sokneprest Jarmann etterlyste det nye taket da han vart tilsett i 1868. Kommunestyret sa det ville vente til det vart avklara om kyrkja skulle gjennomgå ein større reperasjon eller flyttast og ombyggast. Kyrkja var for lita, meinte dei, og i miserabel stand. Kommunestyret hadde nå kome til den oppfatning at kyrkja burde flyttast og gjerast åttekanta! Dårlegare enn Sør-Fron ville dei ikkje vere. Nå måtte dei berre vente på teikning og kostnadsoverslag.
I 1872 valde kommunestyret ein komité som skulle greie ut spørsmålet om flytting eller ombygging.
Men saka fekk drive i mange år. I 1885 skriv soknepresten: Sødorpkyrkja er nå i en slik tilstand at flytting eller storreparasjon må til. Presten såg helst at kyrkja vart flytt, til Myren under prestegarden, på grunn av Rustbygda. Kommunestyret var einige og vedtok i 1886 å flytte kyrkja: Men ikkje før kyrkjene i Kvam og Kvikne var reparerte og hadde fått oppvarming. Kommunen løyvde 10 700 kroner til flyttinga.
Fem år seinare fekk dei teikningar og flytteplanar frå arkitekt Jürgensen.
I 1900 diskuterte kommunestyret framleis om kyrkja skulle flyttast eller reparerast der ho stod. Saka utvikla seg, som rimeleg kunne vere, til ein strid mellom Sødorp-folk, som ville behalde kyrkja si, og fekk støtte frå Kvam, og Rustbygda på den andre sida, med støtte frå Skåbu og Kvikne.
Gardbrukarar og husmenn frå Ruste organiserte pressgruppe. Kyrkja ligg nå i ein utkant, sa dei. Blir kyrkja flyt over Laugen ved brua, vil ho ligge i sentrum og like ved prestegarden. Dei tilbaud kjøring og stort mannskap omn kommunestyret ville flytte kyrkja. Ole Teige tilbaud seks hestar og fire mann, Johan Kongsli seks hestar og fire-fem mann. Somme gav pengar. Plassfolk lova ein mann og ein hest og ned til ein arbeidsdag. Over 40 gardbrukarar skreiv seg på lista.
I 1904 vart flyttinga endeleg vedteken, kyrkja skulle settast opp etter teikningane til arkitekt Jürgensen. Vedtaket vart gjort med 14 mot 10 stemmer.
I 1910 stod så kyrkja ferdig, slik ho står i dag. Og slik gjekk det til at Sødorpkyrkja ikkje lenger ligg i Sødorp, men på den andre sida av Laugen, noko turistar stadig undrar seg over.
Frå Historia om Fron, bind 1, publisert her første gong 8. februar 2015
Samarbeid må til for å få utført ting! Mvh Petter Kongsli (arkitekt)