Kan du sele på ein hest?

by | 22. apr 2014 | Informasjon | 0 comments

hestesele

«De fleste som har sittet bak en hesterumpe kjenner den nordiske arbeidselen, bogtreselen. Dette er en sele som opprinnelig er utviklet for tunge lass i lavt tempo, gjerne med lave drag. Den nordiske bogtreselen har en stor fordel ved at bogtreet er justerbart. Dermed kan én sele tilpasses flere hester i noenlunde samme størrelse.» Frå Hesteforum Forums

Lyst til å lage ein video? Som fortel noko om Fron før i tida? Vera med på historielagets videokonkurranse? Med premiar på til saman 10 000 kr? Meld gjerne frå i kommentarfeltet her om du tenkjer på det, så veit vi litt meir og kan ha kontakt.  Kva er det som egnar seg til å fortelje med ord og bilde på film? Om kunnskap og erfaring som kan blir borte? Det meste. Her er nokre idear: Dekorasjonsmålaren Even Knudsen Sulengshaugen var fødd i 1822. Etter han er det mange visuelle spor i Fron. Å få dokumenter dei? Eller: Kva med å sele på ein hest? Kor mange kan det? Eller:  Det lever framleis folk som vart fødde på 1920-talet. Dei har mykje å fortelje om korleis det var der dei levde og arbeidde. Eller: Gå på jakt etter gamle amatørfilmar og gamle bilde.  Og så er det bra å med seg i bakhovudet at historie er like mykje det som skjedde for ti som for hundre år sidan.

 

0 Comments

Submit a Comment