Fronsbygdin 2018 lanseres med ein kulturkveld på biblioteket Vinstra torsdag 1. november. Redaksjonen skriv:
I år er det 15 år sidan vi gav ut den fyrste årboka. Dette er difor ei jubileumsbok med ekstra mange sider. Det var våren 2003 at den fyrste årboka kom. Mange historieinteresserte hadde nok lenge tenkt at det var for gale at ikkje også Fron hadde si eiga bok, når nesten alle bygdene i Gudbrandsdalen hadde det. Det som skulle til, var berre at nokon tok initiativet, og at vi hadde tilgang på produksjonsutstyr, slik at mykje av det praktiske arbeidet kunne gjerast kostnadsfritt.
I alt det praktiske arbeidet med boka kan det vere lett å tape dei store måla av syne. Reint teoretisk kan vi snakke om to hovudmål. Det eine er dokumentasjon til glede for komande slekter. Det andre er å auke interessa for lokalhistorie og slik støtte opp om den lokale identiteten og kulturen. Ikkje minst i ei tid med store endringar og stor påvirkning utanfrå er dette viktig. Men vi må også vere viljuge til å sjå kritisk på vårt eige miljø. Innanfor rammene til ei lokalhistorisk årbok må vi også kunne sjå på spenningar og konfliktar i våre eigne bygder. Og vi må også sjå hendingar i Fron i ein større samanheng – nasjonalt, nokre gonger også internasjonalt.
Målgruppa for Fronsbygdin er fyrst og fremst frøningar, utflytta frøningar og lokalhistorisk interesserte i nabobygdene. Det er også ei store glede å høyre at så mange av hyttefolket viser interesse for boka vår – at dei ikkje berre set pris på naturen, men også viser interesse for lokalmiljøet og gjerne ønskjer å bli ein del av dette.
Da vi tok til med Fronsbygdin i 2003, var vi svært optimistiske og venta at folk skulle stille seg i kø med manuskript dei hadde liggjande. Vi venta også at den yngre generasjonen frøningar med god utdanning skulle kome springande med artiklar. Slik gjekk det ikkje. Redaksjonen har brukt mykje tid på høling og masing for å få folk til å skrive. Fyrste i år kan vi seie at det har skjedd eit gjennombrot. Stort sett har boka vore på 160 sider. I år har styret i historielaget gjeve oss lov til å trykkje heile 208 sider. Vi meiner å sjå ein tydleg tendens til at mange har forstått at det ikkje berre er dei store historiske hendingane som er av interesse, men også historiene som ligg i kvardagen.
Hvor mye koster boka og kan den bli e
Sendt til USA?
NOK 250. Og ja.
Jeg har stor forventning til 2018-utgava! Står ingenting i omtala om innholdet. Kan du nevne én spesiell artikkel fra de 208 sidene?
Vi må nok vente til etter lanseringa 1. november. Der er liksom der avdukinga skjer for alle som møter fram. Men dagen etter kjem lista her på sida.