Klondyke i Espedalen

by | 13. jan 2015 | Verksemder | 0 comments

Restane av verket ligg mellom Espedalsvatnet og Breidsjøen. Dei verdfulle kulturminna på Verksodden vart berga mot kraftutbygging. I dag er kulturminnet i god stand, etter restaurering tidleg i 1990-åra. Bilde frå Dalseter.no

EINAR HOVDHAUGEN: Den raske framvokster av eit gruvesamfunn i Espedalen frå 1850-åra skapte ei folkevandring frå store deler av austlandet. Av og til kunne det nok gå noko vilt for seg, men det allmenne preget er seigt blodslit. Mange bygdefolk frå Fron og andre bygder i dalen fann her for nokre år ein ny arbeidsplass. Styraren på Espedalsverket, David Forbes, var ein stilig og selskapeleg verdensmann, som ser ut til å hatt eit godt lag til å tilpasse seg tilhøva og koma i kontakt med folk. Det går mange fråsegner om festleg samvær på verket, når den fargerike levemannen pastor Gallschjøtt på Fron var oppe der for å halde gudsteneste. Og det var nok ikkje alltid pastoren var så heilt edru.

Det var eit betydeleg anlegg som her voks fram på kort tid, med store investeringar ut frå den tids målestokk. Her har vore liv og rørsle. Det har vore blodslit, men det har og vore dansar på Dansesalen, og gudteneste, der den veltalande pastor Gallschjøtt preikte så mange av slitarane gret. Det har vore festmiddagar i betyrarbustaden med god vin i glass, det har vore servert punsj i salongen, og merksumspipene var fyllt med god engelsk tobakk når dei sat ved kortborda. Her har vore kalde og harde vinterdagar, men og blide sommerkveldar, da David Forbes saman med sine nærmaste ved Verket kunne nye sommaren på «havebænken». Etter tilhøva har han budd standsmessig

I 1850-åra opplever Espedalen si hektiske, men og kortvarige Klondykeperiode. Det var ein del nikkel i malmen i Espedalen, og i 1846 blir det satt igang stordrift for utvinning av nikkel. Pengesterke engelskmenn stod for drifta. På vollen mellom Langvatnet og Breisjøen voks det på stutt tid fram ei lita gruveby, med stor smeltehytte, smie, kruthus, lagerhus, lagerhus, kontorbygning, forsamlingslokale, som og tente som kyrkje, bestyrar- og direktørbustad, verkstadbustad, arbeidsbrakker og rundt ikring små bustadhus på vollane og opp i bakkeskråningane.

I ein 10-årperiode var her eit yrande liv, med nygbygging, og – etter verket kom i drift – med malmbryting, kolbrenning og kjøring av malm og kol. Da Espedalsverket hadde si største verksemd, var kring 500 arbeidarar knytt til verket. Stort sett var det vel eit mannssamfunn. Ved folketellinga i 1855 budde kring 700 menneske i Espedalen. Det er den store toppen i folketalet. Det skulle til store forsyningar av mat til denne folkemengda. Verket hadde eige butikk. Mange av dei som fekk sett seg opp ei lita stugu, rudde nok og ein jordflekk, der dei kunne ha ei ku, eller nokre geiter eller sauar. Det gav kjærkome tilskott til levemåten om en hadde familie.

Det var på ein idyllisk plass Gammelverket i Espedalen låg, på dei flate vollane ved nordenden av Espedalsvatnet. Og når ein vandrar her i dag, kan ein overalt sjå tomter og minne om den gamle verksbyen.

» «I nordenden av Espedalsvatnet ligger Gravholmen. Den er nok en av landets minste og særegne gravplasser. Holmen er skogbevokst og reiser seg ti – femten meter over vannet. Den ble brukt som gravplass den gang det var gruvedrift i Espedalen. Det var nok et naturlig valg av gravplass den gang, for den ligger vakkert og fredelig til. For å komme over til holmen må man gå over en lang trebru. Espedalen Fjellkirke er bygd i naustform, og ble oppført i 1974 med stor innsats fra espedølene.» (Foto: Jan-Tore Egge)

Ute på ein holme i nordenden av Espedalsvatnet, Likholmen, fekk verket sin gravplass. Det var vel ein av dei mest sermerkte gravplassar vi har i landet. Her ligg mange av folka som var knytt il verket gravlagt. Over dei gløymde gravene susar vinden i furukronene, og sjøen skvalpar stille kring strendene.

Høgt oppe i fjellet, i Gråhømassivet, låg gruvene. Det var Statsråd Stangs gruve, Evansguva, Jørstadgruva, Storgruva og fleire. Malmtransporten gjekk for seg både sommar og vinter. Om sommaren gjekk store malmlektarar opp til Verket, og om vinteren vart malmen kjørt over isen. Men først måtte malmen på bratte vegar kjørast ned frå fjellet. Det må ha vore hardt blodslit både for mann og hest.

Til smeltinga gjekk det med store mengder trekol, og verket var avhengig av faste tilførsler fra allmenningane i Espedalen, Murudalen og Mæringsdalen. Og det synte nok på skogen mange stader. Smelteprodukta vart så kjørt med hest ned til Lillehammer brygge, for så å gå med båt over Mjøsa.

Det var dei engelske brødrene Evans som var hovudeigarar av Nikkelverket. Dei hadde bergverksinteresser i Polen, Bøhmen og fleire land. Medeigar og ansvarleg for drifta i Espedalen var ein ung skotte, David Forbes. Ein dyktig fagmann og ein galant verdensmann.

Økonomisk vart verket aldri lønsamt. Malmen var for ring. Og fraktomkostningane måtte bli store. I 1857 vart så verket nedlagt. I 1874 vart ny drift sett igang ved søre enden av Espedalsvatnet, men arbeidet vart nedlagt etter 4 år, og nå for godt.

Nedlegginga av Verket førte til ei stor folkevandring bort frå Espedalen. Berre dei som sysla med litt jordbruk, supplert med jakt og fiske, vart att. Ein del drog til Amerika. I 1865 ser det ut til å vera vel 30 menneske i Espedalen på Frons grunn. Ein har oppgitt tjørebrennar som yrke. Dei fleste av desse folka er fødd i Fron, men her er og folk frå Tynset, Lom og Biri. Det er vel etterrakster etter verkstida.

Verksbygningane vart etterkvart rivne og selde. Det same gjeld vel inventar og lausøyre. Truleg finst det i Fronsbygdene og Gausdal enda ting som er kome frå Verket.

Landhandlar O. Jevne skal ha kjøpt Festiviteten og Krambua. Festiviteten skulle vera bygd i engelsk stil, med kvelva tak og ei tribune for musikk og talarar. Langs langveggane skulle det stå ei rad med 6 søyler på kvar side. Salen var pynta med skjold og riksvåpen, bergmannsmerker, slegger og hammarar. Forsamlingslokalet vart sett opp att på Vinstra under namnet «Fridheim», krambua vart oppsett att på Øyen. Styrarbustaden vart flytta til Heggerud, der han enda med sine fløyar gir eit godt bilete av Forbes residens.

I 1855 selde så Staten ved kongeskjøte den 16. mai Espedalen allmenning til «brugsberettigede Gaardeiere» i Fronsbygdene for 700 spd.

Espedal fjellkyrkje. Foto Normann

Espedal fjellkyrkje. Foto Normann

I dag er det turistferdsla som sett sit preg på Espedalen, med gode vegar, daglege bussar og kjende turistheimar og hotell. Ei naturperle er Espedalen nå som før.

 

Frå Gardar og slekter i Fron, bind II, publisert her første gong 7.5.2014

 

 

0 Comments

Trackbacks/Pingbacks

  1. Norges underligste gravplass? - Bobilbasecamp - […] Og for den som vil lese litt mer om Espedalens nikkeltid, finnes det mer informasjon her. […]

Submit a Comment