Konfirmasjon i krig

by | 29. apr 2023 | Biografiar, Krig | 0 comments

Innkalla til ein streng prest

panzer-ii-norway-1940

Tysk Panzer II skyt seg nordover Gudbrandsdalen. «Etterpå vart vi kalla inn til å gå for presten.»

LODVAR LARSEN:  Den 11. april 1940 vart ein heil del gutar, godt vaksne ôg, mobilisert for å slåss mot tyskarane. Mellom dei var min eldste bror Odd. Vi fulgte spent med på radioen og i aviser korleis krigen utvikla seg, og sist i månaden nærma dei tyske styrkane seg våre bygder. Tyskarane kom til Vinstra sist på dagen, og det vart eit svare leven bortpå riksvegen. Maskingevær og andre våpen fresa og small. Foreldra våre vart samde om at vi skulle rømme litt lenger inni grenda, og vi havna oppi Granrudoset, som var mura med metertjukk stein. Vi vart værande der i to døgn.

Ungane på min alder gjekk siste året på skulen, og skulle ha eksamen om våren. Men det vart ingen eksamen, og heller ikkje meire skule. Skulen vart slutt rundt 20. april, og vi kom heller ikkje i gang att den våren.
 
Vinstra og søre delen av Nord-Fron kom relativt vel frå krigshandlingane, sjølv om Sundbrua vart sprengt. Butikkane og andre hus på Vinstra fekk besøk av tyske soldatar og vart plyndra og tømt for mat og anna. Det fall også ei bombe ved brua over jernbanen.
 
Det var Kvam som fekk gjennomgå mest av krigen i 1940. Mange hus vart påtent og Kvam kyrkje vart og oppbrent. Det gjekk også sivile menneskeliv tapt i krigen. Striden i Kvam vara i tre døgn, da tok det meir slutt, og striden fløtte seg nordover dalen.
 
Vi vart kalla inn til «å gå for presten» utpå sumaren. Det var elevar frå heile Nord-Fron, fra alle sogn, som skulle møte opp i Sødorp kyrkje. Mange hadde problem med å nå fram til tida dei skulle møte. Kommunikasjonane var ikkje som nå, eller var innstilte. Og så var det Sundbrua da, som låg nede. Det vart skaffa båtar, og folk vart rodd over Laugen nordafor brua. Det var dei to østre bruspenna som låg nede. Dei brakte folk opp og ned, og rundt brukaret vart det laga ei plankebru så folk kom over. Det vart seinare bygd ei trebru over, der brua var sprengt.
 
Prost Bjarne Nordrum var sokneprest den tida. Han var på ein måte ein streng prest. Kor ofte vi møtte til konfirmasjonsundervisning er eg ikkje sikker på. Det var katekisma som var boka vi skulle lære ifrå, pluss forskjellige salmevers som skulle lærast. Mange var flinke og las «på rams» både vers og andre tekstar, særleg jentene. Mens andre fekk presten ikke så mykje ut av, kor mykje han prøvde.
 
Sjølve konfirmasjonsoverhøyringa vart halden i dei ymse sokna, i august eller september. Dette var konfirmasjonsdagen. Ein stor dag! Ongane frå Sødorp sokn møtte i Sødorp kyrkje. Vi vart oppstilte langs benkane oppover mot altaret. Spørsmåla vi fekk var så ymse, sjølv vart eg høyrt i trusvedkjenninga. Det gjekk så høveleg bra, trur eg.
 
Mangt eit selskap vart halde rundt omkring, der faddere og andre vart innbedt. I mitt eige selskap var vi, med familie og gjester, 15 – 20 personar skulle eg tru. God mat var det. Eg hugsar ikkje kva vi fekk servert, men det var truleg kjøttkaker eller anna kjøttmat. Dessert var det vanlegvis i slike lag, riskrem eller pudding av eit eller anna slag. Dette hugsar eg ikkje sikkert.
 
Konfirmasjonsgåver og kort var det også den gongen, men ikkje så dyre og kostbare som dei ofte er i dag. Av gåvene som eg fekk, var det to lommebøker. Den eine var eg spesielt stolt av. Den fekk eg av sjølvaste Pål Kluften, den kjende spelemannen og folkemusikksamlaren. Han var ein god ven av far min. Nye klede fekk vi vanlegvis. Eg fekk min fyrste dress og det var stor stas, veit du! Finskjorta hadde ofte laus krage, som måtte festast både framme og bak. Ermane måtte ha mansjettknappar.
 
I veka etter konfirmasjonen skulle vi møte til altargang for å få nattverd. Med det var
konfirmasjonstida slutt, og vi følte oss som voksne menneskje. Spanande.
 

0 Comments

Submit a Comment