Krigshelt frå Skåbu

by | 20. okt 2025 | Biografiar, Krig | 0 comments

Halvor Iverstuen frå Skåbu var med på å senke Blücher i 1940. Bilde utlånt av Bjørn Rolf Iverstuen.

Ole Chr. Risdal: I desse dagar går storfilmen «Blücher» på norske kinoar. Den byggjer på operasjonen som hindra at Noreg vart «teke på senga» den 9. april 1940. Hovudpersonen er sjølvsagt legendariske oberst Eriksen som på eige hand tok den viktige avgjersla om å senke krigsskipet med hovudtyngda av den tyske invasjonsstyrken om bord. Besetninga var på rundt 2000 personar og truleg omkom om lag ein tredjedel av desse, i tillegg til eit ukjent antal skadde. Med seg hadde Eriksen andre offiserar og soldatar, og ein av desse var Halvor Iverstuen 1918-2003 frå fjellbygda Skåbu. Han var gardist og vart truleg stasjonert på Oscarsborg den 2. april 1940. Som mange andre krigsveteranar ville heller ikkje han prate om opplevingane sine under krigen, og vi veit derfor svært lite om korleis han opplevde det. Men han hadde fortalt at han var med på å halde vakt over tyskarane som overlevde og kom til lands.

For innsatsen sin på Oscarsborg fekk han tildelt denne medaljen. Illustrasjonsbilde frå Samlerhuset

Halvor var gm Klara Megrund 1922-2006 og saman dreiv dei småbruket Iverstugu i Skåbubaklia. Han var også tilsett som snekkar i Opplandskraft. Elles var han ofte nytta som domsmann og skjønsmann i samband rettssaker og tvistar. Dei fekk to søner, Arne Peder 1944-2025 og Bjørn Rolf 1947. Halvor var nevøen til felespelaren og komponisten Torger Iverstugun. Med innsatsen sin på Oscarsborg var han til dei grader med på å skrive seg inn i krigshistoria vår. Senkinga av Blücher sørga for at ein fekk Konge, regjering og gullbehaldninga vår i sikkerheit, og vi fekk moglegheita til å halde fram kampen mot okkupantane.

0 Comments

Submit a Comment