Soldatane tigga, plyndra og smitta

by | 19. jun 2021 | Biografiar | 0 comments

Mange frøningar verva seg og kom heim som slåstbikkjer

Dynekilen

Om Tordenskiold hadde med seg frøningar i slaget ved Dynekilen i 1716, veit vi ikkje. Heller ikkje om det var frøningar med på Fredriksten i 1718, da Karl den 12. vart skoten. Men usannsynleg er det ikkje. Foto: Arnstein Rønning.

RAGNAR ØVRELID: I heile 11 år var Noreg i krig med Sverige, frå 1709 til 1720. Vi veit ikkje kor mange frøningar som var utkommanderte i denne krigen. Men mange var det, og lenge låg dei ute. Tenestetida på 1700-talet var normalt 10 år. Det utvikla seg ein soldatstand i bygdene her, som merkte seg ut på mange vis. Etter fem og ti år i felten hadde dei vanskar med å tilpasse seg kvardagen. Dei orka ikkje arbeide, dei tigga, plyndra og fôr med all slags uskikk, dei hadde hestar og gevær, flokkevis streifa dei ikring i og utanom bygda.

Og overalt førte dei smitte med seg. Dei heimsende soldatane smitta store deler av Austlandet med blodgang (dysenteri). Syfilis vart innført med tyske soldatar og dragonar. Det var ikkje berre norske soldatar som streifa omkring

Tingbøkene i Fron i tiåra etter 1720 fortel om aukande uro og kriminalitet. Ein god del av dei tiltalte er soldatar eller har vore det.

I tillegg til dei soldatane legdene stilte, var det også ein god del som let seg verve eller vart lokka til det. Det som tok imot pengar – edru eller fulle i av vervarane, var å rekne som «geworbene soldater». Ei rettsak frå Rudi i 1738 fortel om korleis det kunne gå for seg. Ein tenar på Rudland, Ole Olsen, hadde stemna Hans Johansen frå generalmajor Rappes regiment. Hans hadde prøvd på alle vis å verve Ole, prakke på han pengar og gjere han til geworbene soldat. Til slutt vart Ole skjenka av eit beger, som viste seg å innehalde pengar som «Ole førte i munnen». Ole kasta frå seg pengane og fekk rettens kjenning for at han framleis var fri mann.

Men mange verva seg, og mange vart att ute. Det gildaste var å ta teneste i kongens garde i København. Gardistane måtte vere 1.80 , høge og ikkje ha raudt hår. Mange av gardistane kom heime med nye tankar og ny innsikt, i regelen etter seks år. Men mange kom også heim som «storskrytarar, slåstbikkjo og okjurp», som Ivar Kleiven skriv.

Mange frøningar miste livet i desse krigane, sårleg hardt gjekk det ut over menn i gifteferdig alder. Statsmaktene var redde for at det skulle bli dårleg med arbeidshjelp og forbaud unge menn å reise ut av bygda.

Men ikkje berre felttoga tok liv. Ekstra ille var det i militærforlegningane, også i fredstid, Bortimot 25% døde av epidemiar.

0 Comments

Submit a Comment