På Peer Gynt-stemnet?
RAGNAR ØVRELID: Spelmennene var først ute med eit årvisst musikkinnslag på Per Gynt-stemnet. Det første treffet var i 1971. Idéen kom ikkje fra sentralt folkemusikkhald. Initiativet var lokalt, og det kom frå folk utanom sjølve Per Gynt-nemnda. Det var folkemusikkinteresserte og aktive spelmenn som Per Wiker, Per Åsmundstad, Arne Risdal og Rasmus Stauri og fleire som drog programinnslaget i gang. Dei meinte dalens eigen tradisjonsmusikk burde vere representert på stemnet, som eit heimleg alternativ, som ei utfylling til kunstmusikken utanfrå. Nemnda tente på idéen og overlet det meste av arrangementa til entusiastane.
Dei la opp spelmannstreffa etter vanleg mønster. Kappspel skulle det vere, og «Per Gynt-kappleik» vart namnet. Landsdelskappleik vart arrangementet kalla, og det skulle tevlast med vanleg fele, hardingfele og opne klassar for vokal folkemusikk og dans.
Spelmannstreffet fekk eit gjennombrot i 1972, med stor aldersvariasjon hos dei frammøtte, den eldste var 85 år, den yngste (frå Oslo!) var 13.
Desse første åra vart det også skapt ny musikk. Frøa som kappleiken sådde, spirte nå frodig. I 1972 komponerte Harald Haug frå Vågå ein festmarsj til stemnet, som Fron spelmannslag framførte for første gong. Sigurd Berge presenterte sin Per-lokk for tri trompetar, den som sidan har vore sjølve logoen og startsignalet til Per Gynt-stemnet. Berge nytta da ein gammal melodi frå dalen, i si tid nedskriven av O. M. Sandvik, og gav den si personlege form. I 1970 kunne Per Gynt-nemnda publisere «Helsing frå Skåbu», eit hefte med 10 melodiar og slåttar av Torger Iverstugun, felespelaren og folketonesamlaren fra Espedalen, som fylde 90 det året. Han hadde forresten alt i 1968 komponert ein Per Gynt-mars, som han dediserte til stemnet. Og det var Oddvar Nygaard som arrangerte musikken til Iverstugun.
I 1974 vart Per Gynt-kappleiken utvida med eit breitt folkemusikkseminar, som kombinerte spel, samspel og nylæring med foredrag og diskusjonar. Tanken var god, deltakinga mindre enn venta, enda dei som kom, viste stor interesse. Tiltaket vart eit eingongsprosjekt.
Spelmannstreffa under Per Gynt-stemnet opplevde nok si glanstid midt på 1970-talet. Storåret var 1976. Da vart distriktskappleiken for Midt-Norge arrangert på stemnet med 10 spelmannslag og 150 deltakarar.
Sidan dabba det av. Somme, var det sagt, var misnøgde med premiane for innsatsen, andre reagerte på at Per Gynt-kappleiken aldri fekk ein formell status i folkemusikkbyråkratiet. Den var sett på meir som ein privat samankomst.
Den siste Per Gynt-kappleiken var i 1983.
Derimot tok musikkopplæringa i bygdene nå til å bere frukter blant dei yngste, ikkje minst i Sør-Fron. I 1987 ville Per Gynt-nemnda saman med Sør-Fron spelmannslag prøve i skipe ein kappleik for juniorspelmenn. Dette vart gjennomført i 1989.
Så var dei lokale spelmannstreffa slutt. Men dei hadde gjort si virkning, ikkje minst med nyrekrutteringa til tradisjonsmusikken blant barn og ungdom.
Og eitt resultat til: Øyvind Berghs minnepris til unge, lovande fiolinistar, gjerne utøvarar med bakgrunn i folkemusikken, som det heiter i statuttane.
Redigert utdrag frå boka Per Gynt-stemnet 1928-2003
0 Comments