-Kvifor skal dei på Vinstra ha alt?

by | 24. okt 2016 | Kommunikasjon | 2 comments

Ein ungdom ser på bygda si

lomoen

Dette skulle ho ha visst…

EVA ØIUMSHAUGEN i bladet FRONSBYGDIN 1970: Naturen i Ruste skal vi ikkje klage på, ikkje enda i allfall. Men det er vel ikkje så lenge til vi mistar han. Jada. Ruste ei bra bygd, for dei vaksne og gamle, men ikkje for dei yngre. Ruste har inga framtid for dei. Derfor reiser da også ungdommen vekk frå bygda, og dei gamle og borna vert sitjande att. Dei som vert att av dei unge, er dei frå 14-16 år. Om dagen er det greitt for dei, da har dei skulen, men om kveldane har dei ikkje noko å gjere.

Vi har eit nytt, stort fint bygdahus her, men det er i bruk mesta berre ein gong i månaden, da er det fest der. Men elles står det tomt og ubrukt. Vi har eit ungdomslag her, men det gjer ikke noko for ungdommen. Dei seier at dei ikkje har pengar til å starte noko med, men kan dei ikkje søkje kommunen om lån da? Det har laget på Vinstra gjort (trur eg), og dei fekk lån.

Kvifor skal dei på Vinstra ha alt, er dei betre enn andre dei da? Dei har kafear, kino, idrettslag m.m. Vi kunne i det minste få bygdekino er, det har dei i bygdene kring oss, Så, kvifor skal vi haldast utanfor? Jada, vi skal få noko nytt her nå, nede på Lomoen. Kva da? Jau, ei SØPPELDYNGJE! Kunne ikkje dei på Vinstra hatt den òg da, når det har alt det andre? Å nei, vi kan godt greie oss utan den. Men, du veit vi kan ikkje seie noko, vi. Ja, eg håper, og sikkert fleire med meg, at tilhøvet for ungdommen i Ruste vert betre.

 

2 Comments

Submit a Comment