Kviknekyrkja

kviknekirkeNeste år er det 250 år sidan Kviknekyrkja vart bygt. Det var Peder Korpberget frå Kvikne og Tord Risdal frå Skåbu som stod for bygginga. Tord var også smed og han utførte derfor noko av smedarbeidet. Ho vart reist på grunnen til Sygard Sylte, men under Ofsen i 1789 vart ho skada og kyrkjegarden reiste ut, og ein torde ikkje anna enn å flytte kyrkja. Ho vart da sett opp att der ho står i dag, på grunnen til Tune. På Sygard Sylte står enda Prestloftet, der presten tok inn da han var ute i embets medfør. Til jubileet neste år vil du kunne lese meir om Kviknekyrkja. Men du får ein liten forsmak her. Ragnfrid Massing (Halvhuda, f. 1894 i Tromsø), som var både lærar i Kvikne og organist i kyrkja, fortel her litt om seg sjølv og kyrkja.

0 Comments

Submit a Comment