Laget utan leiar

by | 15. apr 2016 | Informasjon | 0 comments

styret2016

Nyvald styre i Fron historielag på Dale-Gudbrands gard. Frå venstre: Ole Christian Risdal, Eivind Holen, Marit Taarud Kirknes, Knut Ulberg, Ellen Steberg, Anders Nustad og dei to nye i styret: Åge Hagestuen og Egil Myhre. Foto: Carl Henrik Grøndahl

Ingen ville ta på seg å gå inn som leiar av Fron historielag, når Anders Hage nå trekk seg ut etter å ha vore formann i seks år. Det kunne formannen i valnemnda, Svein Jetlund, fortelje dei 5o frammøtte på årsmøtet i går. Det blir derfor opp til det nye styret å finne fram til ein leiar mellom dei åtte som nå er valde . Ikkje første gong dette hender. Det same hende på byrjinga av 2000-talet, og laget fekk ein god leiar etter kvart. Så nå må vi berre vente på at det stig kvit røyk opp frå første styremøte.

0 Comments

Submit a Comment