
«Fram» var Vinstra ungdomslag si lagsavis, og her kunne medlemmane utfolda seg med forteljingar, dikt, songar, teikningar og liknande. Eit og anna alvorsord og moralske ytringar finnes nok òg. Redaktøransvaret gjekk på omgang mellom lagsmedlemmane og her er det Harald Lindvigsmoen, som hadde redaktørrolla i desember 1953. Hadde det ikkje vore for Haralds dotter, Anne Marie Sæther på Vinstra ungdomsskule, kunne det meste av protokollane til ungdomslaget og permane med lagsavisa gått tapt for alltid. Fron historielag sit no med dei fleste referatbøkene frå 1896 og fram til 1955, samt lagsavisa «Fram» frå 1911 og fram til 1954. Mykje av det andre arkivmaterialet til Vinstra ungdomslag er teke vare på i Norddalsarkivet. Det er truleg berre referatbøkene frå tida rett før og under andre verdskrig som er tapt. Den frilynde ungdomsrørsla vart nok i meste laget frilynde for nazistane.
Vi kjem til å publisere meir frå desse bøkene framover, men her er det stoff nok for mange artiklar til Fronsbygdin, for den som vil fordjupe seg i ungdomsrøsla. Ønskjer du å lese meir om Vinstra ungdomslag, kan du sjå Per Åsmundstads artikkel i Fronsbygdin 2023. Boka får du kjøpt hos oss, eller Norli på Vinstra.
![]()

0 Comments