
Møte på Skåbu bygdahus. Legg merke til alle måleria på veggane!
OLE CHRISTIAN RISDAL: Bygdahuset i Skåbu er 60 år i 2014. Det blir brukt i mange samanhengar. På veggane kan ein sjå måleri av alle gardane i Skåbu, ei fantastisk gåve til bygdahuset frå Sigmund Hernæs. Her har Hernæs foreviga nesten alle gardsbruka og setrene i Skåbu og Tverrbygda. Hernæs var ein utruleg allsidig og produktiv mann. Som mange veit, var det som lærar at han kom til fjellbygda i 1932, og tente yrket i om lag 40 år. Ved sidan av lærargjerninga og målarkunsten hadde han også mange andre jern i ilden. Her kan ein nemne slektsgransking, veving, fele/notekurs og primus motor for både 4H og koraktivitet. Han og kona Nora vart viden kjent for vevinga si og fekk svært mykje å seie for Krogenæs-fabrikken. For ein del år sidan kom Håkon Sveen med fotografi av heile samlinga. Her finn du dei 11 fyrste måleria frå Sigmund Hernæs. Det kjem fleire etter kvart:

Bakkerud til venstre. Til høgre ser vi Solhaug og den legendariske Timann-butikken. Lengst bort skimtar vi Vesteng.
0 Comments