Mannen med detektoren

Møt Tormod Bråten, nye leiaren i Fron historielag

Første oppgåva som leiar i historielaget: Velkomen til boklansering!

Når du held ei spenne i handa – du veit at du er den første som ser ho og kjenner ho på 1500 år – det er ei spesiell kjensle. Seier Tormod Bråten, den nye leiaren i Fron historielag. Han snakkar om sin store lidenskap: metallsøking. Når han har tid, er han ute med detektoren, helst på dyrka mark med løyve frå grunneigaren. Han finn mest skrot, seier han, men så smell det til med noko som har kulturhistorisk interesse. Han samarbeider med fylkesarkeologen, og er funnet eldre enn reformasjonen i 1537, tilhøyrer det Staten. Det gjer også myntar som er frå før 1650. Har han ei stor samling funn heime? Nei, det han finn av verdi, får som regel grunneigaren. Han fann ein gong ein metallknapp med initial til bondens sin tippoldefar, det kan ha stor verdi på garden.

Tormod Bråten, leiar for eit bra team.

Han hadde ein draum om å bli arkeolog, Tormod Bråten, han har lese mykje om jarnalder og vikingetida. Men slik gjekk det nå ikkje. Han vart elektroingeniør. Kanskje eit tryggare levebrød. Han jobba mellom anna i Siemens og kom att til Vinstra i 1998. Nå utdannar han elektrikarar og energimontørar på VVS.

Kvifor gjekk han inn i styret i historielaget?

Eg vart spurt av valkomiteen, er jo særs historieinteressert og sa ja. Eg ville ikkje ha leiarverv i starten, trengte ei læretid, vere nestleiar eitt år. Men så – etter eit halvt år ville leiaren Egil Myhre bytte og konsentrere seg om det han er verkeleg god til – selje årgangar av Fronsbygdin.

Kva ser han for seg av oppgåver for historielaget framover? – Vi er eit bra team i styret, seier han, – og noko av det vi vil ta tak i, er det store bildearkivet som Vegar Skar skænna inn, få det inn i arkiv og systematisert.

Mykje tyder på at det blir ei spennande tid framover med Fron historielag.

0 Comments

Submit a Comment