
Styre og redaksjonar tenker framtid på Veidarvon. Foran frå venstre: Pål Oden, Halfdan Haanshus, Anders Hage. Bak: Ole Christian Risdal, Rasmus Stauri, Marit Taarud Kirkenes og Anders Nustad. Foto: Carl Henrik Grøndahl
Kva for rolle kan Fron historielag spele i dei omskiftingane som nå skjer i Fron? Korleis styrke interessa for det lokalhistoriske engasjementet? Kva for kompetanse bør ein ha i styret? Kva for nye arrangement kan laget dra igang? Torsdag hadde styret og redaksjonane i historielaget eit spennande strategimøte på Veidarvon, der nettredaktøren, Carl Henrik Grøndahl, la fram tankar og innspel. Årboka Fronsbygdin held høg kvalitet og sel godt, denne nettsida er eineståande i sitt slag i Noreg med rundt 5000 unike brukarar kvar månad, laget har meir enn 2030 følgjarar på Facebook-sida, det er stor oppslutning om årsmøtet og lanseringa av Fronsbygdin, så utgangspunktet er det beste. Her her det rom for alle som vil engasjere seg i eit skapande og allsidig virke for å ta med seg fortida inn i framtida.
0 Comments