Mediebank

Vekas bilde

Her finn du tidlegare publiserte «vekas bilde».

Bildearkiv

Fron historielag har så langt skanna inn meir enn 37 000 lokalhistoriske foto frå heile 1900-talet.  Mange av dei kjem her etter kvart. Dei fleste er ikkje identifiserte. Her kan du hjelpe til.

Video

Her kan du vere med på ei seterreise frå Isum i 1937, ein gardskonsert med historie på Vik i Kvam, du kan sjå litt frå Vinstrarevyen og få segn og musikk på Øykjelykkjesetra. Og mykje anna. Ha det morosamt.

Lydopptak

Her finn du unike lydopptak, der frøningar fortel om oppvekst, gardsliv, setring, jakt, fisking og mykje meire før i tida. Paul Brenden og Torger T. Risdal fortel om møkkakjøring, slakting, matmål, fiske og fritid i Skåbu. Albert Wadahl er synsk og finn det som er borte. Anna Hovden frå Hundorp fortel frå gamle dagar. Og mykje anna. Bildet er frå Lions kalender.

 

Andre medier

Den som er interessert i gamle kart og gamle namn, skal ta ein tur til Kartverkets historiske kart. Her er det mykje gildt. Ivar Kleiven skreiv:  I dei siste to, tre mannsaldrar er bruken av bumerkje falle bort, og på ein mengde gardar er merkje heilt bortgløymt. Men kvar gard i ei bygd skulle ha sitt eige bumerkje. Her finn du dei.

Loading