Andre medier
Bumerker

IVAR KLEIVEN: I dei siste to, tre mannsaldrar er bruken av bumerkje falle bort, og på ein mengde gardar er merkje heilt bortgløymt. Men kvar gard i ei bygd skulle ha sitt eige bumerkje, som vart hogge på tømmer og skåre eller rissa på kopper og kjørel. Dei er nok styggeleg gamle og rekk nok attende til vikingetida og kanskje enda lenger. Dei var både eigendomsmerkje til eigarane og eit verje for ting dei vart sette på, og dei åtte ei løynleg makt mot trolldom og ondskap, ulykke og skade på hus, innbu og utbu. Det er truleg at dei aller først har vore runebokstavar og var omgjorde. Etter folketrua sto desse runetegna i teneste til sjølve guddomsmaktene. Men det er tenkjeleg at bumerka etter kvart som gardane vart fleire og fleire fekk, mest å seie som gardsmerkje og eigendomsmerkje, og at trua på den makta dei bar i seg frå opphavet, tapte seg meir og meir.
Omkring år 1000 hadde nok kvar einaste medelstor gard eit fast bumerkje, som ingen annan hadde rett til å bruke. Men da så kristendommen kom, vart det gjort eit og anna ombrøyte på mange bumerkje. Det va nok mange av dei som minne i hardaste laget om heidenskapen, som nå var avgudsdyrking, og derfor vart slikt sletta ut. Såleis vart nok Torhammaren ombytt med korsmerkje og andre merkje som kristendommen godkjende. Det er nok mest sikkert at ein stor del av dei ekte bumerkja frå opphavet vart omgjort i tida etter 1021 her i Gudbrandsdalen. Men seinare ôg, gjennom det 17. og 18. hundråret, er bumerkja omgjort. Det ser ut til at gardmennene ikke lenger her teke det så nøye med å halde dei gamle gardsmerkja i den rette forma. Omlag 1720 tok bøndene til å bruke signet, og i dei vart gardsbumerkja støtt inngrave med førbokstavane i namna til eigarmennene. Denne inngravinga både av bokstavar og bumerkje er ofte kleint fråseggjort, og for å få seglet til å se andsynleg ut, har bumerkja somme tider fått ei gale stilling og elles vorte ugløgt grave. På denne måten har det vorte vingel med bumerkja for ein stor del gardar. Fleire mistak har gitt dei ein framand dåm.
Storparten av dei bumerkja vi nå kjenner fra bygda, kan ein finne på gamle gradsbrev, tidendelister, rettsaker og dommar. Lagrettmenn, taktsmenn og vitne kunne berre ved eit særhende ha lært å skrive namnet sitt med penn før 1720-talet, men brukte i staden å setje seglet sitt i voks eller lakk. Desse segla er ofte ille medfarne, så det er vanskeleg å handsame dei når ein skal granske bumerkja i bygda, og det er nok å ottast for, at denne lista med Fronsbumerkje har eit og anna mistak. For dei som det kan vera noko uvvist ved, er det sett attåt ei stjerne. At desse 110 bumerkja på Fron ikke kan vera meir enn omlag det halve av det dei var i gamal tid, er mest visst, men det har ikkje lykkast å få sanka fleire til nå. Ein heil haug av dei yngste gardane, slik som øydegardane som er kjøpte frå krongods etter 1700-1730, har nok heller ikkje hatt noko gardsbumerkje.
Turleg vil det ikkje drygast lengje før det blir sett igong ei vitskapeleg gransking over heile landet av bumerkje.
