Her finn du film og video frå mangt og mykje – idrett, musikk, flom, portrett av godtfolk, arrangement i historielaget – god lokalhistorie!
Filmer frå 1930-talet
Seterreise frå Isum i 1937/38
Anne Marie Tron (f. 1918) fortel om ei seterreise i 1937 eller 1938. Broren Tor kjem heilt bakerst idet dei tek åt frå garden. Olma og Ella Vangen kom frå Borolien. Olma vart gift med Johannes Vangen, som også er med på filmen. Ella vart gift med Kristian Thomasstuen. Ho med skaut ved mjølkerampa skal vere Karen Baukhol, og ho som sit einsleg på rampa er truleg Karen Renshusløkken. Det er Iver Odenrud som køyrer mjølkebilen innpå Valsseter.
Frå Vinstra ysteri 1937
Gammal film frå Vinstra Ysteri. Filma av den kjende filmfotografen Paul Berge frå Fåvang. Det er Anne Marie Tron (f. 1918) frå Sør-Fron som les kommentarane. Ho jobba ikkje der, men ho kjenner att fleire som er med på filmen. Dessutan har ho mykje å fortelje vedrørande ystinga, fordi ho var budeie på Isum-setra i ei årrekkje og ysta mang ein ost.