RASMUS STAURI OG ARVID ØDEGAARD: Pål Kluften fekk reist steinen under det andre Per Gynt-stemnet, den 16. mai 1932, som markering av at det var 200 år sidan Per Olsen Hågå var fødd. Støtta står ved kapellet i Sødorp, der kyrkja stod før 1910. Treskjerar Per Haugen godt assistert av sødorpingar fann ein spesiell stein frå Fiksdalen og fekk sett han opp med slik innskrift:
PER GYNT
Per Olson Hågå
1732-1785
Det er likevel grunn til å hevde at initiativtakarane stolte for mykje på den rådande munnlege tradisjon og valde feil person: Per Laurissen Hågå på 1600-talet er truelg den «historiske Per Gynt».
0 Comments