Den sentrale gravhaugen på Hundorp har hatt fleire namn. Etter 1907 har namnet «Olavshaugen» vore mest brukt. På 1800-talet vart haugen kalla «Gudbrandshaugen». Namnet «Langjordshaugen» er også kjent, men har ikkje vore brukt i nyare tid. Ingen veit kven eller kva som ligg i haugen. Den fleire meter høge granittsteinen kom frå Idd ved Halden og vart avduka 29. juli 1907, altså til olsok. Den gongen samla folk seg ved haugen til eit festprogram med taler og musikk før avdukinga.
Ein komité leia av skulestyrar Stauri på Vik i Kvam stod for ideane og arbeidet med å få minnesteinen over Olav Haraldsson reist på ei grav frå heiden tid – eit symbol på kristendomen, som tok plassen til den gamle trua, alt ifølgje Snorre. Gravhaugen og minnestøtta med påskrifta Olav Haraldson 1015-1030 står i dag fram i eit nasjonalromantisk uttrykk, og er eit vitne om at etter lausrivinga frå Sverige i 1905 var det viktig å markere og syne fram ulike nasjonale uttrykk. Gravhaugar frå vikingtida var mellom dei viktigaste nasjonale uttrykka i den frie nasjonen Norge.
Finansieringa i 1907 vart ordna ved gåver frå folk i dalen. Desse pengegåvene varierte frå 25 øre til eit par kroner. Fåberg sparebank gav heile 40 kroner. Det raude korset hogge inn på eit omriss over landet minner om Bjørnsons ord i «Ja, vi elsker»: «På det landet Olav malte korset med sitt blod».
0 Comments