
Nær 90 personar møtte fram på lanseringa av Fronsbygdin 2026 på Hundorp Dale-Gudbrands gard torsdag kveld. Vi starta opp med sosialt samvær, kaffi, kringle og boksal inne i hovudbygningen. Sjølve programmet vart halde i gymsalen og det måtte settast fram ekstra med stoler til dei frammøtte. Vi trur dette var rekordstort oppmøte på lanseringa, til ei rekordstor årbok. Riktig nok berre ei side tjukkare enn førre års Fronsbygdin. Redaktørane meiner at dei nå har landa på standarden.

Redaktørane har helde fast ved grønfarga som vart brukt på 25-utgåva, mens framsida prydast av bilde av Hans H. Skurdal, som har fått ein svært grundig og spennande artikkel i boka. Elles har årets utgåve lagt vekt på bruer i Nord-Fron, og vi fekk ein grundigare presentasjon av Steinar Morken sin artikkel om bygginga av Byrbrua. Redaktørane Geir Paulsrud og Erling Skurdal presenterte resten av artiklane på ein ryddig og god måte, der dei ikkje ville gå for djupt inn i dei. Noko må ein overlate til lesarane sjølve. Fronsbygdin 2026 har fått eit breitt spenn i både innhald, tidsepokar og geografi.

Utan denne gjengen hadde det ikkje vore noko årbok. Dette er dei fleste av bidragsytarane i Fronsbygdin 2026. Redaktørane har god tilgang på skribentar og stoff, men det er alltids plass til fleir, for dei som sit på ei god historie eller ein ide til artikkel. Ikkje nøl med å ta kontakt.

Boka kan du nå kjøpe frå våre bokselgarar, som vil freiste besøke dei fleste heimane i bygdene våre. Eller du kan tinge ho av bokansvarleg Roger Slåstuen. Tlf: 902 34 188, e-post: [email protected]. I tillegg er ho få kjøpt hos Norli på Peer Gynt senteret, der Fronsbygdin i fleire år på rad har vore bestseljaren før Jul.
![]()

0 Comments