Kommunestyra ser på motorvognkøyring som heilt overflødig

Slikt vil vi ikkje ha i Fron! Bilde frå Nora Marie Stormyrbakken/Vegar Skar
RAGNAR ØVRELID: Kring 1900 kom dei første bilane gjennom Fron. Kommunestyra var svært skeptiske når det galdt det nye framkomstmidlet:
Kjøring med motorvogn i fast rute innskrenkes til høyst to ganger i uken. Kjørsel utenom dette må det søkes spesielt til kommunene om. Motorsykkel bør ikke tillates. Her i distriktet der det er jernbane, ser vi på motorvognkjøring som helt overflødig. Hestene er redde, og vanskelige å styre når de møter en slik vogn. Og veiene blir slitt ned. På bløt grus vises sporene som etter slepende stokker.
bestemte dei i Nord-Fron i 1909. I Sør-Fron var dei ikkje nådigare. Kommunstyret der såg på bilar og motorsyklar som uheldige. Dei bør helst ikkje tillatast i distriktet, i alle fall berre til visse tider om dagen, som skal bestemmast for kvart tilfelle.

Kva i all verda skal ein med dette? Bilde frå Aase Ekre/Vegar Skar
Herredstyret har ikke sett noen nytte i motorvognen. Derimot har man sett og hørt om farer og vanskeligheter for ferdselen med hester og løse kreaturer som drives etter vegene.
I 1917 høyrer vi andre toner om bilinga. Kommunestyret i Nord-Fron melder nå at dei fleste bygdevegane kan brukast til biltrafikk. Sør-Fron vil derimot avgrense motorsykkel-køyringa til lege, dyrelege og jordmor.

Dyrlegen bakpå?
Utover i 1920-åra blir dei fleste vegane opne for bilruter, og mange bygdefolk fekk konsesjon på slik køyring, både til post, til bygdas eige behov og til turistkøyring. I 1919 sa kommunestyret ja til bilkøyring til Fefor, i 1922 til Fagerhøy (Hundorp-Fagerhøy tok ein time).

Avansert turisttrafikk

Men ikkje 45 km/t! Bilde frå Kari Rudrud/Vegar Skar: Johannes Falkenhaug, Rudolf Falkenhaug, Agnes Selene Tofte, Kari Falkenhaug Rudrud, Finn Falkenhaug, Sigrid utenfor Avholdslokalet ca 1929
I 1929 skulle KNA ha billøp gjennom dalen og søkte kommunnen om å få køyre med den svimlande farten 45 km/t. Da sa Sør-Fron kommune nei. Men dei var på god veg ut i fartens tidsalder, for fem av elleve representantar stemte ja.
I 1930 kom første bilen til Skåbu, på ruta Vinstra-Kampeseter. Det kom også postbil og turistbil til Sikkilsdalen med eigne gjester.

Men var nok ikkje denne han sat på, kronprinsen.
Det var også i 1930-åra Theodor Pettersen på Vinstra køyrde kronprins Olav til prinsehytta i Sikkilsdalen på motorsykkel. I Liadalen ovafor Lo vart vegen for bratt, motoren gjekk varm, og Theodor måtte gå av og pisse på sylinderen. Mange år etter krigen møttest dei to att på Vinstra. Kong Olav kjende Theodor straks og tok seg ein prat, der han mintest oppatt historia.
Bilen vart ikkje det daglege framkomstmidlet i Fron før krigen. Da fortel vel denne meldinga frå Bygdabladet frå 1934 meir om kvardagen:
Nå skal det ikke bli vanskelig å sette fra seg hesten trygt og sikkert på Vinstra. Meieriet har nå bygget 16 nye spilltau, og stor fin garasje med plass til mange biler.
0 Comments