Om oss

Viktig frivillig innsats 

Fron historielag gjer ein viktig frivillig innsats for lokalsamfunnet, storsamfunnet og ufødde generasjonar. Med å ta vare på det som har vore: bygningar og reiskap som tidlegare generasjonar nytta, spor dei sette i naturen, lagnader dei levde, draumar dei drøymde, tankar dei tenkte og ikkje minst: dei minna som berre finst i hovudet på folk, og som må ned i skrift eller på videoopptak.

Slik medverkar historielaget til at nye generasjonar kan vere i ein naudsynt og skapande dialog med fortida.

Her ligg det både lærerike og morosame oppgåver, ikkje minst for ungdom med interesse for nett og videoproduksjon.

 

Triveleg i lag

Når vi møtest til turar, kveldsvandringar o.l. er det ikkje berre arbeid og alvor, – vi legg vekt på å ha det triveleg i lag.

Grasrotandelen

Tipper du Lotto eller eit anna spel hos Norsk Tipping? Da kan du være med å støtte oss, ved å gi Grasrotandelen din til Fron historielag.

Styret

Styret har åtte medlemmer, fire frå Sør-Fron og fire frå Nord-Fron, med fire varamenn. Funksjonstida for medlemmane er to år, og for varamenn eitt år. Halve styret er på val kvart år.

Vedtekter

§1 Føremål

Fron Historielag skal vekke interesse for, og verne om minne frå den gamle kulturen i Sør- og Nord-Fron. Laget skal arbeide for et systematisk vedlikehald av Bygdatunet.

§2 Medlemskap

Alle som har betalt kontingent fastsett av årsmøtet, er medlem av laget.

§3 Årsmøte

Ordinært årsmøte skal haldast innan utgangen av april. Formannen i styret skal kalla inn ved kunngjering i dei lokal blada for Gudbrandsdalen med minst 14 dagars varsel. Styret fastset tid og stad for møtet. Berre dei sakene som er nemnde i kunngjeringa skal behandlast på årsmøtet. Saker som nokon ønskjer å få teke opp på årsmøtet, må styret ha tre veker før årsmøtet.

§3.1 Ekstraordinært årsmøte skal haldast så ofte styret ønskjer det, eller når skriftleg krav blir sett fram av minst 10 medlemmer. Møtet skal kallast inn på same måte, og med same varsel som er fastsett for ordinært årsmøte.

§3.2 Årsmøtet er vedtaksført når minst 10 medlemmer er til stades. Møter ikkje mange nok medlemmer, skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte, og dette er vedtaksført utan omsyn til kor mange medlemmer som møter.

§3.3 Styreformannen leiar drøftingane på møtet. Står røystene likt, gjer røysta til formannen utslaget, med unntak av val, der loddtrekking skal nyttast.

§3.4 Det ordinære årsmøtet skal

  1. Behandle årsmelding og revidert rekneskap.
  2. Velje styremedlemmer og varamenn. Ein halvpart frå Nord-Fron og ein halvpart frå Sør-Fron.
  3. Velje formann blant dei valde styremedlemmene.
  4. Velje revisorar.
  5. Velje eit medlem med varamann til valnemnda. (Valnemnda har fire medlemmer, der eitt medlem går ut kvart år).
  6. Velje styremedlemmer og varamenn for Bygdatunet, ein frå Nord-Fron, og ein frå Sør-Fron kvart år. Styret har fire årsmøtevalde medlemmer med funksjonstid på to år, og to varamenn med funksjonstid på eitt år. Kommunestyra i Nord-Fron og Sør-Fron vel eitt medlem kvar til styret i Bygdatunet.
  7. Behandle årsmelding for Bygdatunet.
  8. Behandle dei sakene som blir lagde fram av styret.
  9. Røysterett på årsmøtet har dei som har betalt medlemskontingent for det året årsmeldinga og rekneskap omhandlar.

§4 Styret

Styret har åtte medlemmer med fire varamenn. Funksjonstida for medlemmene er to år, og for varamenn eitt år. Halve styret er på val kvart år.

§4.1 For at eit styrevedtak skal vera gyldig, må minst fem styremedlemmer, møtande varamenn medrekna, røysta for det. Står røystene likt, gjer røysta til formannen utslaget. Styremøtet blir leidd av formannen.

§4.2 Styret skal

  1. Velje nestformann, kasserer, sekretær seg i mellom for eitt år om gongen.
  2. Styret skal leie lagsarbeidet, og avgjere alle saker som ikkje er lagt til årsmøtet.
  3. Gjennomføre vedtaka til årsmøtet.
  4. Førebu, og gje tilråding i dei sakene som skal leggast fram for årsmøtet.
  5. Leggje fram årsmelding og revidert rekneskap for årsmøtet.
  6. Styret kan velje nemnder for særskilde oppgåver.

§5 Oppløysing

Blir laget nedlagd anten ved årsmøtevedtak eller på annan måte, skal det siste styret melde frå til formannskap i Nord-Fron og Sør-Fron, som skal velje ei nemnd som skal ivareta lagets eige og interesser.

§6 Laget skal være medlem av Gudbrandsdal Historielag.

§7 Vedtektsendring

Endringar i vedtektene må vedtakast på årsmøte med 2/3 fleirtal av dei som møter, etter at framlegget har vore fremja på et tidlegare årsmøte.

(Vedteke 15.04.04)

Styret

Pål Skoe Kjorstad

Leiar

Ansvarsområde: Slektsgransking, dokumentsamliga, gotisk skrift, markvandringar og bildesamlinga.

e-post: [email protected]
tlf.: 990 34 406

Tormod Bråten

Nestleiar

Ansvarsområde: Heimeside, Facebookside, bildesamlinga, Fron bygdatun, arkeologi og kulturminner.

e-post: [email protected]
tlf.: 905 53 320

Åge Jevne Hagestuen

Kasserar

Ansvarsområde: Økonomi og medlemslister

e-post: [email protected]
tlf.: 986 86 781

 

Åmund Bækken Blakar

Sekretær

Ansvarsområde: Referat og heimeside

e-post: [email protected]
tlf.: 958 98 450

Egil Myhre

Styremedlem og bokansvarleg for Nord-Fron.

Ansvarsområde: Boksalg, boklager og medlemslister. 

e-post: [email protected]
tlf.: 970 67 723

Møyfrid Kalstadstuen

Styremedlem

Ansvarsområde: Seterboka

e-post: [email protected]
tlf.: 958 80 474

Ragnhild Wadahl

Styremedlem og bokansvarleg for Sør-Fron.

Ansvarsområde: Bygningsvern, slektsgransking, arkeologi og kulturminner.

e-post: [email protected]
tlf.: 996 08 339

Marit Håkenstad

Styremedlem

Ansvarsområde: Medlemskveldar

e-post: [email protected]
tlf.:
911 23 056

 Varamedlem i styret

Anna Brandstad Lien | Per Seielstad | Per Oluf Solbrå | Aud Lunde Renshusløkken         

Historia om Fron historielag

Utdrag frå ein artikkel av Ola O. Røssum i Fronsbygdin 2003:

Det var Gudbrandsdal historielag som sto for skipinga av Fron historielag (som av dei andre historielaga i dalen). Organiseringa var gjort med tanke på å få gitt ut bygdabøkene til Ivar Kleiven, i vårt tilfelle Fronsbygdin (1930) . Det sterke bandet mellom Fron Historielag og Gudbrandsdal Historielag kom til å bli ståande ved, og er vedtektsfesta med § 6, som slær fast at laget skal vera medlem av Gudbrandsdal Historielag.

Det fyrste styremøte i Fron historielag vart halde på Vinstra 9. mars 1929. Styret konstituerte seg og vart samansett slik: Jon Harildstad formann, Even Sveipe nestformann og Thor Aasmundstad kasserar. Dei andre styremedlemene var Rasmus Stauri, Ole Brandvold, Halfdan Haanshus, Albert Wadahl og Nils Bjerke.

Fron Brandassuranceselskap hadde gitt 600 kroner til Fron historielag, og pengane skulle nyttast til å betale «portrætstoffet» til Fronsboka. Skulle det bli pengar att, skal historielaget nytte det etter eige «tykke». Historieskrivaren sjølv, Ivar Kleiven var med på møtet. Dei bileta som skulle vera med i Fronsboka, vart valde ut, og det vart gjort vedtak om at  Kviknemålet skulle nyttast i heile boka, utanom direkte tale eller skrift. Det er serskild nemnt i møteboka at Ivar Kleiven var einig i denne ordninga.

Arbeidet med å få ut Fronsbygdin av Ivar Kleiven vart fråseggjort, og andre storarbeid var det ikkje tida til å setja i gang med.  I 1930 er det ikkje meldt om noko møte i Fron historielag. Det arbeidet som vart gjort, var det nok formannen Jon Harildstad som sto i med. 1931 var heller ikkje noko travelt møteår, med berre ei samling, som var årsmøtet den 8. november på samvirkelaget i Skåbu.  9 medlemer har skrivi under møteboka, og frammøtet har nok ikkje vore større. 8 var frå Kvikne og Skåbu, den niande var Even Sveipe, den einaste «nedanfrå». Dette fortel nok sitt om kor tungvint det var å koma bygdamellom den tida, og at det var rett å skifte på med møtestadane, slik vi ser at dei har passa på.

Etter det møteboka fortel, gjekk det nå 4 møtefrie år, fram til nytt årsmøte 26. mai 1935 på Hundorp. Nytt årsmøte vart det ikkje før den 27. august 1939 på Harildstad. Underskriftene fortel om sju frammøtte medlemer på det som skulle bli det siste møtet i Fron historielag føre krigen. Fem dagar seinare gjekk Tyskland til åtakskrig mot Polen, og den andre verdskrigen var i gang.

For Fron historielag vart det opphald i arbeidet i seks år. Det fyrste årsmøtet etter krigen vart halde på Vinstra 31. mars 1946. Det var formannen i Gudbrandsdal historielag , o.r.sakførar Joh. Krukhaug som leidde møtet. Han mintes to av dei berande krefter i Fron historielag, Jon Harildstad (1866-1942) og Even Sveipe (1866- 1943), som båe var gått bort i krigsåra. Jon Harildstad hadde vore formann frå starten i  1928 til han fall i frå på ettervinteren 1942.

Møteboka fortel ikkje om noko anna liv i laget dei fyrste seks etterkrigsåra, og det neste årsmøtet vart ikkje før 3. juni 1951.

Årsmøtet drøfta planen om ei gards-og slektshistorie, og  slo fast at den viktigaste arbeidsoppgåva nå framover blir å samle stoff og pengar til gards- og slektshistorie for Fronsbygdene.

31. januar 1953 gjorde styret vedtak om å laga ein fest i samband med årsmøtet. Engebret Haugen og Einar Hovdhaugen skulle vera med og halde foredrag. Båe var aktuelle som bygdabokskrivarar, og styret ville nok gjerne få synt dei fram og la frøningane få høyre dei.

Inngangspengane til festmøte og foredrag vart sett til kr. 2,50. Årsmøteprotokollen viser at det svara seg å leggje opp eit noko meir forseggjort program. Frammøtet vart betre enn det hadde brukt å vera, 22 medlemer møtte.

Årsmøtet 1957 var i kommunehuset i Sør-Fron, med godt frammøte. Etter årsmøtet var det medlemsfest med utstilling av gamle pryd- og bruksting frå Sør-Fron. Det var mange som ville sjå utstillinga, og det vanka mange godord. Til festen var det prolog av Olaf Storløkken, Einar Hovdhaugen heldt foredrag og elevar frå Gudbrandsdal folkehøgskule underheldt. Eitt av godorda: eit i alle delar vellykka tiltak.

Det skulle gå 4 år til neste årsmøte, som var på Bøndenes Hus på Vinstra, og halde i enklare former. Frammøtet var deretter, 9 medlemer stilte opp.

Årsmøtet gjorde vedtak om å ta opp arbeidet med eit bygdatun for Fron.

Årsmøtet 1967 vart lagt til  Kvam bygdahus, og komiteen hadde lagt mykje arbeid på ei større bygdautstilling. Det vart registrert meir enn 900 bruks- og prydgjenstandar med tanke på utstillinga, berre omlag ein tredjedel vart utstilt, men resten vart katalogisert med tanke m.a. på framtidige mønstringar av gamal kulturarv. Av dei utstilte tinga kan nemnast sju  av dei heimebygde Lomske såmaskinene. Berre dette gjorde utstillinga til ei maskinutstilling utanom det vanlege. Ivar Brandvol har notert i margen på møteboka at utstillinga vekte stor interesse og vart besøkt av mykje folk. Registreringa er teke vare på, og det kunne vel snart vera på tide å kalle inn att utstillarane for å sjå kor mykje som kan finnast att av det som vart registrert den gongen. 

I 1974 vedtok styret at historielaget skulle prøve å få filma gamle arbeidsmåtar i jordbruket, i fyrste omgang nydyrking, våronn, hausting av korn trysking o.s.v. Formann og sekretær skulle førebu saka.

Filming vart det i 1975. Hans Petter Kleiven var kameramann, og emnet for filmen var møkkakjøring med hest og kjerre, pløying, horving og såing, alt med hest. Filmen skulle ha premiere på fyrste årsmøte. Framsyninga fall i smak, og årsmøtet vedtok å halde fram med filminga.

Årsmøtet 1978 gjorde vedtak om å høgtide 50-årsjubileet med stor fest og jubileumsmelding, som Oddmar Myrum fekk i oppdrag å skrive, og som har vore ei viktig kjelde for 75-årsmeldinga som ennå er under arbeid, medio juni 2003. Jubileumsfesten vart halden den 23. september 1978. Mellom dei innbedne gjestene var formennene i grannelaga Ringebu Historielag og Heidal Heimbygdslag, styret i Gudbrandsdal Historielag og i Dølaringen, Einar Hovdhaugen, museumsdirektør Fartein Valen Sendstad, konservator Leif Løchen, ordførarane i Sør-Fron og Nord- Fron, og ikkje å forgløyme æresmedlemene. Ragnhild Kjorstad las prologen ho hadde skrivi. Sigurd Haraldseid heldt festtala. Formannen Olaf J. Brandstad styrde med festen, Ola Rolstad som ordstyrar heldt greie på talarlista ved middagsbordet. Anton Amundard sto for det musikalske, både til underhaldning og til dansen utover seinkvelden og vel så det.

I 1984 tok styret opp det dei meinte var feil i bruken av Hundorpnamnet, ein feil som skriv seg heilt attende til bygginga av Otta-banen, ikkje i det førre hundreåret, men hundreåret før det att!  Jernanestasjonen vart lagt på garden Hundorp, og  namnet vart Hundorp station. Verre var det at posthuset vart lagt her, og at ein stor del av frøningane fekk postadresse Hundorp st. Det neste var at da posthuset vart flytt frå stasjonen, følgde adressa med, og (enda  verre!) nå utan st., adressa vart  beint fram Hundorp. Snart budde ein stor del av frøningane på Hundorp, kommunehuset og tettgrenda omkring vart heitande Hundorp, ja til og med den gamle Fronskyrkja, nåverande Sør-Fron kyrkje sto i fare for å bli omdøypt til Hundorp kyrkje. Styret i Fron historielag såg seg da nøydd til å gjera dei styrande i Sør-Fron ansvarlege for at ein slik namnebruk ikkje fekk halde fram.

Sør-Fron er namnet på kommunen og bygdasentret, og sjølvsagt på kyrkja. Historielaget bed Sør-Fron formannskap gjera sitt til at feilnemningane som det har peikt på ikkje fær feste seg.

Det er berre 25 år att til det store, runde jubileumsåret i 2028. Dei som tykkjer at det kan bli i lengste laget å vente, kan alt nå kike neste jubileumsmelding  i korta, med å lesa om årsmøtet 2003 i meldingsbladet Fron nr. 1,  11. årgang som kom i juni 2003.

Som det er med så mange i den alderen, Fron Historielag slit med datamaskineriet, og har lenge visst med seg sjølv at dette er ein kneik det lyt vinne over.

Historia om logoen

I 1994 kom det framlegg om at historielaget måtte få seg ein logo, og fleire nemnde motivet i dørringen frå den gamle kongsgarden Steig, ein drake som bit seg sjølv i sporden. Det vart vedteke å lyse ut ein idékonkurranse, med utgangspunkt i denne dørringen – eller andre motiv.

Steig er nemnd i Heimskringla og var kongsgard frå omlag 1200 til 1600.

Eigaren av garden tidleg på 1000-tallet, Tord Guttormsen Istermage, var hovding over gudbrandsdølane og blant dei mektigaste menn i Gudbrandsdalen.

Tord  Istermage gifta seg seinere med morsøster til Olav den heilage. Dei fekk ein son, som vart kala Tore frå Steig (Steigar-Tore). Tore var den fyrste rikspolitikaren frå Gudbrandsdalen og spela ein sentral rolle i norsk historie. Han fostra opp Håkon Magnusson Toresfostre på garden. Håkon vart seinare  konge ein kort periode. Barnebarnet til Steigar-Tore, Ingebjørg Guttormsdatter, gifta seg med kong Øystein I Magnusson.

I 1996 kunne styret presentere den nye logoen. Den allsidige og originale kunsthandverkaren Ragnvald Frøysdal (1929-2003) teikna han. 

Hvordan bidra?

Ta kontakt

Lurer du på hvordan du kan bidra? Ta kontakt:

990 34 406

Redaktør for denne nettsida

Carl Henrik Grøndahl

Trønder. Skribent. Tidlegare journalist og kritikar i Aftenposten, kulturredaktør og kanalsjef i NRK Radio

Som produsent og dramatikar i NRK Radioteatret jobba han særleg med Henrik Ibsen.

Han har gitt ut fleire bøker, bl.a. om teater, om Sigrid Undset, om Kringkastingsorkestret og om lokalhistorie. Og har skrive fleire høyrespelseriar for Radioteatret. 

Oppretta denne heimesida i 2013. 

Loading