Kom og sjå steinen som var betaling for dokterbesøk

Da Fron historielag tok til å sjå seg om etter ein høveleg plass til bygdatun, hadde Milsteinlykkja god byggegrunn, låg nær saga og kverna ved Sula. Dette var store fordelar. I 1975 kom arbeidet i gang. Målet var å byggje opp eit husmannsbruk i det øvste skiktet med dei husa og det utstyret som naturleg høyrde til. Her er fjos til 4-5 kyr, stall, stabbur, låve og smiu. Kom og sjå lørdag 10. juni kl. 11. Vi får besøk av smed frå Pål Liens smie, som vil syne fram smedarbeid. Husflidslaget demonstrerer brikkevev og nålebinding. Historielaget spanderer kaffe og «bite-ti». Saga og kverna blir ikkje køyrt denne denne dagen, så all aktivitet blir samla på Bygdatunet.

Kvifor heiter det Milsteinlykkja? Fordi det sto en milstein her ein gong. Historielaget fekk han på plass att. Det er fortalt at ein blakk pasient ein gong brukte steinen som betaling for eit dokterbesøk. Da oppbygginga av bygdatunet kom i gang, vart steinen gjeve som gåve til historielaget: Steinen var sterkt prega av tida og trong restaurering. Monogrammet til danskekongen Christian 5. øvst på steinen var greitt, men merket lenger nede var nesten borte. Til slutt enda ein på hugge inn C7 – Christian 7. I ettertid viste det seg at det fanst att eit par andre milsteinar i betre stand, og som viser at det nedre merket er monogrammet til statthaldaren i Norge, Ulrik Frederik Gyldenløve, halvbror til Christian 5.
Uansett – velkomen inn!
0 Comments