Alt er klart for Fronbygdin 2018 torsdag kl 19
Kva er oud? Vert kalla instrumentenes konge, namnet al-oud kjem frå det arabiske ordet for tre, kom til Europa frå Nord-Afrika, er ein forgjengar for lutten, og det spelast av ein kar frå Hundorp. Han heiter Andreas Vangen Andersen, og du kan høyre han torsdag på biblioteket Vinstra, der du ôg er med på lanseringa av Fronsbygdin 2018. Andreas Vangen Andersen gjekk på VVS og har studert ved Norges musikkhøgskole.
Dette er 15. utgåva av Fronsbygdin, boka er tjukkare enn vanleg, og redaktør Rasmus Stauri deler nokre tankar etter desse 15 åra. Småbruket Givervolden i Sorperoa forsvann da ny E6 kom, Tor Larsen har skrive om småbruket, og du kan høyre han fortelje historia. Og sjølvsagt har Gard Espeland som vanleg ein fresande god gjennomgang av artiklane i boka. Leiar i historielaget, Ellen Steberg, ønskjer velkomen.
Attpåtil blir det servering og triveleg samvær.

Torsdag kveld kl 19 treff du dei: Ellen Steberg, Rasmus Stauri, Gard Espeland og Tor Larsen
0 Comments