Påskekrim: Da Marit Solbjør vart borte

by | 19. mar 2016 | Biografiar, Folketru | 2 comments

Noko hadde ein gong lagt skugge over livet hennar

påskekrim

Ho hadde vore hos presten og skrive seg inn til konformasjon. (Ill frå  boka Budbringeren i serien Nattmannens datter frå Norske Serier.

IVAR KLEIVEN: Ikkje lenger enn for 95 år sidan vart ei det innteke  ei ung jente på den eine Solbjørsgarden på Sødorp. Ho heitte Marit og var dotter hans Ola Solbjør, ho var 15 år og nettopp heimatt komme på eftaleien, ho hadde vore hos presten og skrive seg inn til konfirmasjon om dagen.

Det var midt i striaste epletakinga, og mannen og ein til dreiv og grov opp eple, og da det tok til å skjømme, vart ho Marit gjort iveg og skulle finne ihop småkrøttera oppi lia ovanfor garden og få dei i hus om natta. Ho gjekk opp i Solbjørshaugen, der dei gjennast gjekk imot kvelden.

Best dei to eplegravarane dreiv og grov, fekk Ivar Øykjelykkja sjå ein stor loskje oppi Solbjørshaugen, det lyste som av ein riktig stor lågåvarme, og der såg han skilligt ho Marit sprang rundt kring varmen, og eit kvinnfolk var etter ho, retta fram armane og såg ut til å ville ta ho Marit – dette kvinnfolket skratta kaldt og hardt medan ho flaug etter ho Marit.

«Men kjære, kå kann dette vera?» sa Iver Øykjelykkja. Far hennar Marit, han Ola Solbjør, slo opp hugu med det same og fekk såvidt sjå ein skimt av desse oppi haugen, han ôg, men da vart dei bort med eitt, og det leid så langt på eftan, at det hadde vorte mykje mørkt. Båe to skjøna at det måtte vera noko gale på ferde med ho Marit, og dei skunda seg oppi haugen fortaste dei vanst og leita og ropte på ho Marit i lang tid, men korkje såg eller høyrde nokon ting – ho var søkkjande borte.

klokke03

På tauga såg det ut til dei skulle vore avskore i klokkeveiva med ein kvass kniv.

Da ho ikkje var attkome om natta, vart det samla folk på morgonen og leita i kvar ein skort i Solbjørshaugen, og det vart gjort to karar i veg som skulle ringje med klokkene i Sødorpkyrkja. Klokketauga gjekk den tida ned gjennom flat-taket, så ringjarane stod på kyrkjegolvet medan dei ringde. Dei to karane gjekk inn i kyrkja og fata kvart sitt taug og – så kom båe dei tunge tauga rennane nedover dei, og den eine fekk ein smikk i hugu, så det var nære gjort han rauk i koll. På tauga såg det ut til dei skulle vore avskore i klokkeveiva med ein kvass kniv; nå vart det ikkje noko meir med ringjinga.

Det samla seg folk på Solbjør frå alle leide, så det stod reint svart på garden og oppover mot haugen. På eftaleia fekk dei presten til å koma, han Peter Schnitler, som var fast kapellan den tida; han kom i prestkleda og  stelte  seg opp ved Solbjørshaugen, der dei tenkte seg ho Marit var inni. Presten tok opp ei bok og las noko utur ho, så retta han opp hendene og sa: «På Guds og mitt hellige embedes vegne byder jeg dig, Marit, at komme ud!»

Da høyrde dei målet hennar Marit inni haugen, ho svara presten og sa: «ho Ømjer vil itte som du og Gud!» Presten heldt ved med då lage ved ho og spurde korleis det var der inne i haugen, og da fortalde ho at ho stod på ein benk, men var bunden attåt han Minste-Lars med noko band, som ho Ømjer hadde bragda av garn ho Eli hadde spunne og ho Ragnhil hadde lêta. Han Største-Lars, sa ho, sat oppi eit hol i taket. Presten spurde om ho såg han og folket omkring. Ja, ho såg dei, «og der e  n`godfar Skoe au», svara ho. Så spurde presten om ho ikkje kunne sleppe ut, og på det gav ho det svaret at ho ikke såg noko dør. Sist spurde han ho kor langt det leid på dagen. «Di klukke står», svara ho, «men her er klukka svær te å gå, nå er ho sju, og nå kan det vera på tid at folket går sin veg, for ho Ømjer og n´Lars lika itte dette ståke.»

Presten såg på klokka si, og det var sant som ho Marit sa: ho hadde stana. Folket stod fælne omkring og høyrde på dette, men alle kjende seg hjelpelause med å få ho Marit løyst ut av haugen att, og det var ikkje anna å gjera ved det, enn skiljast og gå kvar til sitt.

Dagen etter samla folket seg att på same gjerda, some gjekk og leitte på alle opptenkjelege stader, some gjekk der oppskaka og undrast på om ikkje noko ville hende når tida kom.

Da fann han Svein Tjyruvaet på å gå oppå stalltrevet og leite der; det låg eit drugt høystål der, som han fôr over, og da det var gjort, ville han sleppe seg ned i fôrrommet i stallen gjennom stalltrevholet. Med det same han var ferdig til å sleppe seg ned, fekk han sjå det kvite i anletet hennar Marit, beint under stalltrevglugga. Ho låg på stallgolvet og såg ut til å vera meire dau enn levandest.

Det spurdest med ein gong at ho Marit låg på stallgolvet, og folkehopen stimde i hop for å sjå ho. Ho låg som i svime, bleik som eit lik, og så var ho bunde båe på hender og føter med noko forunderleg rare band, som ingen hadde sett maken til. Pål Skoe skar bandet av med tollkniven sin og tok og kasta banda på varmen inni stua på Solbjør, men sidan angra han på at han brende dei opp, for dei var så besynderleg rare, sa han.

Om ei stund rakna ho Marit ved seg att, og det gjekk ikkje mykje lengje før ho kom seg, og ho såg ut til å vera som ho før hadde vore. Ein kann tenkje seg at ho vart fretta og utspurd om korleis dette hadde gått til med ho, og om korleis ho hadde det den stunda ho var i haugen, men det nytta ikkje å få ho til å gje noko svar, korkje på det eine eller det andre.  Og gjekk dei hardt på ho, vart det berre gråten med ho. Ho ville ikkje ut med nokon ting.

Det gjekk ei tid etter dette, og ho Marit såg ut som ho heldt på å kome i det gamle laget sitt, ho var kanskje liksom noko stillare av seg om dagane, så mor hennar stadigt heldt ho under auga og fylgde med ho på fot, så snart ho gjekk utom døra.

Så var det ein dag mora sat og spann i stua på Solbjør, og ho Marit sat med og karda; rett som dei sat såleis, la ho Marit frå seg kardane og gjekk ut. Mora laga seg etter og såg at Marit tok gardsstien nordover til Skoehaugen, og mora spurde ho kvar ho ville, men fekk ikkje noko svar, ho snudde ikkje ein gong på hugu. Mora onna seg etter meste ho kunne, og da dei kom mest innåt husa på Skoehaugen, vart ho Marit tvert borte, som ho skulle dufta bort, eller sokkje ende ned i føtene der ho gjekk – nå bar det nok inn i haugen med ho på nytt lag.

Denne gongen var ho borte eit døgn eller to, og det var på ei underleg gjerd ho fanst att nå, ôg. Det kom ein av skyldfolka til mor hennar Marit til Solbjør den andre dagen etter ho Marit vart borte att, det var Jehans Kjorstad på Sør-Fron. Han sette seg på ein sengebenk inni stua og sat laga ved kjerringa. Best han sat, kjende han det ga ein skomp under botnen på sengjenbenken, men han endsa ikkje større på det med det same. Om litt kom det ein skomp til, og da reiste han Jehans seg og sa: «Nei, e sit visst atti vegja for nå´in, så e lyt fløtja meg.» «Ja, du sit atti veiga for n`Ømjer!» hørde dei det sa fra benken. Målet var hardt og kaldt, men dei kjende målet hennar Marit.

Det vart stor undring og reddågå attåt, men kjerringa gjekk opp på stugo og ville finne biteti til framand-mannen. Da ho skulle gå ned att, vart ho vâr, det var slått opp ein flik av skinnfell-været ved hugugjerde på senga. Dette ville ho stelle på, og da fekk ho sjå at ho Marit låg i senga under alle sengekleda. Med det same såg ho ut til å vera livlaus, kvit som snø. Men ho var ikkje bunde korkje på hand eller fot denne gongen, og ho kom seg att om ei tid, nå au.

Korleis det hadde vore med ho og korleis ho var kome under sengekleda oppe på høgstua, kunne ingen skjøne, og ho sjølv hadde ikkje nokjo greie på det. Å spørje ho nytta lite, for ho gav ikkje noko svar på det.

Foreldra gjekk med ei stadaug hugsott og ein stor otte på seg, men det såg mest ut til at det skulle gje seg med desse underlege hendingane nå, og Marit var lik til å bli som ho før hadde vore om åra.

Men da det hadde gått ei tid utover hausten, vart ho stoms borte att og var borte eitt eller to jemdøger. Denne gongen fanst ho att i tørrstua på Solbjør, endslaus og elendig, så sotat og svart som ho skulle vore drive etter veggane i dei gamle røykjestuene. Det var Iver Øykjelykkja som fann ho, men dei venta ikkje ho skulle stått imot denne venda, så reint elendig var ho.

Men ho kom seg att trea venda ôg, og nå vart ho ikkje borte oftare.

Ho Marit Solbjør vart ei lugum, sterkhelsa og godt godtese jente. Da ho vart vakse, vart ho vel gift til ein liten gard i Skodalsgrenda og levde til i 1895. Heile livet var ho imot å minnast dei underlege hendingane frå konfirmasjonsåra hennar heime på Solbjør. Det hende at some spurde ho ut om inntakinga, men ho fortalde aldri noko og hadde lett for å koma på gråten, når dette vart nemnt. Ho var ikkje tunglynt i dagleg lag, men ho hadde eit drag over augo som liksom minte om at det var noko som ein gong hadde lagt skugge over livet hennar.

Mor hennar Marit Solbjør la ofte mer til at når ho gjekk i sjøldæle heime på Solbjør, etter ho var konfirmert, song ho ofte på ein kulokk som mor hennar aldri hadde hørt, og som ho trudde dottera måtte ha lært da ho var innteke. Dottera song lokken ofte, og mora lærte bårde ord og tone. Dei bad ho ofte om å syngje denne kulokken, for tona tykte dei var så vakker, men da ville ho aldri ut med han, ho song han berre i einstøde for seg sjølv.

Mor hennar lærte orda slik:

Erti og Sverti Svane
Vetle Karduse og Krita.
ho Sokketore og Brita,
vetle Maduse og Støvelmann,
Mari og Kari, Kristian,
Opstein og Herstein og Tyra
lokka over Rêsmyra:
kom ku, kom kalv, kom kyra!
kom ku, kom kalv og alle di orolege dyra!
Kom sme´en fran med håmår og tong
og sette sitt merkje på stutehønn.
dæ voldte den skalkote lensmann;
ho Rabu-Synne, ho lækraste Mari,
ho Bårkebak-Kari, ho Reolô.
Raute, Skaute, kom langt ifrå di,
kom Skinfelluksin, kom Ullfelluksin,
kom Ullfellbrann!
Himatt kom n´Ola liten guten sein om kvelln;
n`Tingen Torsson, Tor Gunnersson, Gullen Garsson,
Gar´-Ragnhil, Ragnhil Rasmusson sat og song burti haugom
Farsi, Farsi, Fagerli-fe!
Kom Fromsli, kom Gjøkoli!

Frå Fronsbygdin 1930

2 Comments

  1. Marit Tardy

    Lurer på om det er noe sant i dette.
    Veldig intressant og håper på mere
    artikler framover.m

    • CHG

      Du veit, noko har hendt med ho, noko som satte igang desse fantasiane hos folk og forteljarar. Kanskje har ho vore annsleis, kanskje ei dei ikke heilt vart klok på, kanskje hadde ho underlege fantasiar og draumar. Kanskje vart ho utsett for noko ho ikkje våga fortelje om? Det vi kan vere heilt sikre på, er at slik Ivar Kleiven har høyrt og fortel historia, det hende ikkje. Ingen vart nokon gong «teke i berg», dei underjordiske finst ikkje – det var forklaringar dei brukte, når noko skjedde, som dei ikke forsto og ikkje kunne forklare. Det er det som er så spennande å fantasere over – kva hende eigentleg, når dei dikta i hop desse segna? Det kan nok hende at det gøymde seg både voldtekt og drap bak forteljingar om at «ho vart bergteken».

Submit a Comment