Per Skreddarstugun og fjoset på Hov

by | 28. aug 2014 | Folketru | 2 comments

skbusegnperFJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?: Det var ein gong ein som heitte Per Skreddarstugun. Han skulle ha opp eit fjos åt brukaren på Hov. Han skulle ha det i stand til dei reiste til setra om våren. Brukaren på Hov var grinut åt «om, fordi han ikkje tok til snøgt nok, men så sa Per: «Å, e ska nok få det i stand». Då det var att 14 dagar før dei skulle reise, tok Per til. Det skulle vera eit stort fjos, det skulle rome 20 kryter. Når det kom folk nedi lia nedanfrå, høyrde dei at det hogg mange, men når dei kom so langt at dei såg han Per, sat han og hogg åleine. Etter 14 dagar var fjoset fullt i stand.

2 Comments

  1. Olaug Askheim Aas

    Det hadde vori artig om namnet på dei som har skrivi dei ymse bidraga og blir sett på trykk. Da kan ein og finna ut årstalet. Truleg er det skuleåret 1934-35.

    • CHG

      Det står dessverre ikkje namn i heftet. Alle bidraga er anonyme.

Submit a Comment