
Per Tofte var den første Peer Gynt ved Gålåvatnet. Dei siste to åra har han spela presten i femte akten. I Fronsbygdin 2015 fortel han om livsreisa si. Foto: Carl Henrik Grøndahl
Skodespelaren Per Tofte har skrive spissartikkelen i Fronsbygdin 2015, som blir lansert på Rudi gard torsdag 29. oktober. Han fortel om sitt eige liv på scena i inn- og utland, heilt frå han debuterte i 1963 på Trøndelag Teater. Tittelen på artikkelen er Frå Steingeilen til Champs Elysées. Mellom desse ytterpunkta har Per Tofte levd det meste av livet sitt. Han har spelt ved fleire teatre i tillegg til ei rekkje filmar og tv-seriar, og han blir ikkje minst hugsa som den fyrste Peer ved Gålåvatnet frå 1989. Det er ei fascinerande livreise han fortel om i denne rikt illustrerte artikkelen. Du kan få boka på lanseringa. Det er mykje å kose seg med her.
0 Comments