Reir for dei revolusjonære og for kaksane

by | 26. nov 2021 | Verksemder | 2 comments

Bøndenes hus og Folkets hus monument over klasseskille

Huskomheihuset. Foto: Pål Kluften / Maihaugen
Kaksereiret . Foto: Dølen
 

RAGNAR ØVRELID: Dei staselege bygningane Folkets Hus og Bøndenes Hus på Vinstra, berre eit par steinkast frå kvarandre, bygde omlag samtidig, står i dag som monument over det klassedelte fronssamfunnet i mellomkrigsåra. Det var utenkeleg den gongen at arbeidarlaga og «distriktets jordbruksinteresser» skulle ha gått saman om eitt forsamlingshus. For bøndene stod Folkets Hus som symbol på revolusjonære omveltningar i bygda, på dei nye tider som hadde rista det gamle maktgrunnlaget deira. For arbeidarar og småbrukarar var Bøndenes Hus eit kaksereir, eit fortidsminne om herredøme over bygda.

Slik delte forsamlingshusa bygda i to. Det hende ikkje sjeldan at foreldra nekta barna å gå på fest i Folkets Hus, «dette huskomheihuset». Og eg har sjølv møtt eldre småbrukarkoner som var stolte av at dei aldri hadde sett sine bein i Bøndenes Hus.

Mykje av den same todelinga av bygdelivet kan vi sjå i Sør-Fron også: der heldt arbeidarlaga seg til Folkets Hus på Harpefoss, mens andre organisasjonar brukte lokala i Kommunehuset og på Lidarende. På same måten var det i Kvam.

Folk flest her i bygdene hadde meir enn nok med å kome seg gjennom kvardagen i 1930-åra. Verst var det i tida frå 1933 til 1936 med arbeidsløyse, pengemangel, tvangsauksjonar, kommunal naud og politiske motsetningar. Enkeltpersonar og frivillige vart ikkje akkurat inspirerte til kulturelt overskot i denne tida. Det var derimot dei politiske og faglege organisasjonane. Merkeleg nok greidde fronsbygdene i desse åra å reise fire store forsamlingshus. Arbeidslaga bygde Folkets Hus på Harpefoss (1932) i Kvam og på Vinstra (1936). Bondelaget stod bak Bøndernes Hus på Vinstra (1933). Her kom nye og andre  tilbod til bygdefolket: omreisande turnéar av mange slag, foredrag og det kom fast kino i Folkets Hus på Vinstra i 1937.

Langt på veg gjorde krigsåra slutt på den gamle grensa mellom forsamlingshusa i bygda. Inngrodde holdningar og samkjensler sit sjølvsagt djupt og fast. Men etter 1945 gikk i alle fall ungdommen like gjerne på Folkets som på Bøndenes, berre det var fest. Og i Sør-Fron kunne frilynde ungdomslag møtast på Folkets Hus alt frå 1940.

Og ikke berre det. Både i Lia i Sør-Fron, i Ruste, i Skåbu og i Kvam har foreiningar av alle kategoriar slått seg saman om å sette opp nye, felles bygdahus. Dette skjedde ikring 1960. I andre distrikt av fronskommunane har laga i fellesskap overtatt nedlagde skolebygningar og gjort dei til grendahus for alle slags aktivitetar. Her er eitt eksempel på den nye fellesholdninga som vart skapt under krigen, og som utvikla seg i åra etter: I 1964 overtok A/L Bygdahus det gamle fråhaldslokalet «Lidarende» i Lia i Sør-Fron. Desse organisasjonane stod saman om tiltaket:

Fråhaldslaget, idrettslaget, songkoret, ungdomslaget, bygningsarbeidarforeninga, arbeidarlaget, husmorlaget, arbeidarungdomslaget, treindiustriarbeidarforeininga, bondelaget, tekstilarbeidarforeininga, arbeidarkvinnelaget. Noko slikt ville i alle fall vore utenkeleg 25 år tidlegare.

Dei tradisjonelle posisjonane vart likevel ikkje alltid oppgitt utan vidare. I Kvam var det på tale å bygge bygdahus i 1960. Arbeidarlaget der skulle da selje sitt Folkets Hus til fordel for innskot i bygdahuset. Men da protesterte den harde kjernen i Arbeidarlaget. Det nye andelslaget ville bli samansett av 12 representantar for arbeidarrørsla. Mot seg ville desse få 20 representantar frå borgarleg side, pluss 10 upolitiske. På denne måten ville «arbeiderbevegelsen få for liten innflytelse i husets styre», meinte dei standhaftige. Men i 1960 var dette blitt gamle tonar, protestantane var dessutan i mindretal. Til og med landsforeininga for Folket Hus bad arbeidarlaget i Kvam om å selje. Vel var huset mykje brukt, men det var i elendeg forfatning. Enden vart at Folket Hus i Kvam vart selt som bedehus til baptistane, og at arbeidarlaga gjekk inn som partshavarar i det nye bygdahuset, som til og med fekk finansieringsstøtte frå Folkets Hus Landsforbund.

i 1970- og 80-åra vart begge dei tradisjonrike forsamlingshusa på Vinstra tatt i bruk til andre formål. Bøndenes Hus vart butikk, Folkets Hus vart kino med amfi-sal og elles eit reint forretningsbygg..

Kvar vart ungdomen av? Vi kan like det eller ikkje: etter 1970-åra har ungdomen flytt ut av dei gamle forsamlingshusa. I dag sit dei ved leksepulten eller i bilen. Og når dei samlast, er det på kino, på kafeane og på diskoteka. Foreiningsmøta og dansefestane på Bøndenes Hus og på bygdahuset er ikkje tingen lenger.

Frå Historia om Fron, bind II, 1990. Publisert her første gong 28. mai 2014

2 Comments

  1. Jan Hovden

    Mor fortalde at ho arbeide som hushjelp i Gausdal i 1939/40. Der var det berre eitt forsamlingshus «Vonheim». Klasseskillet var ein usynleg strek over dansegolvet, slik at bønder og anna storfolk var på eine sida, og småbrukarar og arbeidsfolk på andre sider av lokalet. – Tidene har heldigvis forandra seg.

Submit a Comment