Så veggjin skolv og heile huse ristast

by | 14. apr 2014 | Musikk | 0 comments

3125988537

Teikning: Th Kittiilsen

IVAR KLEIVEN i Fronsbygdin 1930: Dæ va rusdrikken som både i 16 og 1700-tale va grunnlage åt all moro i omgangslive, i lag og samkåmo. Live igjenom denne lange tidsbålken va har’t og villt og dæ onde makten år rusdrikka kunn» bli rått og ågålaust. Både i likfer’e, bryllaup og andre samkåmo hendte dæ tidt og jemnt. at dæ braut laust med stygge har’kulo, osemje og slåsting så blo’e rann og hårtoppan fauk, ofte tok folk ska’e på kropp og klæ’e.

Da va «kjempo» og «go’e kare» som skull» freiste armståle sitt, og dæ va tvidrag millom granne om dæ eine og andre som døm for dæ fyrste prøvde å gjera åv med nevarett.Dæ va gjevt å vera helde for «go» kar» og ein kar med ein sterk, nøytaug og gjenom-go kropp va vør’t millom sambygdingom sine for desse fyrymônan, slikt som dæ er kjendt frå sagati’n. Ongdomen som voks opp ha eit stort livsmål med å temja se opp te å bli go’kar, og leikan døm gjor» i samkåmo i  grendom gjekk stødt ut på lekomsøving. Med i denne oppøvinga hørde dragsmål på imse gjer’e og som så ofte vart ophave te eit slagsmål eingong seinare, om dæ itte stødt kom te å bli endin på dragsmåle med di såmå. Di meste tå di gamle leikjom som va brukt millom di onge i gamle dågå, er reint burtglømde, men dæ er kjent at døm ofte gjekk har’t te, om dæ itte nettopp va på ovenskap, og millom føre og stereke ongdome kunn» dæ bli så stri kapping, at di meire veikjor’e vart klembde utur leika – dæ kunn» vera så veggjin skolv og heile huse ristast.

 

 

 

va trvidrag m

0 Comments

Submit a Comment