Sirupen rann ut på golvet

Palmer Thorsheim 50 år bak disken utan ferie

Oddmar Myrom i Gudbrandsdølen 31. mars 1979: Palmer kan hugse at det var mykje prat om alt strevet dei hadde da dei skulle byggje butikken i 1914. Dei råka ei vassåre i tomta, slik at kjellaren rende full av vatn. Det var inga hjelp i å tøme ut, kjellaren stod full like etterpå, Resultatet vart at dei fylte att kjellaren med stein. Midt i tomta laga dei brønn som gav sikkert vatn, heilt til Vinstra Vassverk tok over forsyninga i 60 åra. – Men dette gjorde at vi fekk ikkje kjellar under butikken slik det var vanleg den gongen, men måtte få oss pakkbu på same golvet, som butikken, seier Palmer.

Paul Henrik Hage: Thorsheim-butikken 1915(?). Bygginga av huset starta i 1914, seier Palmer i intervjuet i Gudbrandsdølen. Fotograf Hans H. Lie. Bildet er fargelagt digitalt.

meir enn 50 år har Palmer Thorsheim på Vinstra stått bak disken utan annan ferie enn ein dag nå og da. Men han har heller ikkje sakna ferie. Før i tida såg han seg ikkje råd til slik luksus, seier han, og nå har arbeidet vorte så mykje lettare at behovet for ferie ikkje er så stort. Butikken til Thorsheim er ein av dei eldste som er att på Vinstra. Det var far til Palmer, Chr. P. Thorsheim som bygde butikken i 1914. Han var handelsreisande, og Palmer er fødd i Oslo. I 1911 reiste Iver Berget til Sverige og dreiv butikk der, og han leigde da bort butikken sin på Vinstra til Chr. P. Thorsheim som dreiv denne butikken til han fekk tak i tomt på Byrhagen-eigedommen like ved riksveg 50.

Diskenspringar med krefter

– Vi var heldige med transporten av varer, for det er berre eit steinkast til Vinstra jernbanestasjon, og handkjerra var snerten til å hente anten det var mjølsekkar eller sukkersekkar med. Det var forresten ikkje alle som tok seg tid til å bruke kjerra. Eg hugsar far hadde fått tak i ein krambugutt fra Frøya. Dette var ein retteleg kraftkar på 19 år. Ein dag vart han beden om å hente eit par mjølsekkar på stasjonen. Den gongen var både mjøl- og sukkersekkane på 100 kilo. Nok om det, guten let handkjerra stå, han, og om ei stund kom han ruslande med ein mjølsekk under kvar og slengde frå seg i pakkbua. Men da fekk han ei dugeleg overhøvling av far, for du veit det var helsefarleg toskeskap med slike løft.

Kva slags varer var tyngst å handtere ved sida av mjøl og sukker?

– Å, det var mange tunge ting. Vi hadde sirupstønnene, og saltsekkane, sement og parafin pluss ein god del jern. For det var jo eit vanleg landhandleri med assortert varelager. Kunden måtte få alt hạn trong i ein og same butikken. Det var fire slike landhandleri til på Vinstra den gongen. Men konkurransen gjekk ikkje ut over vennskapen. Det hendte ofte at handelsmennene gjekk søndagstur i lag, og dei møtte handelsreisande i lag på hotellet. Kunne dei ha nokon fordel av det, kjøpte dei gjerne eit vareparti i lag.

– Mange vil vel smile av prisane den tida?

– Ja, samanlikna med i dag var det jo små tal, men etter inntektene den gongen var det hardt nok for mange. Dei kom med egg og bytte i varer, og somme laut få handle på borg. Ein dress kosta 35 kroner, og du kunne få eit par handsydde beksømsko for 16 kroner. Ubleika lerret kosta 38 øre meteren, så ein kunne gjere ein storhandel for 100 kroner den tida. Rekneskapen viser at i mars 1917 var omsetninga kr. 5.823,44.

-Var det ingen som slo seg på spesialitetar?

– Det var ikkje så mykje å slå inn på. Da eg tok til, laga eg mi eige kaffeblanding som gjekk godt. Kaffien var dyr den tida og, kr. 2,30 pr. kilo, og folk brukte å blande med knupp og sikori for å gjera drikken drygare.

Medisinutsal

I 1925 tok Thorsheim til med medisinutsal for Ringebu Apotek. – Vi tente aldri serleg på denne handelen, men du veit det drog ein del kundar til butikken, seier Palmer. – Vi hadde ein heil del reseptfri medisin da som nå. Acetylsalisyl-tablettar på glasrøyr, Graciadropar (opplysn.: mot forkjøling), nafta og kamfer, sinksalve og Pasta Lassar. Seinare kom Globoid-tablettane.

– Trur du det vil bli apotek på Vinstra?

– Nei, det har eg lita tru på. Vi ligg jo midt imellom apoteka i Ringebu og på Otta, og det er små avstandar til kvar av desse stadene.

– Kva har ergra deg mest som kjøpmann i alle desse åra?

– Utan tvil når sirupen rann ut på golvet i pakkhuset. Vi fylte frå tønner, og det rann så seint at vi gjekk frå og ekspederte i mellomtida. Så hende det at vi gløymde oss, og når vi kom, var heile golvet dekka av seig sirup. Det var ein heil dags arbeid å få vaska opp att. Slikt hende med linolje og.

– Kva ville du ha vorte i dag om du var ung og hadde middelskole og Treiders Handelskole?

– Kjøpmann, seier Palmer utan å tvile.

Paul Henrik Hage: Palmer var 82 da han stengde butikken for godt i 1990. Han døydde i 1998 nærmare 90 år gammal, og med det var ein sentral person på Vinstra gått ut av tida. Han var ikkje berre handelskar, men frå oppveksten var han aktiv i idrett og som vaksen i musikklaget, og han tok og på seg oppgåver i lag og foreiningar.

Henta frå Facebook-sida til Paul Henrik Hage

0 Comments

Submit a Comment