Skåbu bygdahus 70 år

by | 20. feb 2025 | Informasjon, Musikk | 0 comments

OLE CHR. RISDAL: I går var det 70 år sidan den offisielle opninga av Skåbu bygdahus. Det gamle forsamlingshuset i bygda stod på grunnen til Søre Risdal, nærare bestemt ovanfor bruket Bjørkheim (Raudhuset). Det offisielle namnet på det var «Jotunheimen», men i daglegtala no går det under nemninga «Gammelhuset». Det vart innvigd i romjula i 1910, og det var Jotunheimen ungdomslag og fråhaldslaget «Vårsol» som dreiv det. Johannes Risdal (Søre) 1865-1955 rydda seg bureisingsbruk i 1928 (Bjørkheim) like ved det gamle forsamlingshuset. Etter kvart vart det behov for eit større forsamlingslokale, og ein fekk kjøpt 1,8 mål tomt av Astrid og Jon Løvli.  Når det galdt finansieringa, vart det danna lottlag der kvar lott (innskot) var på kroner 200.  Det var også muleg å arbeide for lottane. Elles gjekk ungdomslaget inn med 10 000 kroner, tomta og oppgjeret for det gamle huset. Det vart selt til A/L  Samhold Tverrbygda for  6000 kroner pluss 25 tylter tømmer. Huset vart teke i bruk våren 1954, men vart ikkje offisielt opna før året etter. Laurdag den 19. februar 1955 vart det nye bygdahuset, som fekk namnet «Høgtun», høgtidleg innvigd. Omlag 300 menneske møtte opp og fekk med seg underhaldning og fest. Ragnvald Krogenæs var konferansier og opptredd (song) sjølv saman med andre kulturkrefter i Skåbu. Blant andre Anne Kvalen som les prolog av Halvor Veslum og musikk ved Else Krogenæs (piano), Gunnar Heide (trekkspel), Arne Risdal (fele), Sigmund Hernæs (song) og blandakoret i Skåbu.

Skåbyggingane er utruleg glade i forsamlingshuset sitt. Som sikkert mange veit så har huset gjennomgått ei omfattande renovering i det siste, og huset er no i svært god stand. Det meste av dette er gjort på dugnad. Alt skal vere klart til Iverstugu-konsert og fest den 15. mars. Den helga blir det også lansering av boka om bygda sin store son, storspelemannen og komponisten Torger Iverstugun.

0 Comments

Submit a Comment