Skiftertavle som kladdebok

by | 25. mar 2015 | Biografiar | 0 comments

68760f8a-95fb-4709-8672-829c65cd2b6e_l

Nå er det innlagt vatn

JENS THULSTRUP INTERVJUAR PETTER SVELLE:  I 1920 begynte eg på Liene skule. På skulen hadde vi ikkje kladdebøker, så vi brukte skiftertavler til å skrive på. Mellom det eg hugsar, er ein lei gutunge som slo bror min i hugu med ei veaskie. Dette fekk læraren tilfeldigvis sjå og kom ut gjennom døra så lagerfrakken stod rett ut i lufta. Guten fekk gjennomgå. Det var lovleg den gongen.

I skulen var det ikkje innlagt vatn. Det vart fyrst gjort seinare, og eg likte å sjå på at karane arbeidde med dette, men da dei begynte å erte meg og kalle meg oppsynsmannen, vart eg lei meg og vart borte i fleire dagar. Men da dei skulle fylle heverten, slik at det skulle til å renne, vart eg for nysgjerrig. Dei to arbeidskarane hadde med seg ei bytte med eit langt reip og ei stor trakt. Dei fylte vatn på heverten utan å vente på at lufta skulle sleppe ut. Etter ei stund kom det rare lydar ut frå røret, og ein av dei la øyret nedåt for å høre. Plutseleg kom det ein vassprut opp av holet. «Nå fekk du vaska øyret ditt»; sa den andre og skratta.

Historie:

1910: Omgangsskule på Ånekre.
1915: Omgangsskule på Haverstad (Søndre Liene skule).
1916: Skulen i Søre-Lia blir bygd.
– Fyrste klassa som flytter inn ved Liene skule består av 21 elevar. Desse er avgangselevar i 1919.
1924: 17 mai ved Liene skule- lærarar Nilsina Nes, Tora Jårstad, Johan Moen og skulestyrar O.R. Nyhus.

 

Frå en artikkerl i Fronsbygdin 2012

 

0 Comments

Submit a Comment