Skolehusa i Fron hadde sitt eige preg

Skulehuset i Muriteigen. Bilde frå Telma Fosse/Vegar Skar

RAGNAR ØVRELID: Ved sida av huset: utedoen med den spesielle lukta av renna på staden til gutane, og av fulle eller overfylte stampar, med gamle aviser som tolettpapir og «Kooperatøren» med det glatte, umulege papiret. Der smugrøykte gutane og utveksla meir eller mindre brukbare historier, dit kom jentene fnisande to og to.

Til uthuset høyrde også gjerne ei vedbu med trillebør til å frakte bjørkekubbane i og sagflis til å ha i dostampane. Somme skular hadde meir moderne toalettutstyr, dei flotta seg kanskje også med eit leskur til bruk i regnfulle friminutt. Her og der fanst de sykkelstativ for elevar og lærarar. Ein grasvoll eller ein gruslagd leikeplass omkransa bygningane. Og aller ytterst kunne det vere eit gjerde, med porten barna sprang ut gjennom når dagen var slutt.

Inne i klasseromma: Det høge katateret til læraren fremst, og så dei grøne pultane i rekker bakover, med skråplate som hadde hol og spor øverst til blekkhus og penneskaft, og som hadde minne etter blekksøl og uloveleg aktivitet med lommekniv. Alle elevane såg mot den svarte tavla på veggen bak kateteret, og på karta ved sida av, over Noreg, over Jødeland.

Borte i kroken ved utgangsdøra ruva den store omnen med skjermbrettet framfor: Somme skolar hadde pedell eller vaktmeister. Men oftast var det læraren som hadde jobben med å hente ved og fyre opp før elevane kopm. Dette var før ventilar til opphaldsrom var oppfunne, lufta kunne vere temmeleg stram, særleg av våt ull på regnversdagar. Gisne vindauge og omnen skaffa likevel ein viss luftsirkulasjon.

Ute på gangen hang yttertøy til dei som hadde slikt. Og her var vasken med kaldt vatn og eit handkle ved sida og drikkefontenen, det store framskrittet frå 1920-åra, da dei sveitte elevane slutta å bruke den same vassausa.

Her er eit par reglar frå «Fyresegner um reinhald o. o. i skular» som framleis galdt i 1945:

Både lærarer og elevar bør halda lummeduken eller ei hand for munnen når dei hostar. Korleis ein skal gjera med elevar som lid av tuberkulose skal helserådet avgjera i kvart einskilt høve.

Er det ikkje vassledning i skulen, skal det vera drikkefontene med vass-kjer. Vass-kjeret skal tømast kvar dag etter skulen er slutt og fyllast med friskt vatn morgonen etter.

I kvart løynderom (do) skal sætet kvar dag vaskast med våt klut. Minst ein gong um vika skal sæte og golv skurast med såpe eller sodavatn.

Brandstad skule. Bilde frå Sigrid Øiumshaugen‎ /Du væt du e frå Ruste når..

Læraren var ein eldre mann eller ei eldre kvinne. Slik verka det i alle fall på elevane. Med dress, kjole eller frakk omgav lærarane seg med ein aura av høgtid og autoritet. Strenge var dei også, mange av dei, og kunne bruke harde middel til å halde ungane i age. Her er ei skildring ein elev har gitt av læraren sin frå mellomkrigstida:

Han var rekna for å vere streng. Sjølv fekk eg ein gong ei hard skjennepreik av han fordi eg hadde hjelpt ein stakkar med eit par reknestykke. I sine yngre dagar gikk han etter elevane på heimvegen for å sjå etter at dei ikkje fann på noko fanteri – ein dag søretter, ein annan dag nordetter. Men han var rettvis og gjorde ingen skildnad på elevane. I mine skuledagar hende det ofte at ein elev måtte be seg fri frå skulen og å hjelpe til heime med eitt eller anna arbeid. Men det nytta ikkje berre å bli borte frå skulen. Sjølv opplevde eg mange gonger at eg måtte gå til han tidleg om morgonen – 45 minutter i mørke og ubrøytt veg – for å be meg fri for å vere med på tresking og liknande. Det var aldri nei i hans munn. På heimvegen møtte eg skulekameratane.

Flere av denne lærartypen sette framleis sitt preg på skoledagen i 1945. Mange av lærarne var utanbygds folk, ikkje så få frå Vestlandet. Så også språkleg var det ein viss avstand mellom elev og lærar. Flere av lærarane hadde også ein viss posisjon utanom skolen, i bygdepolitkkk og i organisasjonsliv. Dei stod ofte for musikklivet i byda, og dei ordna gjerne med idrettsarbeidet. Og så heldt dei tale kvar 17. mai.

Skolen varte i sju år, og elevane gikk tre dager i veka. Dei fire øvste klassane, storskolen, gikk frå klokka halv ni til to. Dei minste klassane, småskolen, fekk sleppe ein time tidlegare. Ringeklokke var det ikkje på skolen, det var læraren som bestemte når timen skulle starte, og når den skulle slutte.

Somme grender hadde berre småskole. Såleis måtte barna på Barhaug flytte over til Ruste i fjerde klasse. Kring 1920 var det berstemt at Leine berre skulle ha småskole. Men her nekta foreldra å sende barn sine til Kvam skole, og dei fekk halde fram i Leine alle sju åra.

Mange elevar hadde lang eller vanskeleg skoleveg, somme hadde problem med helsa. Alt før krigen var det elevar som fekk skoleskyss av fronkommunane. Første skoleskyssen i Nord-Fron var roing over Lågen ved Kjørum skole og ved Brekka. Nokre få fekk også tilskot til innlosjering ved skolen. Nord-Fron kommune betalte i 1948 5700 kroner til skoleskyss med båt og med bil, og 600 kroner til innlosjering. Eitt spesielt problem vart transporten av elevane får dei nye bureisningsfelta, som  Lauvås-feltet i Kvam og Kvarvet i Sør-Fron.

Når skolen tok til om hausten, var det mange familiar som framleis var på sætra. Barna slapp da å starte skoleåret saman med dei andre elevane. Så seint som i 1969 vedtok Nord-Fron kommune å ordne med bilskyss til dei barna som var på sætra, eller dei fekk tilskot til innlosjering opp til fire veker etter at skolen hadde starta.

I 1956 skreiv fylkesinstruktøren at skolestyret burde gå varsamt fram med å gi barna bilskyss. Barna burde helst gå til skolen, slik at dei kunne bygge opp kroppen sin i rett alder. i alle fall burde skolebussane sette av barna eit par kilometer frå skolen, slik at dei kunne gå seg varme før første timen. Det er tydeleg at trafikken på skolevegane ikkje kunne vere særleg plagsam på den tida.

Det hadde tatt tid før skoleelevane i Fron fekk gymnastikk, og før jentene fekk handarbeid og gutane sløyd. Handarbeid kom i 1920-åra, men sløyd kravde ekstra lokale og utstyr, som berre få skolar hadde. Det var gjerne ordna slik at gutane fekk konsentrert sløydundervisning nokre dagar mot slutten av skoleåret. Gymnastikk var det verre med. I 1945 var det ingen turnhall, som det da gjerne heitte, i Fron. Somme av lærarane hadde vore på gymnastikk-kurs, men dei dreiv helst mosjonering ute, for gutane, medan jentane hadde handarbeid. I 1938 vedtok Nord-Fron skolestyre ein tiårsplan, som mellom anna skulle skaffe bygda sju gymnastikksalar med bad. Men så kom krigen, og planane fekk kvile i 20-30 år til.

0 Comments

Submit a Comment