
Eivind Holen sel Fronsbygdin på byfesten på Vinstra i august. Berre vel ein månad til du har Fronsbygdin 2015 i handa.
Fronsbygdin 2015 blir lansert torsdag 29. oktober. Interessa for lokalhistorie og slektsgransking aukar, skriv redaktøren i Syn og Segn, Knut Åstad Bråten, i ein Ytring på nrk.no. Bygdebøkene, og den nære slektningen Gardsboka, er sladrebok og kjærleiksbok på same tid. Litt leksikon. Litt Se og Hør. Eit titteskåp inn i vår nære og fjerne fortid. Kvart år blir det skrive nye bygdebøker for titals millionar kroner. Kanskje er dei ikkje store litterære meisterverk, men bøkene er underhaldande, gjev innsikt – og er med på å gje innhald til vår identitet.
I bygdebøkene finst ein flora av spennande emne om det meste, men her er sjeldan artiklar om det ubehagelege eller vanskelege, som til dømes seksualitet, om å stå utanfor, om mobbing eller kvinnehistorie. Er det fordi kjeldematerialet om desse emna er snautt, eller ynskjer ikkje bygdebokforfattarane å ta tak i tabua og det underkommuniserte?
Bygdebøkene gjev oss overblikk og innblikk – over bygdesamfunn, gardar, slekt og årstal. Dei er som titteskåp og døropnarar inn i vår nære og fjerne fortid. Bygdebøkene er viktige kulturhistoriske bidrag til forteljinga om Noreg – ei forteljing om dei andre historiene. Vår historie.
Innhaldet i bygdebøkene eller i gardsboka er kan hende smalt og marginalt, tenkjer du. Nedslagsfeltet utanfor bygda er naturleg nok ikkje stort. Samstundes er fenomenet slektsgransking, gards- og bygdehistorie noko som interesserer stadig fleire av oss.
Kanskje ikkje så rart? Den urbane historia i Noreg er relativt kort. Ikring 1900 budde nær 70 prosent av oss på gardar og i bygder. «Heime» var alltid ein plass langs ein vestlandsfjord, eller på eit småbruk mot himmelsynet. Er det difor lokalhistorie og bygdebøker framleis er så populære?
Teknologi gjer historia nærverande på andre måtar enn tidlegare. I staden for å gå omvegen om bygdebøkene eller sladreboka kan du i dag gå direkte til kjeldene sjølv. Med enkle tastetrykk kan du grave deg ned i digitale versjonar av kyrkjebøker og folketeljingar. Då 1910-folketeljingane vart tilgjengelege i 2011, vart det 31. januar same året registrert heile 1 647 000 unike besøk hjå serveren i Digitalarkivet, ifølge Aftenposten.
Dei fyrste bygdebøkene vi kjenner til i Noreg, vart skrivne på slutten av 1700-talet, og var topografiske skildringar. Pionerane Edvard Bull (1881–1932), og seinare Andreas Holmsen (1906–1989) – med fleire – var med på å gje auka merksemd til lokalhistoriske emne, og lokalhistorie som vitskapleg disiplin. Frå 1960-talet tok kommune, historielag og museum initiativ til å skrive om bygda, gardane og slektene i sine kommunar. Slektshistorielag og historielag bidrog med kunnskap og dugnadsinnsats som grendekontaktar, korrekturlesarar og bildeinnsamlarar.
Satsinga lokalhistoriewiki frå 2008 har per august i år over 32 000 unike artiklar og nær 135 000 bilete. Landslaget for lokalhistorie er medlemsorganisasjon for ikring 400 historielag med til saman 80 000 medlemmer. Lokalhistorie, slekt og ættesoge fengjer.
0 Comments