Slik såg dei Dale-Gudbrand

Kor mange av kunstnarane har vore på Hundorp?

Mange kunstnarar har framstilt klubbeslaget på Hundorp, der Heilag Olav etter soga skal ha kristna Gudbrandsdalen. Dette måleriet av Nils Bergslien frå 1904 vart nettopp seld hos Blomquist for 310 000 kroner. Lett å sjå at Bergslien ikkje har tatt turen til Hundorp for å undersøke korleis landskapet var. Store hærstyrkar er det ikkje, ser mest ut som eit utvida kvardagstreff. Og kva meiner Bergslien med å måle karen nede til høgre? Han er jo totalt uinteressert i den historiske hendinga. Morosamt. (Måleriet er lagt ut på FB av Kåre Hosar)

Peter-nicolai-arbo-dale-gudbrand

Målaren Peter Nicolai Arbo (1831- 1892). Etter hogget, og dei er litt altererte, folket til Dale-Gudbrand. Ingen rottar og ormar som tyt ut, men dramatisk er det med mykje folk. Kongen er ein rett så røsleg kar. Har målaren vore på staden? Vi ser nordover dalen?

tied3

Arbo hadde kanskje sett teikninga til Adolph Tidemand (1814 – 1876) som ôg tar situasjonen etter hogget. Ikkje nokre småkryp tyt ut her heller. Dei er nå svært tette, dei to hærane, og dei sit godt. Heilag Olav er ein nokså liten kar og småtjokk? Tidemand brukar ikkje landskapet.

SFFf-100057.183863

Denne teikninga vart til under krigen; teiknaren Rolf Egeberg sin illustrasjon til hendinga på Hundorp i boka Soga fortel, Blix forlag 1942. I hogget, solrenning, og endeleg ein Tor som er verkeleg ruvande.

Olav_den_helliges_saga_-_Olav_tinget_Hundorp_-_H._Egedius

Den velkjende teikninga av Halfdan Egedius i Snorre, stilisert, og det går svært så fredeleg føre seg. Her sit dei pent som skuleelevar, dei to hærane, medan dei ventar på sola? Som kongen får rett i augo? Egedius har fått med seg gravhaug, Laugen og landskapet.

ragnvald-einbu-kristningsmc3b8tet-pc3a5-hundorp

Til sist det kjende måleriet til Ragnvald Einbu på Hundorp. Han hadde naturleg nok vore på staden og fått med seg landskapet. Respektfull avstand mellom hærane. Lenge før hogget og ikkje så dramatisk. Kanskje har han sett mykje på teikninga til Egedius? Ikkje så få likheitstrekk.

2 Comments

  1. Rasmus Stauri

    Det er fleire, men all har ikkje motiv frå gravhaugane, men frå bygningane og området.

Submit a Comment