Smiu åt Pettersen-karom

Det song så fint: Nå slår far – nå slår bestefar – nå slår far

1472969_412836202153140_1345098043_n

Ole Pettersen ved arbeidsbenken siste leveåret, 1973.

NORA STORMYRBAKKEN: Tett inntil E6 på Vinstra, adresse Øvregate 49, ligg eit okergult murhus med verkstad i fyrste etasje og leiligheit i andre. I dag er det roleg utanfor portane, men mange hugsar aktiviteten her. Også inne i smia er det roleg, men ho er intakt, reiskapen ligg framleis sirleg ordna på benken.

 

skyting-ved-dybdokktjern-1907-o-pettersen

Jakt og fiske var det likaste Ole Pettersen visste. I fotosamlinga etter han finst fleire hundre bilde frå slikt friluftsliv. Her tek han bilde med sjølvutløysar. Saman med utanbygds jegarar.

Ole Pettersen, bestefar min, vart fødd 1889, som son av jordmor Marhea og handelsmann Eilert Petersen. Faren var fiskeoppkjøpar i Finnmark og var borte halve året. Mora var også mykje «ute i forretningar» som det heitte om fødslar, så Ole og den fem år yngre broren Theodor var åleine i lange periodar i oppveksten. Da dei var ni og seks, døydde far deira. Så det er lett å forstå at eldsteguten vart svært sjøvstendig – og sta!

 

Helge, yngste sonen fødd 1933, fortalde at Ola starta yrkeskarrieren som tømmerfløtar, og han fortalte ofte om dei farlege manøvrane og karstykkja i samband med dette. Så kom han i smedlære hos Mathias Skoe i «Skoe-smiu» oppi Sødorp, truleg vinteren 1910/11. Der vart grunnlaget for resten av yrkeslivet lagt.

Året etter var det arbeid i smia til Per Toppen. Det kom nok i stand fordi Ole var god kompis med sonen hans, Anton Thorsheim.

Det passa nok ikkje for Ole å vera tilsett hos nokon. Han måtte få rå seg sjølv. Mellom 1915 og 1917 bygde han og Theodor eiga smie. Ho vart sett opp nedst på eigendomen Birkelund, heimen deira, akkurat der smia står i dag. Det var eit beskjedent bygg av tre, lugomt plassert inntil gammelvegen som gjekk frå Skoegeilen og sørover. Det var forresten så kaldt i smia at når dei arbeidde framfor essa på vinteren, var dei glovarme på framsida og iskalde på ryggen. Her reparerte dei alt, også dei motoriserte doningane som hadde begynt å koma. Det trekte sjølvsagt til seg ungar, som ville klenge på bilane. Også Hallvard Lie, guttugen til fotografen, sprang i hælane på Ole støtt.

Smiupettersen

Framfor smia i 1917. Frå venstre: Hallvard Lie, Ole og Theodor Pettersen.

Samarbeidet mellom brørne skar seg nokså fort. Hovudgrunnen var nok at Theodor var «for tyrst». Mangt vart ugreitt fordi han drakk for mykje. Ole sto i fråhaldslaget. Dei skilde lag, og Theodor kjøpte tomt rett nord for Vinstra Hotell. Der bygde han opp bilverkstad med husvere i andre etasje. Sjølv om Ole mislikte drikkinga, vart det ikkje noko brot mellom dei. Det var heller bra for brorskapen at dei ikkje delte arbeidsplass.

 

Theodor var ein dyktig mekanikar. På ein måte delte dei marknaden mellom seg. Bestefar var grovsmeden. Hit kom gardbrukarane med alt som var øydelagt. Dessutan var han låse- og børsesmed. Theodor tok motorreparasjonane. Det var ingen konkurranse, dei viste til kvarandre og sende kundar mellom seg.

kosemedkua

Ved Ole Pettersens smie. Magnus Pettersen held godt rundt kuhovudet. Dei andre er Per Mellesmo, Arne Mellesmo og Ingrid Pettersen, gift Ødegård.

Ola gifta seg med Marie Prestangen frå Kvam. Dei fekk fem barn: Ingrid, Einar, Magnus, Emma og Helge.

familie2

Ungane til Ole og Marie, truleg i 1935.

familievedgjerde

Familien Pettersen

34nr-108-17-mai-1929-sigrid-einar-magnus-og-ingrid

Sigrid, Einar, Magnus og Ingrid i 1929.

Einar overtok etterkvart verkstaden til Theodor. Magnus, min far, vart med Ole i smia frå han var gutunge. Han lærte yrket gjennom arbeid. Far og son var eit tospann. Ord var knapt nødvendig for å gi arbeidsordrar.

1455144_412835668819860_2101060048_n

Ole og Magnus Pettersen

Etter krigen var det manko på syklar og stort behov for reparasjonar på dei som fanst. Magnus kjøpte opp gamle rammer, pussa og lakka dei, nytta brukte delar, skaffa nye og sette saman att. Han hadde ei lang handleliste når han iblant tok toget til Lillehammer for å kjøpe delar hos Helleberg. Smia vart sykkelverkstad, sjølv om ein fiksa alt anna der også.

 

På slutten av 1950-åra kom den nye riksveg 50 og delte eigedomen Birkelund i to. Det vart ei lang og vond historie for Ole. Han fekk låk erstatning, men det han fekk, skulle setjast i ny verkstadbygning i mur, ikkje minst på grunn av brannfaren i den gamle trekåken. «Ja, de va rart det itte fåtå ti der mang ein gong», sukkar Helge.

Murhuset sto ferdig i 1959 med port, stor esse og grav, og eit lunt, indre rom med lang arbeidsbenk, godt lys og vedomn. Oppe var det leiligheit, for Magnus hadde gifta seg med Kirsti Granmorken og trong familiebustad. Eg hugsar lydane frå smia. Dei hadde kvar si slegge med kvar si klang, Det var utenkjeleg å byte eller ta feil slegge. Vi hørte kven som smidde. Ofte jobba dei i lag, la det varme jernet på steet framfor essa og slo frå kvar si side annankvar gong. Det song så fint; Nå slår far – nå slår bestefar – nå slår far.

1458527_412836275486466_1815540980_n

Magnus Pettersen

Ole vigde seg meir og meir til lås, børser og finarbeid som lodding og slikt. Ein vårdag i 1973 vart han uvel og ville opp i huset sitt og kvile. Han fall om på trappa, nær 84 år. Sjølv om han vart ein gamal mann, var dødsfallet eit hardt slag for sonen. Dei hadde jobba så tett i hop i alle år. I 1980-åra fekk Magnus konstatert diabetes. I mange år kunne han likevel vera i verkstaden på gode dagar, men har var mykje dårleg, særleg etter at den eine foten måtte amputerast. Han kunne framleis overraske oss med ting han hadde laga. Vi undrast på korleis han hadde klart det. Magnus sovna inn i 2002.

 

familie1

Magnus Pettersen, Anne Pettersen, Ole Pettersen og Einar Pettersen i Arbeidstjenesten Ringebu 1942

Smia står der som om smedane berre er ute og et. Men på kyrkjegardane og i heimar i bygda finst grinder, lås, nøklar, beslag, gnisfangarar, peisstolpar og andre ting som er laga eller reparert av Ole eller Magnus. Eller av båe.

 

Redigert utdrag frå artikkelen  «Smiu åt Pettersen-karom»i Fronsbygdin 2010-2011.

Publisert her første gong 16. mai 2016

0 Comments

Submit a Comment