Denna halin som ho daske og slæ mé

Redvald Fjellhammer var storspelemann og fekk besøk tå hulder

Redvald Fjellhammer. Teikning: Svein Tore kleppan

RASMUS STAURI:  «E ha besøk tå hulder`n alt i eitt. Det e é pen jente. Ho kom åt mé i natt au, é sat på sengjekanta – ho va sint da! Du kain kåmå i haug kå ru låvå mé, du, sa ho. Sjå på finger`n din, du, sa ho. Så kom é te å glåme på finger`n min og da ha é gullring på `om. Du ha ring! Du er forlåvå med mé au, du, sa ho. Du kain kåmå i haug det. Da skuvde é åt jentun, og da vart ho sint, og é ha itte sett ho sea. Men é e forlåvå me`n.»  Redvald Fjellhammer var storspelemann og fekk besøk tå hulder. Han var fødd i 1916 og levde til 1990. Fortelje- og speltradisjonen sin hadde han i særleg grad etter faren, Jonas Johansen (1876-1957). Redvald budde åleine i ei lita stugu i Øverbygda på Sør-Fron, og hadde fela som sin beste ven livet igjennom. Han tala eit svært godt bygdemål. I eit intervju med Sven Nyhus frå 1974 fortel han om huldra:

–    Men du snakka om at ho budde ikkje her i bygda?

–          Nei, ho bor langt nurdi, nord for Dovrefjell – ein stad som hæte Haugtorp, sa ho, – n`stor gard – største gard`n som va der, og det va ti gardbrukare på såmå garda. Og aille ha någå å sea den dag i dag. Og dein son ønskje å få sé `n fin kjærest, va re berre døm kom dit, så skull` døm få! E skulle få ti åt mange!

–          Ho har fortalt deg det sjølv at ho er frå den garden?

–          Ja

–          Har du kjent ho lenge?

–          Å jau, é ha kjent ho lengje, é. Det e såmå huldra altså. Det e såmå huldra! Ho kjem inn da é sit og spelle om kveildæin – kjem dansanes innover golvet om dørin e atte, og e der te klukka e fem om mårrån.

–          Kan du beskrive korleis ho ser ut?

–          Ho har ljost, krulla , langt hår som  heing nedover ryggen på sé omtrent som e slør, og gullnaglé i ørom. Og så har ho nasjonaldrakt med kvit bluse.

–          Har ho hale?

–          Ho ha hale, men é spekulerte på å tå`n tå nå så é fæ jenta – så é fæ ha ho. Ho e tå musikkfolk, og far henna e ypperleg god til å spelle.

–          Kjenner du far hennar au?

–          Jau, é ha tålå ve`n så vidt. Det e`n koseleg kar. E skull`få dotter på garda der, sa`n. Oss ha vore my i hop, sa`n, og da skulle é få ho te odel og eige.

–          Skal du gjera alvor av det, da?

–          E må gjera alvor tå ri så é fæ jenta.

–          Er det som regel på natterstid at du får besøk av ho?

–          Ja, det e om kveillæinn, utover ve`n ti- ølløv-tida.

–          Blir ho heftande ei stund, da?

–          Å ja, ho  æ der frå ho er ølløv te ho e fem om mårrån. Da servere ho kaffe på sengen før ho går att au! Du får ha re, da – é  kjøm att i kveill, si ho.

–          Du føler deg liksom ikkje einsam heller da?   

–          Nei, é e itte ensom.

–          Har du ho i senga da om natta?

–          Ja.

–          Er ho god å liggje med?

–          Jau, ho e god å liggje frammé, men denna halin på ho daske og slæ mé innimillom, men `n ska passe se aille som ligg frammé hulder`n, for snu`n åt døm ryggen, bi re avkomme, men snu ru åt døm frammen, da bi re itte någå!  `N ska heilst ha frammen (vise dei framsida) på røm!

–          Kven har du hørt det av?

–          Jau, é ha hørt gjeté ri, og é ha fresta re sjøl –

–          Har det vore vanleg i slekta å møte huldra?

–          Jau, `n far va slik hain såg, hain. Hain såg summe tie huldra, hain. Hain fortalde mé re `n gong innve Rondhøa inni fjeillé her. Hain sat og kokte sé kaffe – det va ve e pent berg – og det va fint solskin. Hain sat og glåmde utover høgdin. Og innafor berge der va` re e myr, så hain kunn` itte innbille sé at det va` nån som kunn` kåmå over dein myra. Plutseleg hain sat der og kokte sé kaffe, fekk `n sjå e jente som kom imot `om – det va e fin jente au. Ho kom stadig neregar, og da sa `n: Kom hit så ska ru få kaffe, du au, og da snudd`n sé frå kaffekjela, og da va jenta borte, og kaffekjel`n tømde se så gruten låg att på stæna – på berjé. Da visste `n omtrent kå re va `n vore burti.      

–          Du trur fullt og fast på dette her?

–          Ja, någå e re au –

–          Snakkar du med ho når du har henne i besøk?

–          Jau da, é tålå me ho.

–          Ho likar musikken din?

–          Å jau ra. Ho e au tå musikkfolk sjølv, og da passe re godt i hop.

–          Har du nokon spesiell huldreslått?

–          É ha itte det, men e skull` få lære nå (noko)!

Redvald Fjellhammer på distriktskappleiken på Vinstra i 194

Redvald Fjellhammer på distriktskappleiken på Vinstra i 1974

Publisert her først gong 23.1. 2015

2 Comments

  1. ormtjern

    Hugse Redvald – han må ha hatt eit godt lag med onge. Eg ønskjte me så så veldig någå å spelle på. Redvald lågå eit stengeinstrument åt me. Hain kailla det balaleika, tru e – trikanta. Det va felestreigje på. Den va signert og – som dei store mestere gjorde. Nugun stor instrumentmaker va’n nok itte, men e ha ti vare på’n, Nå heing’n på veigga på hytta.
    Ellers va’n ofte ni Lauga og fiskja. Stong lågå’n se sjøl. Synest e ser’n står og kviste før,n dro ni Laugen. Va nok te eingonsbruk, tru e. Fisk vart det au.

Submit a Comment