Spelemennene Jehans Knuta og Amund Grisibu

Gammal vals etter jehans KnutaRASMUS STAURI:  Høyr Sør-Fron spelemannslag med en vals i tradisjon etter Jehans Knuta. Vil minnet om dei gamle spelemennene i bygdene  bli gløymt i vår hektiske og travle tid? Dei er fargeklattar i eit samfunn der anglo-amerikansk kultur svevar over og inn i hovuda våre. For dei som i dag driv med fele- og trekkspelmusikk, er desse gamlekarane med på å gje identitet og lokal tilknyting.

Og for ikkje å gløyme – dei er kjelder for god musikk. Derfor er det viktig å halde i live minnet om desse lokale kulturberarane etter beste evne.Det er svært synd at dei vanlege bygdefestane held på å bli borte, for her møttest generasjonane og lærde av kvarandre. Folkemusikken i Fron har fått nye utøvarar dei siste 30 – 40 åra. Den eldre folkemusikken og runddansmusikken medrekna har opplevd ei blomstringstid utan sidestykke sidan 1970-talet.I norsk spelemannstradisjon har ikkje minst ein myteomspunnen mann, Carl Fredriksen Moe, eller «Fant Karl» – somme seier også «Karl Fant» – ein sentral plass. Ei vedteken sanning seier at han var fødd i Lærdal i 1823 og var av farande folk, slik namnet fortel. Men kjeldene er ikkje eintydige om fødestad og år. Det er derimot tvillaust at dei reisande er viktige når det gjeld spreiing av den nye dansemusikken, ikkje minst valsen, frå sist på 1700-talet og utover på 1800-talet.

Jehans Knuta

I Fron er det mykje godt valsestoff etter ein spelemann som levde på Fant Karls tid. Han blir i dag nemnd «Jehans Knuta» med dativform i etternamnet, og var fødd på Tjyruvaet, øvst i Sødorp i 1824. Ved å gå inn i kyrkjebøker og anna kjeldemateriale, får vi eit glimt inn i livet til Jehans Knuta eller Johannes Iversen, som han vart kalla ved heimedåpen 1.februar 1824. Han var son av Iver Johannesen og Embjør Olsdatter på «Hæstløkken under Skaaden» som det står i kyrkjeboka. Det heiter «Øykjelykkja» der idag.

Det unge spelemannsemnet vart konfirmert i Sødorp kyrkje 21.juni 1840 med karakteren ”Maatelig godt” i kristendomskunnskap og flid. Han gifta seg 28 år gammal med Marte Hansdatter, 25 år frå Svatsum, og dei fekk fleire ungar: Oline, Ragnhild, Johanne, Rønnaug, Iver, Hans og Mathea.  Frå folketeljingar og andre dokument får vi eit lite inntrykk av kor omflakkande, strevsamt og materielt fattigsleg liv han nok har levd. Interessant er det at han tidleg kom til nikkelverket i Espedalen som gruvearbeidar, og var spelemann alt den gongen.

Lokalhistorikaren, spelemannen og diktaren Pål Kluften (1888 -1942) skriv i Arbeidermagasinet 14.oktober 1933 at Johannes Iversen alt rundt 1850 var mye brukt som dansespelemann på fele og klarinett («klanette») i Midt-Gudbrandsdalen. Han mangla felekasse, men bar instrumentet sitt i eit tørkle, skriv Kluften, og gir han heller lite rosande omtale: «…ein rakkelspellmeinn, ein middelmådig utøvar, utan særpreg eller kvalitet: det var itte hørt at´n sa nei te låte, n´ let gjenne heile natta og langt på dag att som skikken va den tida. Betalinga va 2 shillinge på spelltalleken». Nei, ikkje akkurat noko å bli rik av eller hauste godord frå. På den tida Knutin var på Essdalsverket var det som kjent eit større samfunn med om lag 1500 menneske i Espedalen og 400 i arbeid på sjølve verket. Fleire kom langvegs frå – Trondheim, Oppdal, Sunndal, Folldal, Alvdal og frå andre plassar også. Utan at det er kjent i dag, kunne det nok vera fleire som hadde spelemannsgjerda, folk som Jehans kunne lære av. Vi veit lite om dette. Seinare, etter at nikkelverket i Espedalen vart nedlagt fyrste gongen i nyare tid – i 1857 – vart han husmann i Nord-Fron, før han flytte til Sør-Fron i 1862 som husmann på plassen Haugen under Rudland. Der er han registrert ved folketeljinga i 1865 i hop med kjerring og fem ungar.

Men i ettertid er det kanskje som ståtarkonge, altså bygdevektar, Johannes Iversen er kjent ved sida av å vera tradisjonskjelde i folkemusikken. Ståtarkongane var eit lokalt ordenspoliti innført med Christian 5. dansk-norske lov i 1687. Tidleg på 1700-talet kom det krav om innskjerping mot taterane, og desse «kongane» skulle ha eit auga med dei vegfarande i bygdene, og sørgje for at dei kom seg igjennom bygda «utan å stelle til for mye leven».

Så skriv Kluften på sin levande måte. Men ståtarkongen hadde ikkje nokon høg posisjon i bygdene – ikkje akkurat noko kongeleg verv. Og det er eit ope spørsmål kor stor autoritet ståtarkongane hadde hos dei som fór etter vegane frå plass til plass. Jehans Knuta vart den siste ståtarkongen i Fron. Pål Kluften skildrar ståtarkongen Jehans Knuta slik i ein artikkel i Arbeidermagasinet, 1933: «Knutin hadde ikke skilt på luen, men hadde ord på seg for å være en gild bygdevekter. Han gikk bygda rundt med ei stor raud gjord kring luva og en gruvhabbeleg diger stav med en stor kule med jernpigger i (Morgenstjernen). Det hende nok han slost med taterne også», legg Kluften lakonisk til.  Pål Kluften refererer ein slik episode der Knutin gav ein svensk gesell ein «lusing så sol og stjerner danset for ham. Svensken måtte i all ydmykhet fortrekke», skriv Kluften til slutt. Den sosiale posisjonen hans Jehans Knuta var nok heller låg, men det er verdt å leggje seg på minne at han var den fyrste fyrbøtaren i Sør-Fron kyrkje etter at kyrkja fekk omn. Denne oppgåva hadde han fram til juledagane i 1888. Da var han 64 år gammal.

Ein del musikk er overlevert etter Jehans Knuta, som det blir sagt i dag. Ikkje minst fleire valsar blir knytte til namnet hans, men også andre runddansar. Ein fascinerande tanke er denne: Møtte han Fant Karl og fekk han lære av denne omreisande spelemannen? Er det ein urimeleg tanke? Fant Karl blir tillagt mye av æra for spreiinga av valsen i feledistrikta.

Musikken etter Jehans Knuta vart ført vidare av fleire i Fronsbygdene, ikkje minst var Even Nordlistugun (1876-1955) frå Sør-Fron eit viktig mellomledd. Og Fjellhammer-karane, Redvald (1915-1990) og Hjalmar (1922-2006), vart viktige kjelder for musikken etter han fram til i dag.

«Johannes Knuten» kalla han seg fyrst etter at han flytte enda ein gong, i 1869, til plassen Knuten under Forr i Sør-Fron. Her budde han ein del år, og hadde ved folketeljinga i 1875 ei ku, ei geit og ein gris. Han skulle svara for ei og ei halv tønne bygg og ei halv tønne potet. Tre mindre plassar grensa mot Ringebu på denne tida, Knuten, Enden og Lykkja.

Ved folketeljinga i 1900 er ikkje familien lenger på Knuten. Han måtte enda ein gong på flyttefot, og er registrert som fattiglem og enkemann under Sør-Fron fattigvesen da han døydde i 1904. Jehans Knuta heldt da til på Ringsaker.

Gruvearbeidaren, husmannen, ståtarkongen, kyrkjefyrbøtaren og bygdespelemannen Jehans Knuta er med på å gjera den lokale kulturhistoria vår rikare. Vi veit ingenting om kva han sjølv meinte om akkurat det.  Men fantasien vår kan arbeide med spørsmålet.

Amund Grisibu

I dag blir han berre omtala med etternamnet Grisibu, men alle forstår at dette ikkje er  døypenamnet. Amund kom frå Kvikneskogen mellom Vinstra og Skåbu, og levde frå 1857 til 1927. Han er innskriven som Amund Olsen i kyrkjeboka, og han voks opp på husmannsbruket Kongslienget under garden Kongsli. Han flytte ved slutten av 1890-åra til det vesle bruket han kom til å drive og bu på; det vart heitande «Grisibu» – eit folkeleg oppnamn på ein mindre plass som låg i Skurdalgrenda på Harpefoss. Forklaringa er kanskje denne: husa som stod der var «grisige»,  med andre ord  småe, utette, gistige og i mindre god stand, derfor «Grisibu».Ein av informantane til denne artikkelen meiner å kjenne ordet «grisi»  i tydinga «utett», brukt t d om klede ein kan sjå igjennom. (ikkje hol). «Bu» peikar nok her i retning av småe hus. Den gongen som i dag, var det ikkje uvanleg at folk tok namn etter plassen dei budde på. Bruket låg under Sør Uppigard Skurdal. På bruket var det eit murafjos med låve over, uthus og eit lite stabbur, 7 da og 10 da skog. Alle dei gamle husa på Grisibu er i dag borte, men den tømra delen av stugua er del av ei fiskebu i Vinstervatna.

Amund Grisibu var ein typisk bygdespelemann, og er ei rik kjelde for folkemusikk i dag, både springdansar og runddansmusikk blir spelt med han som tradisjonskjelde. Amund Grisibu var onkel til den kjende spelemannen Even Nordlistugun (1876-1955). Han budde på grensa mellom Ringebu og Sør-Fron i søre Lia. Mor til Even heitte Kari Olsdotter og kom også frå Kongslienget i Nord-Fron. Ho var syster hans Amund, så det er òg grunn til tru at det med åra vart bytt musikk mellom Amund og Even, sjølv om Amund var 17 år eldre. Amund Grisibu, «Grisibuin», hadde lært frå fleire, og vi veit at han var ein del i hop med storspelemannen Iver Engum Storodden (1842-1924) på Nord-Fron. Andre spelemenn  på Amunds samtid var «Skurdalshaugkarein», Hauga-tvillingane, Jakop og Ola, fødde i 1888 og andre, utan at eg går nærare inn på det her.  Amund spelte berre fele, etter det eldre folk kan fortelja. Han vart nytta som spelemann i smålag bortover, og spelte åleine. Etter Amund Grisibu er det att fleire slåttar, særleg gode springdansar, galoppar og fengjande reinlendarar, men etter måten færre slåttar i valse- og masurkatakt. Fleire av dei har raske opp- og nedgangar i melodien, og tre vek er ikkje uvanleg i dansane etter han. Slåttane er velforma og går for å vera gode, med sterk danseappell. Fleire har spelt «Grisibu-leikje»  i ettertid, særleg vart fleire overleverte til Jonas Johansen (1883-1957) på Sør-Fron, far til dei namnspurde brørne Redvald  og Hjalmar Johansen Fjellhammer, og det er særleg desse to som har berga musikken etter «Grisibua» fram til vår tid.

Amund Grisibu gifta seg med ei Anne, eller «Ainne» i tradisjonell språkbruk. Ho var født i 1855. Ungane vart fleire, Olaf f.1884, Ane f.1890, Kristine, Otilje f.1897, Karen f.1895, Aksel f.1892, Anna. Dei andre har eg ikkje funne fødeåret til. Amund dreiv det vesle bruket med eit mindre husdyrhald, nokre kyr og ein plassgris. Attåt var Amund tømrar, «timmermeinn». Å drive som skinnfellmakar auka også utkoma. Han ferda au skorne til folk i grenda. Amund laga reiskap som slea, morkeslea, som folk sa, og «reinnarkjølkje», altså kjelke til å renne seg på. Han må ha vore ein hendt kar. Handlaget hadde nok Amund ikkje minst frå far sin som dreiv som fatsvarvar og rokkemakar og gjorde elles noko av kvart.

Amund var lang og tunn, hengslete av skabelon. I ungdommen hadde han eit raudt, fyldig skjegg og ein tett hårgard. Det er sagt at halsen hans var uvanleg lang, så lang at folk sa han kunne spela to feler samtidig – oppå kvarandre. Han hadde eit kraftig og vakkert mål. Fingrane var smale og lange, gode spelemannsfingrar. Eldre folk kunne fortelja at han hadde eit merkeleg ganglag når han gjekk motbakkane. Han kunne stabbe ein fire-fem steg og stire rett framfor seg nedi bakken for så å glåme rette til vers mot himmelen. «Grisibuin» var god til å fortelja, ja retteleg god i ord, og ofte når han hadde fortalt ei rispe, kunne han stryke seg over andletet, dra seg sjølv i skjegget og filosofisk leggje til: «Ja, det é ondelé!» Utstyrt med eit godt humør, var han ein god og hjelpsam nabo.

Amund Grisibu slutta nokså tidleg å spela fele, og det er ingen som lever i dag som kan fortelja korleis han spelte. Grunnen til at han la fela til sides, låg kanskje i ei religiøs vekking, og særleg kjerringa hans gjekk for å vera djupt religiøs, «skakke på hugu», som det vart sagt. Felespelet og ikkje minst for det som kunne følgje med spelemannslivet  vart sett på med ublide augo av somme. I dag er felemusikken å høre i kyrkjene ved sorg og i gledesstunder. Det fortener både musikken og vi alle.

Kjelder

Pål Kluften: artikkel i Arbeidermagasinet, 1933

Folketeljingane i 1865, 1875,1900.Kyrkjebøker.

Statsarkivet, Hamar. Folkemusikkarkivet for Sør-Gudbrandsdalen

Samtale med Arve Skurdal og Erling Skurdal.

0 Comments

Submit a Comment