Spelmannen Arne Risdal til minne

by | 9. apr 2015 | Biografiar, Musikk | 0 comments

Arne Risdal

Arne Risdal

ROGER SLÅSTUEN OG RASMUS STAURI: Arne Risdal døydde på Sundheim 31. mars, vel 92 år gamal. Han var spelmannsnestoren i Midt-Gudbrandsdalen, og folkemusikkmiljøet i Gudbrandsdalen har med Arne Risdals bortgang mista ein sentral person. Han var aktiv på så mange område for å ta vare på og føre vidare kultur- og musikkarven i dalen. Han brukte fela fram til dei siste åra, og interessa for og gleda over all musikk og kunst hadde han fram til siste dag.

Arne Risdal som konfirmant i Skåbu i 1938. Fremst frå venstre: Jens Sæther, Arne Risdal, Trygve Veslum, Håkon Hage med Kari Hernæs på fanget, Ola Grosberghaugen. I midten: Ivar Berget og Ivar Kappelslåen. Bak frå venstre: Olga Syverhuset (Smikop), Kristine Været (Smikop), Bertha Kampeseter (Kristiansen), Maria Blekastad (Slåen), Astrid Sande (Steine), Camilla Andresen, Gudrun Askheim, Kristine Heide (Risdal) og Signe Øvre Fosse (Tårud). Bildet er tatt nord for skulehuset i Skåbu

Arne Risdal som konfirmant i Skåbu i 1938. Fremst frå venstre: Jens Sæther, Arne Risdal, Trygve Veslum, Håkon Hage med Kari Hernæs på fanget, Ola Grosberghaugen. I midten: Ivar Berget og Ivar Kappelslåen. Bak frå venstre: Olga Syverhuset (Smikop), Kristine Været (Smikop), Bertha Kampeseter (Kristiansen), Maria Blekastad (Slåen), Astrid Sande (Steine), Camilla Andresen, Gudrun Askheim, Kristine Heide (Risdal) og Signe Øvre Fosse (Tårud). Bildet er tatt nord for skulehuset i Skåbu

Arne Risdal var fødd 10. februar 1923. Sjølv fekk han i tidlege ungdomsår interesse for folkemusikken vår frå spelemannen Torger Iverstugun i Skåbu, enda det i den tid ikkje fanst systematisk opplæring. Det gjekk på vågen og visken. Arne heldt derimot interessa ved lag og dyrka solospelet gjennom heile livet langt opp i høg alder. Han var også deltakar i lagspel og leiar i fleire spelemannslag, men ikkje minst var han ein viktig vidareformidlar, inspirator og læremeister for mange ungdomar. Han naut stor respekt.

Som utøvar spelte han både tradisjonell folkemusikk og runddansslåttar i mange samanhengar. Han var i si tid ein ivrig kappleikdeltakar og hevda seg godt, ikkje minst gjennom eigne komposisjonar. Arne var med og vann Landskappleiken i lagspel og Nordisk mesterskap i Sälen som 88-åring. Arne Risdal spelte i NRK fleire gonger, og han gledde mange gjennom mykje dansespel i fleire år.

Gamle Fron spelemannslag i 1972. Frå venstre: Harald Haug (Vågå), Arne Vangen (Harpefoss), Ragnar Fosse (Skåbu), Paul Brenna (Ruste), Paul Brenden (Skåbu), Terje Bronken (Vågå), Ola Morken (Ruste), Arne Risdal (Skåbu), Iver Fosse (Skåbu) og i midten fremst, Hans Petter Kleiven (Vinstra). Bildet er teke utanfor Vinstra vidaregåande, truleg i samband Peer Gynt-stemnet. Dette året var det ingen aktivitet i Vågå spelemannslag, og det var derfor Harald Haug var med.

Gamle Fron spelemannslag i 1972. Frå venstre: Harald Haug (Vågå), Arne Vangen (Harpefoss), Ragnar Fosse (Skåbu), Paul Brenna (Ruste), Paul Brenden (Skåbu), Terje Bronken (Vågå), Ola Morken (Ruste), Arne Risdal (Skåbu), Iver Fosse (Skåbu) og i midten fremst, Hans Petter Kleiven (Vinstra). Bildet er teke utanfor Vinstra vidaregåande, truleg i samband Peer Gynt-stemnet. Dette året var det ingen aktivitet i Vågå spelemannslag, og det var derfor Harald Haug var med.

Arne Risdal gjorde opptakta til og var drivkrafta bak Skåbu spelemannslag i 1958 – det fyrste i bygda. Han var ei årrekkje musikalsk leiar i laget. Han var også ein av drivkreftene da Fron spelemannslag vart stifta i 1964, og han var musikalsk leiar av Skåbu-Espedal spelemannslag.

Øvertun 1976. Fremst sit leiarane Arne Risdal (til venstre) og Anton Amundgard. Bak frå venstre: Erik Bjørke, Arne Listad, Ola Listad, Øystein Skotte, Jon Håvard Brandvol, Kristin Veskje og Liv Jorunn Korstad. Året etter vart Sør-Fron juniorspelemannslag stifta. Seinare begynte Anton Amundgard med feleopplæring både på Harpefoss, Heidal og Sel. Arne Risdal heldt også kurs på Vinstra, sette i gang opplæring i heimbygda Skåbu i 1981, og hjalp seinare til med opplæring i Heidal. Skåbyggingane og heidølane slo seg saman i 2008, og er i dag grunnstamma i Mukampen spelemannslag. Dei kan tilmed kalle seg nordisk meister i folkemusikk.

Rekrutteringa til folkemusikken i Midt-Gudbrandsdalen, som i andre distrikt, har kvilt på eldsjeler. Arne Risdal var ei slik eldsjel. Han tok til med elevar i Skåbu, men ikkje minst vil innsatsen hans saman med spelmannen Anton Amundgard i Sør-Fron bli hugsa.

I 1981 gav Sør-Fron juniorspelemannslag ut kassetten «Slik læt det på Fron.» Anton Amundgård og Arne Risdal bak.

I 1974 tok dette arbeidet til – med barn og ungdom ned i 8-9-årsalder, og stamma for Sør-Fron spelemannslag vart her lagt. Opplæringsarbeidet hans strekte seg frå tidleg 1970-tal og i fleire år framover. Han kjørte frå Skåbu til Sør-Fron opptil tre gonger i veka. Han dreiv opplæring i Skåbu, på Vinstra, på Sør-Fron og i Heidal. Han interesserte seg for opplæring lenge før ordet kommunal musikkskule vart vanleg kjent.

Frå feleopplæringa på Sør-Fron. Dette er henta frå ein Peer Gynt-kappleik på Vinstra (Vinstra vidaregåande skule) på slutten av 1970-talet. Frå venstre: Tore Listad, Øystein Rudi, Arne Risdal (leiar), Morten Hvattum og Svein Sletten. Foto: Oddmar Myrum.

sørfronspelemansslag

Arne var ein stille, logn og klok kar som hadde tolmodet og viljen for å få fram talenta og dei gode resultata. Han var til uvurderleg hjelp, støtte og inspirasjon for så mange, og han arbeidde idealistisk. Vi har ikkje tal på kor mange han har undervist. Mange har mykje å takke han for.

Arne Risdal var god å gripe til ved ulike lokalkulturelle tilstelningar. Vi kan nemne Per Gynt-stemnet på Vinstra, der han var mellom dei mest trufaste til å støtte den lokale folkemusikken, men også på ymse bygdekveldar og andre arrangement.

Dei som har levd ei stund, vil hugse han frå ein Per Gynt-kveld tidleg på 1970-talet, der han i stram dølabunad spelte «Liv i dalom» av Anton Berge frå Nord-Fron. Ein fullsett aula på Gudbrandsdal gymnas, som skulen heitte den gongen, gledde seg over det han framførte. Klingande reint i posisjon med dansetakt og driv med pianoakkompagnement. Vi vil hugse den reine, klåre og varme tonen i fela hans. Han spelte i tallause bryllup, men også med orgelfølgje i gravferder. Heldigvis fekk han spelt inn og fortalt mykje til Folkemusikkarkivet for Sør-Gudbrandsdalen på Hundorp.

Arne Risdal og Ola Eggen (t.h.) avdukar Iverstugu-bautaen i Skåbu i 2008.

Han la ned eit stort arbeid for å halde minnet om spelemannen Torger Iverstugun levande. Han tok vare på noteoppskrifter i tillegg til å skrive ned lokal musikk sjølv. «Kringsjåvalsen», som fekk namnet sitt etter heimen han og Marit bygde opp i Skåbu, er ein av dei valsane vi gjerne framfører. Han var i det heile svært godt kjent med stoffet og tradisjonen med ein personalkunnskap som kom miljøet til gode. Hans eigne slåttar, tufta på gammal rot, er i dag fine tilskot til tradisjonsmusikken vår. Særleg hadde hans sans for det lyriske i slåttespelet, og han komponerte fleire slike, gjerne på mindre brukte felestille. I tillegg var han ein svært god forteljar med velutvikla sans for den gode replikken og humoren i dalen. Svært god. Han kunne mykje, ikkje minst om miljløet og om ulike spelmenn og var ein viktig tradisjonsberar også på den måten. I det heile likte han å skape og forme. Derfor dreiv han sitt eige sagbruk, og han bygde fleire tømmerhus og var alltid god å spørja om råd.

Klagar du livet for gråe dagar
umetta magar
sorger og sår?
Verst er å gå frå usådd åker
og ufødd vår.

skriv Tor Jonsson. Arne Risdal var mellom dei som slapp unna det. Ei god støtte og hjelp fekk han frå si kjære Marit, og tankane våre går til henne og familien som har mista ein stø, god, trygg ektemann og far – ein å stole på. Han var ein kar, og minnet om han vil leva. Lenge.

 

0 Comments

Submit a Comment