Starten var beskjeden nok

Kvam musikkforening 1956, Første rekke fra venstre: Birger Kjos, Asbjørn Jakobsen, Ragnvald Gundersen, Nils Ressummoen, Ola Moen. Annen rekke fra venstre: Ola Sigstad, Tor Aspeslåen, Arne Steine, Birger Stormorken, Amund Røssum, Kjell Søndenfor. Tredje rekke fra venstre: Arne Randen, Olaf Lunde, Hans Fredriksen, Ola Bjørgen, Mathias Dahl, Ingmann Lien. Fotograf ukjent.

Kvam Musikkforening kom i gang den 6. november 1925. Det var lærer Tor Mohn som gjorde opptaket, og som i 20 år tok det tyngste arbeidet i foreninga. Han var i heile denne tida dirigent og instruktør. Det var berre 7 medlemar til å begynne med, og dei fortener å bli nemnt: Tor Mohn (dirigent), Svein Berg, Torbjørn Kjørum, Ola A. Røssum, Johan Søndenfor, Pål Dahl, Olaf Stormorken. Seinare på vinteren vart Ingmann Krogh med. Den fyrste formannen var Olaf Stormorken. Starten var, som ein ser, beskjeden nok. Instrumenta var brukte. Men alt etter 2 månaders øving på Kvam skule var resultatet sopass at foreninga kunne opptre offentleg. Fyrste konserten var i Kvam ungdomshus den 3. januar 1926.

Etter kvart kom nye blåsarar og nye instrument til, og foreninga hadde jamn og god framgang. I 1929 var den med på musikkstemna i Ringebu, og året etter, den 22. juni skipa foreninga sjølv til musikkstemne i Kvam. Seinare har Kvam musikkforening havt stemna i Gudbrandsdalens Musikkforbund i 1937 og i 1944.

Foreninga gjekk godt like til Tor Mohn reiste frå bygda hausten 1945. Han hadde då fått fram eit bra korps med 24 medlemar.

Sidan har arbeidet gått noko tyngre. Fleire av dei eldre, solide blåsarane har gått ut og rekrutteringa har vore vanskeleg.

For tia ser det ut til å rette seg opp att smått om senn. Medlemstalet auker, og er nå oppe i 19. Foreninga har fått bra øvingsrom på Kvam skule. Dirigent er Ragnvald Gundersen. Han har gjort mykje for å halde foreninga i gang dei siste 10 åra, og det ser ut til at han greier å få lasset over kneika. Det er bra interesse for musikk i bygda. Soleis er det nyleg skipa eit støttelag av musikkvener og gamle medlemar.

Med i styret er nå: Ola O. Røssum, formann, Olaf Lunde, Birger Kjos og Asbjørn Jacobsen.

 

MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956

 

0 Comments

Submit a Comment