Større vingefang enn nokon gong

by | 10. okt 2019 | Informasjon | 0 comments

Vel møtt til lanseringa av Fronsbygdin 2019

gymsalen

Her er det klart for Fronsbygdin 2019 torsdag 24. oktober kl 19.

I år har Fronsbygdin truleg større vingefang enn nokon gong. Frå skihopp til sykebesøk med dans, frå togtur til siste hestetur, frå ei hytte som ligg feil til sjukekassa i Nord-Fron. Alt dette blir lansert på Dale-Gudbrands gard torsdag 24. oktober kl 19. Og det blir ein kulturkveld! Ringebukvartetten speler, Odd Jan Skiubakken fortel om motstandsmannen Hans Skriubakken, Gard Espeland dansar seg gjennom alle artiklane i boka, og Rasmus Stauri leiar lanseringa. Kaffi og biteti blir det ôg.

ringebukvartetten

Ringebukvartetten byr på musikk for nokon og kvar

0 Comments

Submit a Comment