Utdrag frå intervju med Torger Nordre Risdal nedskriven av Sigmund Hernæs, truleg ein gong på 1960-talet. Utdraget er gjengjeve slik det er nedskrive. Bilda er ikkje av dei våpna som er nemnd i teksta.

– Når kom dei første børsene til Skåbu?
– Ja, dei aller første børsene, det veit ikkje eg, men eg har ei historie om at det var Tord Risdal og han Iver Kvåla, bror hans, var i Heidalen og fekk meistersmeden, han Per Langrusten, til å laga seg hår si flintlåsrifle, og det skulle vere rundt 1750.
– Og det skulle vere dei eldste det da?
– Så vidt eg veit så har vi ikkje noko eldre enn flintlås. Vi har luntelås da veit du, men eg har ikkje sett nokon frå oppi her. Så dei var nok ikkje mykje brukt. Dei brukte vel boge og pil til flintelåsbørsene kom. Ein kan ta slik som hjullås. Det var ein eldre flintlåsmodell, men det ser ut som det er så lite av desse flintlåsriflun som er funne att, så kanskje den alminnelege flintelåsbørsa kom direkte inn i landet med ein gong.
– Finst det flintelåsbørser i Skåbu?
– Ja, eg har ei, og da denne Tord Risdal og Iver Kvålen skulle få seg børser, så var avtala at han Per Langrusten skulle få den første elgen dei skaut. Og dei var ikkje komne lenger enn fram på Murudalen før dei fekk sjå ein og skaut han. Dei var ikkje lenger komne enn at dei frakta elgen attende med ein gong, og så var børsene betalt. I Slåen er det att ei Langrustenrifle.
– Dei brukte flint da?
– Den som er i Risdal er der den dag i dag. Eg har hørt at det skal vere att ei i Slåen. Dei brukte flint. Det var liksom eit hakk i hanen på børsa. Der var det isett eit flintestykke, denne gjekk nedpå ein jønnkant, og så var det ei fordjupning som dei kalla fengpanna der dei la krutet. Så fell gneistrar ned på krutet som låg inni laupet. Først stakk ein med ein ladestokk, eller latein, ein tvistdott, så krutet, derpå ein tvistdott att og så kula. Det var plass åt lateinen under laupet.

– Det måtte vere vanskeleg viss det var regnvær.
– Ja, det gjaldt å halde krutet turt. Dei hadde kruttet i kruthorn. Dei brukte som regel kuhorn som dei pressa i saman så dei vart flate. Dei hadde da ein topp i denne der dei fylte på krutet frå, så hadde dei ihopbundi med hornet ein kulepung der dei hadde dei støypte blykulene. Så hadde dei og krutmål så dei skulle sjå kor mykje krut dei skulle ha nedi.
– Denne pungen var vel av skinn?
– Ja, han var av skinn ja, og dette krutmålet kunne ofte vere av messing. Dei hadde nokre teng som dei støypte kulene i. Dei smelte nedi bly og kulene vart runde.
– Det er sagt at i Megarden skal det ha vore ei børse etter falkfangere. Det heiter Falkfangerfjellet den dag i dag ovanfor Kvålssetra. Det skulle vere morosamt og grava der oppe. Ein kunne kanskje finne tomt etter hytte eller inkort som dei har mist med dei heldt til der. Men eg har aldri høyrt at det har vore undersøkt. Dei hadde med seg ei lokkedue. Dei hadde ein stolpe i jorda og til den var denne lokkedua bunde. Ovanfor var det ei hætte dei kunne dra ned over falken med ei snor som gjekk inn i hytta.
– Veit dei kor gamal Kvålssetra er?
– Ja, det var Torger Kvåla som bygde ho. Ho er nok frå 1720–30. Det var ikkje sikkert setra var oppkomi da det dreiv falkfangere der. Denne børse etter dei var på Kvåla først. Det var på ein auksjon i Kvåla at han Erland Megarden fekk tak ti ho. – Og det var altså flintelåsbørse.
– Ja, det var det.


– Dei neste eldste børsene etter dei da?
– På dei neste kom det fenghette i staden for flintelås. I staden for å bruke flintelåsen og fengpanna, så hadde dei som ein pigg som gjekk frå laupet, og han var hol inni, og der sette dei fenghetta, og slo hanen nedpå og så gneistra det inn i kruttet. Det var nokså stor forbetring, fordi det var ikkje så farleg for at kruttet vart vått da, ser du. Men det vart ikkje snøggare å lø tå di. Det vart nå ikkje betre før kammerladningen kom. Det var nå det første da. Det var ein hevarm som dei heva opp da, og så hadde dei papirpatrone. Det var vel omkring 1860 eller noko slikt.
Det ligg ei gammal børse her som høyrer nedre Fosse til. Han Gunnar Heide lånte ho ein gong det skulle vere skodespel borte på Huset. Ho vart ikkje levert att og vi fann ho oppe på loftet. Jau, det er sikkert ei himgjord flintelåsbørse.
– Det var ei trøst at fienden hadde same våpenet så det var like seint for alle. Og det var ikkje spøk viss ein bomma på bjørnen så han vart skoten førderva og kom farande mot ein. Det kunne vere livet om å gjera. Det er sagt at det var dei som heldt på og lødd med dei flaug.
– Er det mange gamle børser i Skåbu?
– Ikkje så mange nå, for under krigen var det bestemt at børsene skulle leverast til tyskerne. Somme var så dumme at dei gjorde det, og fekk ikkje sjå dei att, og somme gøymde dei slik at dei tok skade av det.
– Det var ikkje alle som gav bort børsene sine vel?
– Nei, Ragnar Fosse spikra si fast under spiltauet borti Hølssetra. Men så vart det skoten ein tysker borti Valdres og dei som gjorde det, truleg av heimefronten, flykta innover mot fjellet her. Da kom det to lastebilar fulle av tyskerar innover her, og dei kom til Høl og, men heldigvis så fekk dei ikkje auga på børsa hans Ragnar. Han Olaf Granslåen fekk slengt att stalldøra.
![]()

0 Comments