CARL HENRIK GRØNDAHL: Godt nytt år frå Fron historielag! Her er ti-på-topp-lista over dei meste lesne artiklane på denne heimesida i 2017. Fiskebilen til John Lereggen er på topp med 1802 lesarar. Dernest kjem Hans Odenruds artikkel om Erling Rolstad, Den fyrste som etablerte seg på Lomoen med 1777 lesarar. Og så på tredje: Utdrag frå Kari Bay Haugens forteljing om korleis det var å kome som ung, ny kjerring på ein gamal gard. 1350 lesarar.
Etter ønskje frå styret i historielaget har det vore lågare aktivitet på denne heimesida i 2017. Berre 68 nye postar mot 153 i 2016. Det gir ôg mindre trafikk: 94 810 klikk i 2017 mot 131 6733 i 2016. Til samanlikning hadde den mest lesne artikkelen i 2016, nekrologen over Per Ottesen, 3452 lesarar. Bortimot dobbelt så mange som toppen i år.
Men det ligg nå i alt 944 innlegg på denne heimesida, og det er jamn trafikk frå folk som finn noko dei søkjer etter. Sidan starten i april 2013 har det vore 584 246 klikk på sida.
0 Comments