Nedlegginga av slakteriet på Otta trakk flest lesarar
Gode nyttårsønske frå oss i Fron historielag! Det har vore eit triveleg og aktivt år på denne heimesida. 117 innlegg publisert. 20 fleire enn i fjor. Over 97 000 klikk frå over 50 000 lesarar, litt meir enn i fjor. Siden starten i april 2013 har det til nå vore 777 973 klikk på denne heimesida. Nedlegginga av slakteriet på Otta var den saka som trakk flest lesarar med historia om Iver Lo og kampen for slakterisamvirket. 3680 las det innlegget. Historia om at Vis-Knut spådde rett nådde høgt opp i år ôg: 1829 lesarar. Nesten 5000 har lese ho sidan ho vart publisert her i januar 2014. På kartet under – som syner kor dei held til, dei som klikkar seg inn på heimesida til Fron historielag – kan ein sjå er det er litt tynt med frøningar i Sentral-Afrika, Midt-Austen og på Grønland, men både Cuba, Saudia-Arabia og Indonesia er med. Takk for laget og vel møtt i 2020!
Facebook-sida til historielaget har nå 3278 følgjarar. Flest, 16%, i gruppa kvinner mellom 45 og 54 år. Men også i gruppa 13 til 24 år er det nærare 100 følgjarar. Dei fleste bur i Fron, men historielaget har vener også i Singapore og Australia.
0 Comments